MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “antisemittisme”

Dette er den nye kvardagen!

Det er tidlegare leiar i politiet sin beredskapstropp som brukar desse orda når han kommenterer truslane mot Tor Mikkel Wara denne veka. Anders Snortheimsmoen er ikkje overraska over truslane mot justisministeren. Slike angrep vil auke framover, trur han. Ifylgje politiet har 2 av 5 stortingspolitikarar opplevd alvorlege truslar, og 1 av 10 har av same årsak vurdert å trekke seg frå politikken. Dersom dette er den nye kvardagen, slik Snortheimsmoen trur, har vi eit demokratisk problem.

I ei undersøking gjort av NRK ynskjer halvparten av Frp sine tillitsvalde at «Judas-partiet og hyklarane» frå KrF ikkje skal få plass i regjeringa. Frp-profilar har også kalla KrF-politikarar ting som imam-sleikar og ansvarlege for terror og drap på kvinner og barn. Desse uttalane meiner visst Frp at KrF må tole, eller leggje bak seg og tilgje. Sjølv vil dei altså ikkje tilgje at KrF har sagt at dei vil arbeide for eit varmare samfunn, fordi den uttalen antydar at Frp står for eit kaldare samfunn. I sin kritikk av politiske motstandarar avslører Frp menneskesynet sitt. Dei viser kulde, arroganse og manglande evne til å tilgje. Dersom dette blir den nye kvardagen i norsk politikk har vi eit demokratisk problem.

Vi lever i ei verd som på mange måtar endrar seg på ein urovekkjande måte. Ikkje berre når det gjeld norsk politisk kvardag. Gong på gong kjem det nye rapportar om at klimaendringane går raskare enn FN sine klimarapportar har konkludert. Eigentleg er det rart at slike rapportar kjem overraskande på folk. Sjølv trudde eg ved inngangen til året 2017 at det i løpet av 2017 ville skje ting som ville endre folk sitt syn på klimaendringane. Eg trudde at stormar eller andre vêrfenomen skulle føre til at fleire ville innrømme menneskeskapte klimaendringar, og at politikarane i større grad tok tak i problema. Men arbeidet med å redusere klimaendringane går framleis alt for seint. Ein anna årsak til uro for mange er at maktbalansen i verda i endring, eller i ubalanse, som lett kan resultere i eit nytt våpenkappløp.

Det mest antisemittiske som har stått på trykk i norske aviser etter 2. verdskrig»

Eg har lyst å nemne ein ting til som eg meiner gir minst like stor grunn til uro som klima og makt i ubalanse. Eg vil nemne eit par lesarbrev som stod på trykk denne avisa. I fleire reisebrev kjem Ragnar Børsheim med uttalar om jødar og landet Israel som i ettertid har vore kritisert for sin hatefulle og antisemmitiske grunntone. I eit lesarbrev i Sogn Avis denne veka dokumenterer journalisten Arne Eide ei rekke faktafeil i reisebreva. Organisasjonen Med Israel for fred seier at reisebreva er det mest antisemmitiske som har stått på trykk i norske aviser etter førre verdskrigen. Det er viktig å ta sterk avstand til slike hatefulle og antisemmitiske lesarbrev.

IMG_6456

Skjermbilde frå Sogn Avis.

No er vi langt inne i adventstida. Sjølv fylgjer eg og barna med på fleire adventsseriar på tv. Vi ser på ein morosam og koseleg serie, og ein serie som ikkje berre er koseleg. Den koselege er klassikaren The julekalender. Den ikkje berre koselege serien er ein julekalender for barn produsert av Dansk Radio, Pakten. Der får vi eit alt for godt bilde av ein gut som blir mobba, og korleis skulen spelar på lag med mobbarane. Kontaktlæraren gjer det ho kan for å oppklare korfor det er så dårleg stemning i klassen, men blir motarbeidd av rektoren som sannsynlegvis tenkjer meir på ryktet til skulen enn på barna. Dette er kvardagen for mange norske barn. Det må vi alltid ha i bakhovudet når barn ser ut til å mistrivast. Adventstida og jula er forresten også tung og vanskeleg for mange vaksne. Det kan vi også ha i bakhovudet, og prøve å gjere tida betre for folk vi kjenner som vi veit slit.

Advertisements

Dråpar i havet

Denne veka hadde Dampskipskaien Sogndal i samarbeid med ’Rom for ord’ eit arrangement med tittelen ’To skammens kapittel’. Tema var holocaust og flyktningesituasjonen i Europa i dag, og var ein samtale mellom historikaren Bjarte Bruland, som har skrive boka ’Holocaust i Norge’, og sogningane Rasmus Mo og Ole Petter Heggestad, som er aktive i organisasjonen ’Dråpen i havet’. Eit av spørsmåla var om det er likskapar mellom holocaust og dagens flyktningesituasjon.

