MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the category “Kvardagsliv / Mundal”

Når hjorten kjem inn og stel mat…

Eg skulle køyre rundballar til både sauefjøsen og samdriftsfjøsen i dag. Først køyrde eg ein rundball inn i fôrrommet til sauene. Så køyrde eg rundballar til samdriftsfjøsen. Og til slutt henta eg den andre rundballen til sauene. Då eg skulle rygge inn i fôrrommet møtte eg denne karen her:

Eg begynner å kjenne han no. Etter å ha kjempa med han fleire vintrar i ein slags leik, der eg prøver å stenge han ute frå fôrrommet, og han prøver å bryte seg inn. For det meste vinn eg. Men av og til vinn han. Og det brukar vere lett å oppdage når han har vore der. Han legg alltid att spor. Spor i snøen utanfor. Litt hår etter han har klatra over eller gjennom sperringar. Ein morgon for nokre år sidan låg geviret hans igjen attmed rundballen.

Denne vinteren har han vore meir pågåande enn nokon gong før. Denne vinteren har hjorten generelt vore meir pågåande enn nokon gong før. Eg veit ikkje korfor, men svoltne er dei. Og det å møte hjort heilt inne på gardstunet på kveld og morgon skjer dagleg. Dei stive stråa i fôret som sauene ikkje et opp blir kasta ut fjøsdøra. Og hjorten er der før det er mørkt om kvelden og et opp det sauene ikkje vil ha. Men han karen eg møtte i dag nøyer seg ikkje med restar etter sauene. Og no stod han altså og åt på rundballen eg akkurat hadde henta til sauene. Klokka kvart over eitt om dagen.

Sjå video av bukken på facebook-gruppa Mann med greip her!

Eg har aldri vore så nær han som i dag. Då eg oppdaga han i fôrrommet gjekk eg ut av traktoren og inn til han. Så oppdaga eg at eg ikkje hadde telefonen med meg. Eg tok sjansen på at han ikkje stakk sin veg, og gjekk inn og henta mobilen. Då eg kom tilbake til fôrrommet stod han der framleis. Eg prata med han og tok både bilde og video av han. På det næraste var avstanden mellom oss mindre enn to meter. Her er nokre av bilda eg tok.

Er det nokon som kan fortelje meg kor gamal han er?

NRK Sogn og Fjordane har laga sak på dette blogginnlegget. 

Les også: Kva hjorten og folk flest ikkje veit

Advertisements

50 er berre eit tal i eit eventyr

Kvart menneske er eit eventyr som ikkje er skrive enno – bli ditt eige eventyr, skreiv Anne Marthe Kvale i ein ’takketale’ til Sogndals-bygda publisert i Sogn Avis ein laurdag i desember i fjor. Sitatet passar best på eit ufødd barn som ikkje blir abortert. Eg har skrive om sitatet til å passe for menneske som er ferdig fødde og halvvegs levde: Kvart menneske er eit eventyr som ikkje er fullført enno. Bli i det eventyret heilt til det tek slutt. Og når eventyret er slutt spelar det lita rolle for deg om det blir fortalt om att eller ikkje. Det vil du aldri få vite. Men dei beste delene av eventyret vil bli fortalt vidare etter det er slutt. Særleg i gravferda.

I eventyr er det somme tal som går att. 3 og 7 er nøklar i norske eventyr. I eit menneske sitt liv er det også tal. Mange tal. Nokre av dei går att, andre går forbi. Nokre er viktigare – særleg datoar sett saman av tal som ikkje gjeld berre deg sjølv. Til dømes dato(ar) forloving(ar), bryllup og fødslar.

50 er berre eit tal for meg. Det er halvparten av 100. Ifylgje wordpress er dette blogginnlegg nummer 100 på denne bloggen. Det er eit rundt tal. Men ikkje eit stort tal i bloggsamanheng. Eg har ikkje halde statistikk på blogginnlegga mine. Tekstane på den gamle bloggen til Sogn Avis forsvann då bloggen blei lagt ned. Om ein reknar med andre blogginnlegg på bloggar før https://wordpress.com/view/mannmedgreip.wordpress.com så er det liten sjanse for at talet blir like rundt som 100. Men 100 er berre eit tal. Det er 50 også. For alle norske mediefolk som manglar talforståing så er 50 halvparten av 100. 500 er forresten halvparten av 1000. Lat det bli med det. Vi lever i 2018, ikkje i tusenårsriket. Slik sett er 50 eit bra tal. Ikkje så høgt at vi tek av oss hatten når vi møter det, men høgt nok til å bere den hatten vi har så godt vi klarar. Helst ein hatt om gongen. Det tek seg best ut. Sjølv om vi er i vårt eige eventyr.

