MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “foreldre”

Ansvaret for mobbing ligg hos dei vaksne på skulen

Eg har skrive mange tekstar om mobbing. Alt for mange meinar somme. Men eg kan ikkje slutta å skrive om mobbing så lenge mobbing skjer. Særleg når mobbing skjer på skulen, mot barn. Og når det skjer mot barn er det, som vi veit, ofte med vaksne til stade; vaksne som ikkje stoppar mobbinga mot barna våre sjølv om dei ser den skje. Det er viktig å vite at mobbing i utgangspunktet ikkje (eller aldri) er barna sin feil. Mobbing i barnehage og skule skjer fordi dei vaksne let det skje. Mange gonger fordi ein skuleleiar vil skape eit godt bilde av skulen dei har ansvar for. Nokre gonger fordi det er vaksne på skulen som har mangelfulle evner når det gjeld å forstå at barn tek skade av mobbing, vaksne som ikkje har evne til å setje seg inn i situasjonen til barn som blir mobba. Omlag 3-4 prosent av populasjonen manglar desse grunnleggjande evnene; evnene til å setje seg inn i andre sine kjensler; evnene til empati. Psykiatrien kallar dette personlegdomsavvik. Hovudtrekka hos desse personane er manglande evne til å setje seg inn i andre sine kjensler. I mange tilfelle er desse personane svært narsissistiske. Nokre av dei blir karakterisert som sosiopatar eller psykopatar.

I ein tekst som stod på trykk i BT for nokre år sidan skreiv eg at skulen burde ha tilsett fleire i den motsette enden av skalaen enn dei med personlegdomsavvik. At personar i den motsette enden av skalaen enn sosiopaten lett vil oppdage og avdekke mobbing. Den motsette enden av skalaen er dei høgsensitive. Eg kan ikkje sjå at psykiatrien har ein skala som går frå psykopaten i den eine enden til den høgsensitive i den andre enden av skalaen. Men eg har registrert at psykiatrien sjølv har forsking som stadfestar at desse motsetnadane er slik. Og som høgsensitiv sjølv har eg vanskeleg for å forstå at ikkje mobbing lettare let seg avsløre. Sjå fylgjande faktiske hending ut frå at det finst personar i skulegarden som ikkje har empati med at barn blir mobba:

– Det målet tells ikkje! ropte Anders. Orda slo meg hardt i magen. Eg sprang gråtande forbi læraren i skulegarden. Ho såg bort. Eg sprang rundt hjørnet av skulen, prøvde gøyme meg bak nokre busker, medan dei andre ropte slike ord dei brukte rope til meg. Eg gret. Det var første gong eg hadde klart å score mål.

– Korleis går det? Det var Bjørn si røyst. Vi prata litt, og etter mange fine ord blei eg med Bjørn tilbake til dei andre. I det vi gjekk forbi læraren spør Bjørn henne: – Korfor let du dette skje?

– Såpass får de tole! svara ho.

new-phototastic-collage

Denne teksten blei skrive som ein skjønnlitterær tekst på eit skrivekurs i Den norske bokbyen i Fjærland for ei tid sidan. Men teksten er skræmande sann. Og for eit par veker sidan var eg med Anders på utviklingssamtale på den nye skulen hans. Då forklara han korfor han har det så mykje betre på den nye skulen han går på. I denne utviklingssamtalen namngav han den vaksne personen som i forteljinga over; den personen som sa at såpass får du tole, Anders.

Så lenge eg kjenner til skular som let mobbing skje på denne måten skal eg passe på å sei frå til foreldre og barn før dei vel ein slik skule. Heldigvis fekk Anders mulegheit å skifte skule før han blei øydelagt av dei vaksne som let mobbinga skje. Så får vi håpe at dei vaksne let det skje fordi dei mangla evne til å setje seg inn i at eit barn blir øydelagt når dei ikkje grip inn ved mobbing. Alternativet – at dei let det skje med vilje – er mykje verre (og mykje vanskelegare å forstå). Som Anders seier om barna som mobbar: – Eg forstår at dei eigentleg er snille, men at dei let seg drage med. Anders er eit klokt barn. Han forstår at ansvaret ligg hos dei vaksne på skulen.

Les også: Når læraren mobbar.

Advertisements

Er dette Barnevernet sitt offisielle syn på norsk rettssystem?

