MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “august, 2020”

Corona og ansvar for eigne handlingar

 Kanskje det burde vere eit opptakskrav til høgare studier at søkar skal vere vaksen nok til å ta ansvar for eigne handlingar, og ha evne til å forstå at eigne handlingar kan skade andre enn dei sjølve, og i verste fall føre til at andre dør?

Medan coronatilfella aukar er det fleire som tek til orde for at dei ikkje kan stillast til ansvar for korleis dei oppfører seg. Alt er nokre andre sitt ansvar, påstår dei. Det er regjeringa og statsministeren sin feil at coronatilfella aukar. Ikkje legg ansvaret på oss, seier dei, vi gjer som vi vil.

Kva er det eigentleg folk ikkje forstod då statsministeren sa at vi opnar grensene litt for ikkje å kvele norsk næringsliv – spesielt turistnæringa? Kva var det dei ikkje forstod då ho sa at unødvendige reiser ikkje er tilrådd, og at alle som reiser, trass råda, har eit ansvar sjølve for ikkje å føre smitte tilbake til landet? Korleis klarte somme å oppfatte det regjeringa sa slik at dei kan gjere som dei vil – og dersom det ikkje går bra så kan vi uansett skulde på regjeringa?

Kanskje var råda litt uklare for dei som på førehand hadde bestemt seg for at dei ville gjere slik dei sjølve ville, utan å ta til fyljge råd om å ikkje reise med omsyn til dei av oss i samfunnet som ikkje toler corona så godt. Kanskje var Erna Solberg litt naiv då ho forsiktig opna grensene – kanskje var ho litt naiv om ho trudde folk tenkte så mykje på oss som ikkje toler corona at dei lytta til råd om ikkje å reise?

I det siste er det ungdommar som har stått fram i media og fråskrive medungdommar ansvar for smitten som har komme i kjølvatnet av festing og fadderarrangement. Alt er Erna Solberg og regjeringa sin feil. Regjeringa som altså sa at vi ikkje bør reise utanlands. Og sidan det er regjeringa sin feil har dei halde fram med festlegheitar som er stikk i strid med alle råd og alle påbud når det gjeld smittevern, og som i tillegg bryt lover om ro og orden. Det er trist å lese meldingar på twitter om fire faddergrupper som danna femten meter kø i daglegvarebutikk, og at dei møtte redde turistar i butikken med hånlatter. Det er trist å høyre ungdommar som på alvor meinar ungdom er den største tapargruppa i coronaens tid. Er dei faktisk ikkje i stand til å setje seg inn i korleis eldre har hatt det siste halvåret? Det er isåfall skremmande.

For all del; ungdommar flest er lojale til smittevernråd og har respekt for at andre ikkje toler pandemien like vel som dei toler han sjølve. Dei fleste ungdommar er i stand til å setje seg inn i korleis andre har det. Men dei som står fram i media, enten det er i kronikkar i osloaviser, eller det er som fylkestingsrepresentant for Ap i lesarbrev i lokalavisa (Sogn Avis 20.8.), og fråskriv ungdom alt ansvar for smittespreiing som skjer når dei ikkje fylgjer smittevernråd, dei oppfører seg som bortskjemte tiåringar. Kanskje har dei gjort det heile livet? Kanskje det burde vere eit opptakskrav til høgare studier at søkar skal vere vaksen nok til å ta ansvar for eigne handlingar, og ha evne til å forstå at eigne handlingar kan skade andre enn dei sjølve, og i verste fall føre til at andre dør?

Johannes Eggen Mundal, diabetikar. I faresona, men ikkje redd.

Vy. Fy!

For litt sidan brukte NSB enorme konsulenthonorar på å late seg manipulere til å tru at det var lønnsamt å endre namn til Vy. Fy, kor lettmanipulerte norske leiarar kan være!

Vy. FY!

For litt sidan overtok dette nye Vy ekspressbussane her i fylket. Før dei overtok kosta det 37 kroner for eit barn å ta bussen frå Fjærland til Sogndal. Med forhåndsbetalt verdikort fekk du i tillegg 40 prosent rabatt. Altså ein barnebillett til omlag 23 kroner. No kostar det 90 kroner for eit barn under 16 år å ta bussen frå Fjærland til Sogndal, og like mykje tilbake. Det er ei firdobling i prisen for barn som reiser mykje. FY! Og verdikortet som gir 40 prosent gjeld ikkje meir. Kanskje på Kringom-bussane, men i alle fall ikkje på Vy. Fy!

Før Fy tok over bussruter her i fylket kunne ungdommar 16-18 kjøpe ungdomskort på kvar buss som stoppa i Fjærland. Det kosta 365 kroner for 30 dagar. Men ungdomskort kan du ikkje kjøpe på alle bussane meir. Berre på Kringom-bussane, ikkje på Vy. Fy! For dersom ungdomskortet har gått ut, så må du først betale 90, av og til 99 kroner, for å komme deg til Sogndal, og så kan du finne ein Kringom-buss og kjøpe eit ungdomskort for 370 kroner. I praksis kostar då ungdomskortet no 460 kroner dersom du står i Fjærland og ventar på bussen. I alle fall dersom bussen som kjem er frå Vy. Fy!

Rett nok gjeld ungdomskortet på Vy, sjølv om du ikkje kan kjøpe det på Fy. Men det gjeld berre dersom du klarar å ta vare på ein bitteliten kvittering. For Vy har ikkje eit datasystem som taklar ungdomskortet. Så du må må vise kvittering for at du har fylt på ungdomskortet. Dei klarar ikkje lese verdikortet heller. Rabattar for folk som reiser mykje kollektivt gjeld ikkje meir. I alle fall ikkje på Vy. Fy!

Eg høyrde Trude Brosvik, som sit i det nye Sogn og Fjordane/Hordaland-fylkestinget Vestland på Vestlandet. Ho sa at no skal dei ordne det slik at kollektivtilbodet blir like bra i Sogn og Fjordane som det var i Vestland før. Eg har gjort alt eg kan for å komme i kontakt med Brosvik, både via sosiale medier og via telefon, og har sagt kva det var eg ville ta opp. Men ho svarar meg ikkje. Det er vel uansett ikkje ho som bestemmer. Den makta har ho vel gitt til statlege Vy. Fy!

I alle fall vil det koste meg og barna 800 kroner å reise tur-retur Fjærland – Sogndal med buss. Ein skal stå lenge parkert i Sogndal dersom det ikkje skulle lønne seg å køyre sjølv. Har Covid-219 fått klimatiltak heilt ut av politikarane og Vy sine hovud? Vyer for framtida liksom? Fy.

Post Navigation