Dagen i dag er berre ein dato. Ein dato med mange hendingar og jubileum. For 50 år sidan, i 1968, landa romfartøyet Surveyor 7 på månen, og folk lytta til Hello Goodbye av The Beatles. 9. januar 2018 er folk stort sett på Facebook og fortel kor vellukka eventyr liva deira er. Dei som prøver å fortelje noko anna enn suksess på Facebook i dag er ikkje som andre. På Twitter skriv folk om kor lite velluka Trond Giske er. Om du lever eit vellukka eller eit ærleg liv på Facebook så er det verkelege livet eventyret om deg sjølv. Eg ynskjer alle ein god slutt på sitt eventyr.

Året veg det det veg

Eit år kan vere tungt, og eit år kan vere lett. Men du kan ikkje måle det på ei vekt. Då eg var  eit lite barn var åra lette å bere. Og slik skal det helst vera. Men i livet møter alle år som er tunge å bera. Slike år kan knekke eit menneske. Men dei fleste klarar å bere tunge år, og blir sterkare av dei.

Nå eg ser på blogginnlegg og Innhogg eg har skrive rundt nyår så ser eg mine eigne ord om tunge og lettare år. Då 2015 såvidt var slutt sette eg meg ned for å skrive eit Innhogg til Sogn Avis. Då skreiv eg at «skal eg vere ærleg, var ikkje 2015 mitt beste år«. Det var sjølvsagt inga overdriving. Slikt skal ein ikkje overdrive. 2015 var eit tungt år.

I 2017 har eg vore meir open om ting som har vore tunge. Det kjem særleg til uttrykk i eit Innhogg i mai, Verste sort mobbing, der eg uttrykker at eg har godtek at eg ikkje kan gjere noko med dei som seier dei hatar meg. Det var ein tekst som uttrykte optimisme. Og det var like ærleg meint som då eg skreiv at 2015 ikkje var mitt beste år (og eigentleg meinte at det kanskje var mitt verste, mitt tyngste, år).

Så er det ikkje alltid like lett om hausten som det er om våren. Når det blir mørkare kjem også dei tunge tankane igjen. Då går ein lettare inn i grubling over korfor mange meinar du er ein vond person. I 2017 torde eg å skrive om det også. Om at nokre har sagt at ingen likar slike som meg. Ingen likar den mannen.

2018

Eit år veg det det veg. Om 2017 var tungt, men du klarte å bere det, då har du vorte sterkare, og då er du godt rusta for 2018. Då er du kanskje betre rusta enn dei som hadde eit lett år 2017. Uansett ynskjer eg deg alt det beste for 2018. Ver sterk! Ikkje gi dei som meinar du er vond rett!

Les også Landet som hadde gløymt kva jula var, publisert 30.12 i Sogn Avis og her på bloggen.

Ingen likar den mannen

For ein del år sidan fekk eg høyre om ein person så stygg at eg aldri har høyrt nokon blitt omtalt som så tvers gjennom vond før. Ikkje berre var mannen vond, han var både dum og løgnaktig også. Ingen likar den mannen, fekk eg høyre. Ingen vil ha noko med han å gjere. Og slik han blei omtalt var det lett å forstå at ingen ville ha noko med ein slik mann å gjere. Ingen vil ha noko med vondskapen å gjere.

Den mannen har eg kjent heile livet. Og eg veit at han er følsom og blir lett lei seg. Viss folk ikkje likar han, då blir han lei seg. Når folk snur seg bort når han helser på dei, då blir han også lei seg. Men slikt kan ein ikkje skrive om på Facebook. Og slikt kan ein ikkje snakke om heller, seier mannen, særleg ikkje i jula. Då skal alle vere vener. Og han har ikkje lyst å øydeleggje den førestillinga om at alle er vener. Sjølv så vond folk meiner han er.