Er det verkeleg Barnevernet si meining at norsk rett tek feil når ei sak i norsk domstol går mot dei? Det inntrykket kunne ein i alle fall få då Barnevernet uttalte seg til TV2 etter dommen blei kjent sist veke. Kan ikkje Barnevernet – etter ein knusande dom i norsk rett – berre innrømme at dei heller ikkje er feilfrie?

Bakgrunnen for spørsmåla mine er ei saka der Barnevernet tok tvillingar frå foreldra rett etter fødsel. Begrunnelsen var at mora var psykisk utviklingshemma. Noko som viste seg å vere ein fabrikert diagnose. Likevel heldt Barnevernet fram med å forfyglje og trakassere denne familien. Sommaren 2016 rømte familien til Polen. Saka er mest kjent gjennom fleire oppslag i TV2.

Denne veka tapte Norsk Barnevernsteneste på alle punkt i denne saka. Det er då det tragisk triste skjer: Ein leiar i Barnevernstenesta blir intervjuva av TV2, og blir spurt om kommentar til dommen. Ho svarar at Barnevernet i denne saka heile tida har gjort rette vurderingar med omsyn til barnas beste, men at dei går med på dommen fordi barna vil uansett ha det betre i Norge enn i Utlandet. Kva seier ho eigentleg? At ei vurdering som bygger på ein falsk diagnose var til barnas beste? At det berre er i Norge barn kan ha det bra?

Barnevernstenesta meinar altså at norsk rett har gjort ein feil dom, men vil likevel godta den fordi den får familien tilbake til Norge der dei kan ha kontroll på familien som dei tok frå barna på ein åpenbar feil diagnose. Dersom målet til ho som uttalte seg var å svekke tilliten til Norsk Barnevern så mykje som muleg, så lukkast ho hundre prosent.

Dette er berre utruleg trist.

Det er berre trist at Barnevernstenesta kjem med slike uttalar om norsk rett. Resultatet er ikkje at folk i Norge mistar tillit til norsk rett, resultatet er at folk mistar tillit til Barnevernet. Det er trist av mange grunnar. Det er først og fremst trist for mange barn i Norge som skulle hatt hjelp av eit velfungerande barnevernssystem.

Og det er trist fordi det er så utruleg arrogant. Vanlegvis er det slik at folk som ikkje kan innrømme feil blir sett på som eit problem. Slike leiarar eller medarbeidarar blir elles i samfunnet skifta ut eller omplassert. Eit gamalt visdomsord (frå Bibelen faktisk) seier at hovmot fører til fall. Barnevernstenesta bør luke bort hovmot og arroganse og maktsjuke. For dei barna i Norge som lir og som treng ei meir audmjuk og sensitiv Barnevernsteneste. Det er grunnlaget for å bygge opp igjen tillit. For barna si skuld. Ikkje for å oppfylle eit gamalt visdomsord.

«Kjære ti år gamle Andreas!»

 

Skuleåret 2016-2017 er såvidt i gong, og avisene er fulle av artiklar om mobbing og barneoppdragelse. Siste dagane har fjesbokinnlegget til Andreas Johnsen fått mykje merksemd. Innlegget er illustrert med eit skulebilde av han sjølv då han var 10 år gamal. Det startar slik:

«Kära 10 åriga Andreas. Du ska strax börja mellanstadiet. Du är nervös och vill egentligen inte gå tillbaka till skolan efter sommarlovet. Du är livrädd – för du vet att du kommer bli slagen.»

Svenske aviser skriv at Andreas si forteljing har berørt millionar – både barn og vaksne. I dag arbeider den no 33 år gamle svensken i organisasjonen Supermansprojektet, med førelesingar om diskriminering retta mot ungdom mellom 13 og 25 år. Kvart år møter han rundt 20.000 barn og unge på svenske skular. I arbeidet erfarer han at det framleis er like vanleg med mobbing og krenkingar på skulen. Han opplever ofte at barn tek kontakt og seier at han er den første vaksne dei fortel om sine mobbeopplevingar. Mobbing skjer ofte i det skjulte. Foreldre veit ikkje at det skjer, og på skulen vert det ikkje oppdaga. På skulane blir ofte mobboffer hengt ut som bråkemakarar. Dei får skulda for bråk utan at lærarane prøver å finne ut kva som ligg bakom, hevdar han.

Les også: Når læraren mobbar

I fjesbokinnlegget skriv han om gutar som slår han; om jenter som ler av tiåringen Andreas, om korleis redsla får han til å kaste opp; og om korleis Andreas gjer det han kan for å skjule mobbinga for lærarar og foreldre. Til nyheter24.se seier han at det er lenge sidan han har grine så mykje som då han skreiv dette innlegget.

