MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the category “Rett på / Fylkesmagasinet”

Ta vare på gullkorna!

– Sjå pappa, sjå regndropane som dansar på bilruta! Sjå; dei står i kø, dei er mange, og no dansar dei bortover! Sjå, pappa! Og fireåringen tok til å synge medan regndropane dansa bortetter bilruta. Sjå, no er dei ikkje så mange lenger, men dei dansar likevel!
– Det har nesten slutta å regne forstår du, svarte eg.

Det var ei magisk stund, ei poetisk stund eg aldri kjem til å gløyme. Orda frå fireåringen var så entusiastiske, så poetiske og så godt beskrivande for det ho såg. Og orda frå meg var så rasjonelle, så i kontrast til barnet sine. Det er ikkje så mange slike augneblink eg hugsar. Men eg har i periodar vore flink til å skrive ned gullkorn frå barna mine. I skrivande stund spør eg dei om eg får lov å dele litt av gullkorna med dokke som les dette. Det får eg lov til. Men vi blir samde om at de ikkje treng vite kven av dei som har sagt kva. Så når eg refererer til sjuåringen så kan det vere kven som helst av barna mine. Alle har vore sju år ein gong.

– Du pappa, sa sjuåringen, veit du at hjortemannen har hundre damer på ein gong? Minst! Sjuåringen er stille ei stund, så eg får tid til å la alvoret sige inn.
– Eg forstår ikkje korleis det går an! (Ny pause.)
– Og alle dei barna det blir då!

– No er det så mange fluger her at den eine sit oppå den andre! sa fireåringen.

– No veit eg kor alle måkane kjem frå, sa ein anna fireåring då vi stod ved bryggja i Hyen.
– Meinar du dei kjem herifrå?
– Ja, sjå kor mange dei er her då!

barnimotlys

Vi som likar å skrive og å leike med ord og språk kan lære mykje av barn sin utforskande og leikande språkbruk. Der dei ikkje har ord, eller ikkje har full forståing av ord brukar dei språket så godt dei kan, utan å vere redde for å dumme seg ut eller å bli mistydd. Som då sjuåringen spurde om aldersskilnaden på seg og kusina.
– Er ho eldre enn meg? spurde han.
– Ja, korleis det?
– Jau, for då eg var seks år var ho halv sju!

Vi har gamalnorsk spælsau på garden, og om våren er barna svært opptekne av lamma i alle slags fargar: svarte, kvite, grå og brune i ulike nyansar og ulike fargekombinasjonar.
– Eg kjenner folk som har både gamalnorsk og nynorsk spælsau!
– Javel, svarte eg, kva er skilnaden då? Språket? Brækar eine rasen på nynorsk og den andre på gamalnorsk?
Den språklege mistydinga ga oss ein god lått.

Eg såg femåringen i ivrig samtale med to litt eldre bygutar. Han var ivrig og høgrøysta.
– Kumøkk, sa han, er eigentleg grønt gras; som har blitt brunt; og litt rundare!

Eg forklarte kort for barna korleis vateren skulle brukast. Femåringen vatra litt her og litt der. Det låg ei dokke på benken. Golvet under benken blei vatra.
– Her er golvet skeivt, konstaterte femåringen. – Og er golvet skeivt, då er benken skeiv òg! Og er benken skeiv, då er dokka skeiv òg!

Diskusjonar mellom søsken kan vere interessante. Dei to var i ein ivrig, høgrøysta diskusjon.
– Eg stod her, sa den vesle, og eg er meg og eg er berre éin, eg kan ikkje vere der borte òg!
– Ja. Du er deg, og det er berre ein av deg, svarte den andre og senka stemma til mumling:
– Trur eg, i alle fall!

– Det finst hundre og det finst hundre tusen, sa den minste.
– Det finst større tal enn det, sa den største.
– Ja, det finst hundre og hundre tusen, og så finst det mark. (Tidlegare tysk valuta, min merknad.)
– Men det finst større tal også, sant pappa?
– Kva heiter det største talet då?
– Veit ikkje, svarte barnehagebarnet, men det talet har plass til heile verda!

Til slutt vil eg dele favorittane mine. Treåringen skulle vere med å plukke bjørnebær ein søndag.
– Vi må hugse å plukke berre dei modige bæra! sa ho.
Frå ein anna tre-fireåring, som gleda seg til kvar barnehagedag; ho gjekk i barnehagen måndag, onsdag og fredag. Tysdag kveld lurte ho på om kor tid ho skulle i barnehagen igjen. – I morgon, sa eg. Neste morgon var ho spent.
– Pappa, er det i morgon i dag, eller er det berre i dag i dag òg?
Uansett om det var i går, i dag eller i morgon: Ta vare på gullkorna frå barna dine!

Denne teksten er trykt i Rett på-spalta i Fylkesmagasinet 22. januar 2015.

Post Navigation