I dag er det 21. desember – årets mørkaste dag. Alle seier at frå i dag av går det mot lysare tider. Mannen eg kjenner håpar at kommande lysare tider blir bra for alle. Men han veit av erfaring at somme går på sjukmeldingar og medisinering for å klare seg gjennom mørke tider. Slik er det berre. Sjølv om ikkje alle veit at det er slik.

Han vil ikkje klandre nokon. Dersom somme har eit bilde av han som stygg og vond, så veit han at han sjølv kan ha bidrege til det bildet. Men han meiner likevel det er eit urettvist bilde. Og han veit at han eigentleg har det ganske bra, bortsett frå i dei mørkaste krokane. Og dei eksisterer kanskje mest inne i han sjølv. Det er mange som har det verkeleg vondt i sine mørke krokar. Det er inga trøyst. Men det set ting i perspektiv. Det perspektivet burde alle sett. Ikkje berre dei som meinar han er som vondskapen sjølv.

monsanto-roundup1

Den vondskapen dei snakka om var forresten meg.

Bønder er ikkje vanlege folk

nationen10012017

Eg høyrde på NRK Dagsnytt onsdag denne veka at det var mange som hadde reist til Oslo for å demonstrere mot Helgesen sitt vedtak om felling av ulv. Blant demonstantane var det både bønder, jegerar og vanlege folk, sa nyheitsopplesaren. Underforstått er ikkje bønder og jegerar vanlege folk. Dei er noko anna enn vanlege folk. Kva NRK sin definisjon av «vanlege folk» er veit eg ikkje. Men eg vil prøve å sei noko om kva norske bønder er.

For eg trudde faktisk norske bønder i personlegdom ikkje er så annleis. Norske bønder er som regel glade i å arbeide ute; glade i friluftsliv. Norske bønder er glade i dyr, og brukar mykje tid på å sjå til at dyra deira har det bra, både dag og natt. Bønder eg kjenner er arbeidsomme og produktive. Somme arbeidar 14-15 timar kvar dag. Mange av bøndene eg kjenner har familie og mange barn. Dei fleste av dei arbeidar likevel langt meir enn ein industriarbeidar. Men dei tek seg tid til å vere fedre likevel. Bøndene eg kjenner har stor kunnskap om natur og vêr og klima. Akkurat på det feltet skil kanskje bønder som gruppe seg frå andre grupper. Mange bønder er gode idrettsutøvarar som barn og unge, men dei har lagt bort idrettskarrieren for å satse på å vere bønder.

Bonden Eilev Bjerkerud vann både Farmen og Skal vi danse. For eit sjokk det må ha vore for dommaren som i første danseprogrammet uttalte kor forundra ho var av at ein bonde ikkje var berre ein bonde. Ho trudde visst han var litt dum og stiv i kroppen og trudde i alle fall ikkje at ein bonde kunne danse. Det sa ho faktisk på tv, utan reaksjon. Det er både dumt og trist. For denne dommaren var bønder ikkje som vanlege folk. Eg håpar ho no har endra meining. Om ho ikkje har det så er ho for alltid taparen og bøndene vinnarane. Slik som Bjerkerud er ein vinnar.

Dei klokaste folka eg har møtt er bønder, eller dei har vakse opp på gard. Det kan eg lett sei sjølv om eg har studert media i Volda saman med intelligente studentar som seinare blei journalistar. Eg kjenner bønder som blir sett på som originalar – og som kanskje er det også – men som har ein fantastisk intelligens og kunnskap – og somme har også «klisterhjerne». Det er ofte dei beste bøndene. I alle fall om dei også har gode praktiske evner. Både intellektuelle og praktiske eigenskapar trengst for å vere bonde i dag.

Slik er bøndene eg kjenner. Så får heller nyheitsopplesaren på NRK gjere greie for korleis bønder skil seg så mykje frå vanlege folk at han finn det naudsynt å presisere at det er ein skilnad.

Dette innlegget stod på trykk i Nationen 10. januar 2017.

Les gjerne også artikkelen Lettvektarar på jorda, som var trykt i Bondevennen november 2015, og handlar om gardsdrifta her i Mundal.

Mest lese blogginnlegg: Kva hjorten og folk flest ikkje veit

Hotel Mundal – MINNEORD.