Då Andreas voks på 1990-talet slapp han å vere redd for mobbing på sosiale medier. Han kunne gøyme seg bort og gråte utan at det plinga inn meldingar på mobilen, og utan å bli omtalt krenkande på sosiale medier. Dette er ein enorm tilleggsbelastning for dei som blir mobba i dag.

Han seier at vi som er foreldre i dag må våge å vise for barna kor lite vi veit om sosiale medier. Vi må våge å stille spørsmål til dei om dei sosiale mediene dei brukar. Vaksne har ei evne til å tenkje konsekvens som barn ofte manglar. Derfor er det foreldre sitt ansvar å lære barn kva som kan skje med eit bilde som blir publisert, og korleis det kan bli spreidd på nettet. Derimot kan barn mykje om til dømes Snapchat og Instagram – og der har foreldre ofte mykje å lære, avsluttar Andreas Johnsen.

Foreldre har også eit stort ansvar når det gjeld å førebyggje at barn blir mobbarar. Foreldre er alltid eit førebilete. Nokre foreldre er eit dårlegare førebilete enn andre. Kva skjer med barn som får kalle mora si ei «jævla fittemamma» utan at det får konsekvensar?  spør den svenske bloggaren Malin Meekatt Birgersson. Sjølv opplevde ho at ein seksåring på besøk kalla mora si akkurat dette utan at mora reagerte. Då Malin snakka til barnet og sa ho ikkje aksepterte slikt språk i sitt hus, reagerte mora med å avbryte vennskapet deira. Kva skjer med barn sine haldningar til andre dersom vi som foreldre ikkje reagerer på slikt? Kva skjer med kvinneynet til gutar som kan kalle mora si det styggaste dei kjem på utan nokon reaksjon? Birgersson meinar vi som vaksne også må reagere når andre sine barn brukar så grovt språk.

Kva skjer med barn som ropar til foreldre eller til medelevar at «eg skal drepa deg» dersom foreldre og lærarar bortforklarar språkbruken med at «ho meinte det ikkje»? Eller når dei normaliserer slike utsegn med at det er heilt vanleg at barn seier slikt? Eg kan ikkje hugse at nokon sa slikt då eg var barn. Eg trur ikkje det er mange no heller. Det har vore mykje fokus på mobbing siste åra. Men skulemiljøet blir ikkje betre før rektorar og lærarar innser at mobbing kan skje utan at dei ser det. Det er ikkje hjelp i at barn og foreldre seier frå om mobbing så lenge dei ikkje blir trudd av skulen. For mobbing skjer. Snakk med barna! Målet må vere mobbefrie skular, sjølv om det desverre ikkje finst.

Foreldre prioriterer bilen før barna

Det er i grunn rart at når folk skal kjøpe olje til bilen, så kjøper dei den beste olja utan tanke på pris. Men når folk kjøper mat til barna sine, så kjøper dei det billegaste dei finn, heilt utan tanke på kvalitet.

Utsagnet kom frå min venn Christian på veg til eit eller anna møte i regi av Økoringen Vest ein gong for nokre år sidan. Og trist nok er Christian sine ord svært treffande for mange norske foreldre; norske foreldre som seier at barna er det mest verdifulle dei har. Likevel prioriterer dei beste og dyraste kvalitet til bilen og billegaste og dårlegaste kvalitet mat til barna, medan dei klagar på at norske bønder ikkje kan skaffe dei endå billegare mat.

IMG_4307

Eigentleg er det heilt uforståeleg at foreldre prioriterer bilen framfor barna sine!

Måten norske foreldre brukar pengar på – måten somme prioriterar når dei kjøper mat til barna – trumfar tomme utsagn om at barna er det mest verdifulle dei har. Bilen, som skal vare nokre få år, får det absolutt beste. Barna, som skal leve eit heilt menneskeliv, får det billegaste maten som kan skaffast for pengar. Eigentleg er det heilt uforståeleg at foreldre prioriterer bilen framfor barna sine!

Og du vil eg skal tru deg når du seier barna dine er det mest verdifulle i livet ditt? Og så går du på butikken på jakt etter den billegaste maten du finn til dei, slik at du skal ha råd til å behandle bilen din fint? Trass at du veit at den billege maten forårsakar sjukdommane barna dine får? Eg berre spør. Svaret ditt vil eg aldri forstå!

Post Navigation