Av og til trur vi at det vi gjer berre er ein dråpe i havet. Men havet ville vore mindre utan den dråpen.»
Mor Theresa

På spørsmål frå møteleiar om det går an å sei at antisemittisme og det framandhatet vi ser i dag er det same, svara Bruland klart nei. Men det er likevel klare likskapar; mange av mekanismane er dei same, sa han. Mellom anna at vi ikkje ser på flyktningane som individ, men som gruppe. Han meinar også at flyktningleirane vi ser i dag liknar på flyktningleirane både før og etter forrige verdskrig.

dapenihavet

Heggestad og Mo fortalde om sterke inntrykk frå strendene og flyktningeleirane i Hellas. Det kjem framleis 3.500 flyktningar til Hellas kvar veke. Kor mange som druknar på overfarten veit vi ikkje. Når den tyrkiske kystvakta når igjen smuglarbåtar blir flyktningane kasta over bord av smuglarane. I vatn som er 5-6 grader, langt frå land. De kan tenkja dikka at da ikkje går så bra, sa dei to ’dråpane’ frå Sogndal – og vi forstod.

Mange av forteljingane eg har høyrt frå flyktningane kan eg ikkje fortelje til borna mine.»
Ole Petter Heggestad

Dråpen i havet har teke namnet sitt frå eit sitat etter Mor Theresa: «Av og til trur vi at det vi gjer berre er ein dråpe i havet. Men havet ville vore mindre utan den dråpen.» I dag er det viktigaste arbeidet til organisasjonen inne i flyktningleirane. Heggestad og Mo sit med sterke inntrykk. ’Mange av forteljingane eg har høyrt frå flyktningane kan eg ikkje fortelje til borna mine. Eg kan ikkje fortelje dei til dikka heller.’ Forholda flyktningane lever under er utenkjelege. Nokre av flyktningeleirane har ikkje hjelpeorganisasjonane tilgang til. Forholda i dei leirane kan vi berre tenkje oss. I eit fengselsanlegg tenkt for 1500 fangar lever det i dag over 8.000 flyktningar. Dei lever i eit helvete, sa Heggestad. Men det er likevel betre enn det dei flytta frå. Og så kallar norske politikarar dei lukkejegerar. Når dei snakkar om folk som har flykta frå bomber og ruinar. Om menn som har flykta frå ruinane som begrov familiane deira. Om mødre utan barn, og om barn utan mødre.

Band blir brutalt brote.

Eg kan akseptere at folk har ulike meiningar, sa Mo, men eg kan ikkje akseptere at landet vårt lukkar augene og stenger grensene for å sikre vår eigen levestandard. Sjølv om det vi kan bidra med berre er dråpar i havet, så er det viktige dråpar. Ikkje alle kan reise ut. Men då kan ein bidra med å bli faste gjevarar, sa Mo.

Sjølv ser eg fleire likskapar mellom måten jødane blei møtt før og under krigen og måten Norge møter flyktningar på i dag. Måten politiet bryt seg inn i kyrkjeasyl og tek med seg familiar gir assosiasjonar til måten jødar blei henta frå heimane sine av norsk politi under krigen. Vi har lese i Sogn Avis om barn som blir henta frå klasserom utan at dei som sat att i klasserommet fekk teke farvel. Band blir brutalt brote. Heldigvis blir dei ikkje sende til konsentrasjonsleirar. Men mange blir sende tilbake til krig, og somme møter tortur og død. Frykten dei kjenner på veg frå trygge forhold i Norge til krig og frykt for sine barns liv kan vi berre tenkje oss. Eller vi kan lukke augene og tenkje på dei som ein del av ei gruppe vi ikkje likar. Omtrent slik jødane blei sett på på 1930- og 1940-talet.

Dei tunne grensene mellom framandhat og nynazisme.

Det er kanskje provoserande å sei at grensene mellom framandhat og nazisme er hårtunne. Eller gråe. Men grensene mellom politisk korrektheit og rasisme er heller ikkje så skarpe som før. Verda er ikkje svart eller kvit. Ikkje vond eller god. Den er full av gråtonar, har vi lært. Men er det eigentleg sant?