Eg fekk i dag den triste meldinga om at Hotel Mundal, som tidlegare i sommar feira 125-årsjubileum, skal avlide ved hjelp av eutanasi (aktiv dødshjelp). Eigaren, Ola Moe, avkreftar at Hotel Mundal sin nære bortgong er etter hans ynskje. Han trur at det heller ikkje er eit ynskje frå det tradisjonsrike hotellet, som har gitt husrom både til den amerikanske visepresidenten Walter Mondale, FNs generalsekretær Kofi Annan, norske kongelege (dronninga var på vitjing seinast i sommar) og mange kjente kunstnerar og musikarar. Og visstnok til spøkelse. Ein av dei mest kjende som har hatt sommarjobb på Hotel Mundal i tenåra er Jostein Gaarder. Eg har sjølv høyrt Gaarder kåsere om korleis han fôra Hotel Mundal sine grisar. Det var verdt å lytte til!

Les også: Det innhaldsrike vertshuset i Supphelledalen.

Hotel Mundal sin historie er nær knytt til garden eg driv. Tippoldefar min, Johans i Mundal, var ein av initiativtakarane for å få bygd hotellet, saman med systera Brita, og hennar mann Olaus Dahle. Å byggje eit så stort hotell i 1891 var både dyrt og dristig. Det kom fleire hotell i Sogn på den tida, oftast sett opp som mindre overnattingsstader og bygd ut etter kvart som trongen for fleire senger kravde det. Men Olaus Dahle hadde sterk tru på at eit hotell ville vere med å skape auka aktivitet i bygda. Dei engasjerte den kjende arkitekten Peter Andreas Blix til å teikne hotellet. Men dei fekk ikkje lån frå Balestrand sparebank, så då pantsette Johans i Mundal garden, og stilte mykje av kapitalen til å setje opp hotellet. Resten, omlag halve kostnaden, vart finansiert av lån frå bøndene i Fjærland.

Hotel Mundal

Hotel Mundal fotografert om våren frå båt. Dei snøkledde fjelltoppane Grettene i bakgrunnen. Heimste Gretta tv. ligg 1490 moh.

Satsinga på Hotel Mundal var ikkje utan risiko. Men den blei vellukka både for tippoldefar og resten av bøndene i Fjærland. Turismen i bygda ga gode inntekter til gardsbruka, som organiserte hesteskyss frå Mundal til Bøyabreen og Supphellebreen. Når Europa og verda opplevde tronge tider i 1930-åra kom framleis dei rike, engelske turistane til Hotel Mundal og ville sjå breane. Langs vegane inn til breane stod dei som ikkje hadde skyssrett, husmenn og fleire, og selde souvernirar. Turistane kunne kjøpe stavar av sprakje (einer), vevde tepper og anna handarbeid. Det vert sagt at fjærlendingane ikkje visste om dei harde trettiåra før Gerhardsen snakka om dei på radio etter andre verdskrigen.

I 1906 selde tippoldefar min sin del av Hotel Mundal til svogeren Olaus Dahle. I kontrakten, datert 3.10.1906 går det fram at han og sonen, Sjur, sel sin halvdel av hotellet med hest og reiskap, båtar og tomt, og beiterett for ein hest i Mundalsdalen. Salsprisen var 40.500 kroner. I dagens verdi nesten 3 millionar kroner. Året etter var alle private lån til bøndene i Fjærland betalte.

Les også: Kva no, Hotel Mundal?

Etter Brita og Olaus Dahle har Hotel Mundal i fleire generasjonar vore drive av sterke kvinner. Den siste av desse sterke kvinnene var Marit Orheim, gift Mauritzen. Ho innsåg at det ikkje var muleg å drive hotellet vidare som eit familiehotell. Ho selde ein halvdel av hotellet til finansmannen Rolf Wickborg, som seinare kjøpte den andre halvparten frå Marit O. og Sverre Mauritzen si dotter. Wickborg eigde og dreiv hotellet halvhjarta nokre år, men opparbeidde seg eit dårleg rykte grunna ubetalte rekningar og lønner.

unnamed

Skjermbilete frå Sogn Avis si nettside.

I januar 2015 blei det kjent at Wickborg hadde selt hotellet til Ola Moe. Nokre av dei same folka som i 2015 feira at Wickborg var ute av Hotel Mundal, omtalar i dag Ola Moe like negativt som Rolf Wickborg. Moe seier at hans intensjon er å føre Hotel Mundal tilbke til fordums prakt. Han har i så fall ein lang veg å gå. Han må starte med å vise folk i Fjærland at han meinar alvor. Men sjølv om eg meinar at dette ansvaret ligg på eigaren, så meinar eg at Sogndal kommune har eit hovudansar dersom Hotel Mundal døyr.

Hotel Mundal2

Hotel Mundal frå eit vindauga frå garden som gav areal til hotellet. Diffust. Hotel Mundal kjem nok til å gå igjen om Sogndal kommune myrdar det.

Ofte blir eutanasi rekna for å vere sjølvmord. I Hotel Mundal sitt tilfelle vil eg kalle det eit drap. Drapsmannen er ikkje Ola Moe. Drapsmannen er Sogndal kommune. I andre kommunar her i fylket gir dei fritak for eigendomsskatt til historiske bygningar. For Sogndal kommune ser det ut til at dette er uaktuellt sjølv om resultatet er at dei tek livet av Hotel Mundal. Korleis Sogndal kommune tek livet av hotellet er uinteressant. Det er ikkje nok å vedta at Moe ikkje får lov å ta livet av hotellet. Om det blir ståande tomt grunna det som opplevest som urimeleg høg eigedomsskatt, vil det døy likevel.

Annonse: Omplassering

Eg ser meg nøydd til å prøve å få omplassert det eine kjæledyret mitt. Eg har i tillegg til Batman både hund og katt. Og høner og hanar og sauer og kyr. Så eg har rett og slett ikkje tid til å fylgje med på alt Batman finn på. Veit ikkje kor han er akkurat no, men han er klar til omplassering så snart han dukkar fram att!

Vert gitt bort eller hbo. Det er ikkje aktuelt å ta edderkopp i byte.

 

Norsk Zoologisk forening: Fakta om flaggermus.

Nyklekte kyllingar

Har vore heldig å få låne ei rugemaskin eit par år no. Her er resultatet av årets nyklekte egg, Den første kyllingen var svart. Den andre, som du ser i bakgrunnen på første bildet er klassisk gul.

IMG_3732

kyllingar1Kristi

Foto: Kristi Mundal

Spennande å fylgje med på kva som skjer i rugekassen. Både vaksne og barn søker tilbake hit og ventar på at neste under skal skje.

kyllingar2Kristi

Foto: Kristi Mundal

Video med daggamle kyllingar. Foto: Astrid Nygård.

kyllingar

Gule i ulike nyansar og svarte svarte. Dei tre svarte kan lett skiljast fordi to av dei har ulike lysare nyansar i brystet.

Kva hjorten og folk flest ikkje veit

Når eg skriv dette er eg framleis i innspurten av slåtten. Når du les det håpar eg forresten eg er ferdig. Rekordkald mai og første halvdel av juni har ført til sein slått. «Mai kulde gjør bondens låver fulde,» sa eit gamalt ordtak. Og det ordtaket er nesten sant framleis. Når det er kaldt i mai tetnar graset i rota, og det gir gode avlingar. Men i moderne landbruk blir ikkje avlinga lagra som høy i løa. Den blir lagra i rundballar ute.

forvirrakodle

Eg hadde nokre rundballar igjen å køyre då eg såg hjortekodla (eller hjortedama, som åtteåringen seier) stå og sjå seg forvirra omkring. Slik blei ho ståande lenge. Ser du henne mellom tredje og fjerde rundballen rekna frå høgre?

Her ein kveld etter fjøstid var eg ute og køyrde saman rundallar som var produsert tidlegare på dagen. Mellom rundballane får eg plutseleg auga på ei hjortekodle. Ho står og ser seg rundt, som ho er litt forvirra. Ho berre står der og snur på hovudet og ser på dei kvite ballane som ligg rundt henne på alle kantar. Det er som ho lurer på kva som har skjedd med maten hennar. Korleis kunne det grøne, fine graset skape seg om til omlag 40 store, kvite ballar? Eg veit svaret, men eg veit også at om eg går ut av traktoren og prøver forklare det for henne, så kjem ho til å springe for livet. Ho ville sikkert ikkje forstått det heller. Som folk flest no til dags. Men ho blir ståande lenge og sjå seg forvirra rundt. Som folk flest no til dags når det er snakk om landbruk. Til slutt hoppar ho over gjerdet til naboen som framleis ikkje har slege graset. Der går vennene hennar og beitar.