Eg har ikkje til hensikt å sei at framandhat er lik rasisme, eller at rasisme er det same som nazisme. Men eg meinar det er viktig å setje lyset på der det er gråtonar eller mørkre. Sjølv om grensene mellom godt og vondt blir viska bort til gråtonar, må vi snakke om kva som er godt og kva som er vondt. Vi må setje på lyset, for då har gråtonane og mørkret tapt.

studentersamfundet 730

I haust var eg på Polen-tur saman med omlag 75 tiandeklassingar og nesten like mange foreldre. Besøket på Auschwitz og Birkenau, verdas største gravplass, gjorde inntrykk. Der drepte nazistane 1,5 millionar menn, kvinner og barn, for det meste jødar, frå heile Europa. Over sytti år etter nazistane sin største og mest effektive utryddingsleir blei frigjeve av sovjetiske styrkar kan ein framleis fornemme lukta av oske. I 1944 blei det gassa og brent 9000 enkeltpersonar kvar dag. Seks store bål blei brukt til å brenne lika, for kapasiteten på dei fem krematoria var ikkje stor nok.

Ved Auschwitz møtte vi tidsvitnet Arne Eilertsen, 85 år. Han var imponerande klår og skarp i hovudet, og sylskarp i sin kritikk av framandfrykten og nynazismen som veks fram i Europa i dag. Det same framandhatet som veks fram i dag var forutsetnaden for nazismen sin framvekst på 1930-talet. Eilertsen sa at nynazistane ikkje burde få lov å marsjere på gater i Norveg, slik dei har gjort fleire gonger. Slik vi kunne lese i norske nettaviser at dei fekk gjere nokre dagar etter vi hadde vore på Auschwitz.

Berre denne hausten har det vore fleire saker om nynazisme og framandhat i nyheitene som vekker avsky. I Oslo har kommunen anmeldt grove truslar og sjikane mot byråd Lan Marie Nguyen Berg. I Trondheim blei det arrangert fest med nazi-tema på Studentersamfundet. På NRK radio høyrde eg dette grove, usmaklege arrangementet bli forsvart av Studentersamfundet som at dette berre var humor og ein fest med temaet politisk ukorrektheit. Ifylgje leiar i Studentersamfundet,Tale Bærland, tykte dei fleste dette var eit morsomt tema. Berre ein håndfull personar hadde gitt tilbakemelding om at dei reagerte. Når ein har politisk ukorrektheit som tema, er det lett å gå over streken, seier Bærland. Styret i Studentersamfundet beklagar søndag kveld at nokon blei støytt av arrangementet. I kommentarfeltet får dei kritikk frå fleire for ikkje å legge seg flate og beklage arrangementet. Ein tidlegare medlem skriv:

Denne posten gjør meg bare trist. Her hadde dere mulighet til å stå opp som ledere etter det jeg glatt kaller en skandale, og så serverer dere verdens flaueste unnskyldning. Å beklage at noen har blitt støtt er ingen beklagelse.

Korfor tek vi ikkje, som nasjon, eit skikkeleg oppgjer med nynazismen? Korfor let vi dei få vekse seg større i ytringsfridommen sitt namn? Kan noko av forklaringa vere at grensene mellom framandfrykt, framandhat, rasisme og nazisme er viska bort til gråtonar, nokre gonger med innslag av brunt? Gråtonane mellom høgreekstremisme, nynazisme og dagens innvandringspolitikk er heller ikkje så tydelege. Leiar i Studentersamfundet seier det slik: Det er lett å gå over streken i temaet politisk ukorrektheit.

For grensene er i gråtoneland. Grenselina mellom politisk korrektheit og rasisme/antisemittisme er hårtunn. Derfor kan slike hendingar som skjedde i Trondheim skje. Utan konsekvensar for verken Studentersamfunds-styret eller dei som praktisk arrangerte vondskapen. For nazismen er dårleg eigna til humor. I alle fall for eit Studentersamfund som organiserer framtidas intellektuelle og politiske leiarar. Særleg når kunnskapen om nazismen tilsynelatande manglar. Og når respekten for historien og menneske er fråverande. Og når ein går rundt med eit visum med bilde av Hitler og drikk drinkar som heiter ’Mein Kampf’, ’Blücher’ eller ’Auschwitz’, då er ein forhåpentleg (og mest truleg) berre dum og medvitslaus, ikkje nynazist. Men for sikkerheits skuld bør hendinga granskast av norsk politi, og personane bak arrangementet kartleggjast og registrerast. For det er vanskeleg å tru at idéen kjem frå dumme og medvitslause. Eg trur ikkje nokon av tiandeklassingane eg var på tur med, etter å ha vitja Birkenau og høyrt tidsvitnet Arne Eilertsen, ville vore med å laga eit slikt arrangement. Men eg veit at når grensene mellom godt og vondt blir utviska til gråtonenyansar, så kan folk som i utgangspunktet vil godt, hamne på feil side av hårtunne grenser. Og då kan dei bli farlege.

Les også: Nynazistar får ikkje skrive på fb-veggen min meir!

Post Navigation