Folk flest ser at beiteareal no til dags blir til skog raskare enn regjeringspolitikarar har evne til å tenkje.

At vi no er i midten av FNs jordår veit nok ikkje hjortekodla. Eller vennene hennar. Eller folk flest, for den del. Jord er ein knapp ressurs på verdsbasis. I Norge er tre prosent av landarealet dyrka mark eller innmarksbeite. Og den beste jorda har dei siste 25 åra blitt redusert. Det har med parkeringsplassar, kjøpesenter og mammon å gjere. Og med politikarar som ikkje bryr seg om sine barnebarns barn. Ifylgje regjeringa si nettside har det totale jordbruksarealet i Norge auka i denne perioden. Det er ei løgn regjeringa kan presentere fordi folk flest ikkje har kunnskap til å avdekke løgna. Auken i jordbruksareal i regjeringen sin statistikk er beiteareal. Det har blitt meir beiteareal, hevdar regjeringa. Folk flest ser og veit at beiteareal no til dags blir til skog raskare enn regjeringspolitikarar har evne til å tenkje. Forklaringa på auka beiteareal er at ei omleggjing i tilskota til slikt areal gjorde at slike areal blei registrerte for at det kunne søkast tilskot. Samstundes som beiteareal gror att av skog har det derfor blitt meir beiteareal på statistikken. Slik statistikkløgn er lett å avdekke. Det totale landbruksarealet minkar, og det er den beste jorda som blir til kjøpetempel og parkeringsplassar.

forvirrakodle2

Korfor skipar FN til eit jordår? For å vise alvoret i det at jordsmonnet på jorda vi dyrkar blir redusert år for år. Degraderinga av jord skjer no 30-35 gonger raskare enn for berre nokre tiår sidan. FN fryktar at nedbygging av landbruksjord og reduksjonen i jordsmonn vil redusere den totale matvareproduksjonen på jorda vesentleg. Jord er ein avgrensa ressurs, og den utgjer grunnlaget for alt liv på jorda. Omlag 25 prosent av det biologiske mangfaldet er i jorda. I god matjord lever ein halv million skapningar under ein skosåle. Det tilsvarar 1-10 tonn levande organismar per dekar jord. Det hastar å ta vare på matjorda, skreiv Oikos Norge i ein landsmøteuttale. Ikkje berre fordi landbruksjord bygd ned, men fordi den landbruksjorda vi har går ned i kvalitet grunna jordpakking og tap av organisk materiale. Jordvern er viktig for folk flest – om FN arrangerer jordår eller ikkje.

Når hjorten kjem inn i fjøsen

Bildeblogg: Sommar og slått.

Er godt i gong med slåtten. Tre-fire veker seinare enn i fjor. Pga. vêret, ikkje pga. klimaet. Kaldt og vått vêr i vår og starten av sommaren gir gode avlingar på den elles tørkesvake jorda. Myrjorda som ga best avling i fjor gir mindre avling i år.

684

684 klatra opp i den bratte vegskråinga på veg inn til mjølking i går kveld. #økoku

Svært mykje kløver i enga i år. Eg veit ikkje korfor. Bortsett frå at eg driv økologisk og vil ha kløver i enga. Den som veit korfor kløveren veks så godt i kaldt vêr må gjerne forklare!

kløvereng2 kløvereng4

kløvereng3

Stort innslag av kløver i den økologiske enga i Mundal i år.

traktorrive kløvereng1

Bildet t.v.: Testing av ny traktorrive. Denne skal rake vel utan å rive med jord (som vi ikkje vil ha med i foret). Bildet t.h.: Utsikta frå traktoren når eg køyrer slåmaskina.

hanehøner

Kunne ikkje late vere å ta med eit bilde av Harald, Sonja, Mette, Marit, Märtha, Louise og Charlotte. Ikkje spør meg om slektskapen mellom desse. Så vidt eg veit er ikkje hanen Harald i slekt med nokon av damene. Håpar eg. For anstendigheits skuld!

Post Navigation