MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Friele”

Avfallssorteringssamfunnet.

Vi sorterar uønska element, avfall, på mange måtar. Sogn Avis hadde nyleg ein artikkel om kor elendige sogningane er til å sortere avfall rett. Alt for mykje havnar i restavfallet, meiner Simas. Det får Simas til å true med auka avgifter.

TV2 har hatt fleire saker siste tida der konklusjonen av avfallssorteringa er motsett av Simas. Tina Skurdal hos BIR (Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap) ropar varsku om at produsentar, sannsynlegvis for å framstå i eit positivt klimalys, feilmerkar emballasje. Derfor havnar mykje emballasje i plast eller papir sjølv om dei ikkje er gjennvinnbare, og derfor burde vore sortert som restavfall. Hos Simas er problemet at for mykje havnar i restavfallet fordi vi forbrukarar er så ignorante og likesæle som vi er. Hos BIR er det eit stort problem at avfall som burde vore i restavfallet havnar i papir eller plast, sjølv om det ikkje kan resirkulerast, fordi produsentane feilmerkar emballasje for å setje seg sjølve i eit klimatisk godt lys.

Plast? Finn feil!

Ifylgje opplsaget om Simas har eg ikkje sortert så feil som dei fleste sogningar. Men ifylgje TV2-innslaget har eg sortert heilt feil. Fordi eg har sortert avfall som plast når det ikkje kan resurkelarst som plast og som papir når det ikkje kan resirkulerast som papir. I TV2-saka viser både Friele og Sørlandschips til Grønt Punkt Norveg, som stadfestar at dei står bak råda dei har gjeve til produsentane om å sortere avfall i papir og plast sjølv om det ifylgje Tina Skurdal, hos ein av landets største renovasjonsselskap, høyrer heime i restavfallet.

Før eg leverte plast nyleg sorterte eg på nytt og måtter plukke mykje avfall bort frå plast og over til restavfall. Så no har eg meir restavfall til Simas enn eg nokon gong har hatt før. Fordi saka på TV2 hadde større truverde enn saka i Sogn Avis. Eg ynskjer av heile meg å sortere rett. Men korleis skal eg klare det når Simas, BIR og produsentar (i samråd med Grønt Punkt) gir så heilt ulike instruksjonar om korleis vi skal sortere?

For nokre år sidan snakka eg med ein som kjente til utviklinga av biobrensel-bussar i Norveg. Han fortalde om visjonar om biodrivstoff av lokalt restavfall. Visjonen enda med at restavfallet måtte fraktast frå Sogn og Fjodane til Sverige, der det blei produsert biodrivstoff. Frakta av avfallet frå Vestlandet til Sverige og tilbake som biodrivstoff for eit par bussar skjedde sjølvsagt med vanleg, avgiftsfri diesel. Det fossile drivstoffet som blei brukt i transport fram og tilbake utgjorde ifylgje mi kjelde sannsynlegvis mykje meir enn biodrivstoffet som kom tilbake hit. Altså eit stort minusprosjekt i klimarekneskapet, men eit stort pluss i rekneskapet til busselskapet. Eg prøver å sortere så godt eg kan, og det trur eg andre sogningar gjer også, sjølv om Simas ikkje trur oss. Men no truar Simas med å straffe oss forbrukarar fordi vi sorterer feil når vi sorterer slik Grønt Punkt instruerer oss om. Burde ikkje Simas ta dei som feilinformerer kundane sine før dei kjem med trusslar mot oss? Eller skal dei halde fram med å le av oss forbrukarar slik dei gjorde då eg ringte og klaga fordi slambilen la igjen kloakk i heile tunet mitt for nokre år sidan – fordi eg ikkje hadde fotografert tunet mitt før eg rydda opp. For eg har vel ikkje bevis gode nok denne gongen heller – på at eg ynskjer å sortere best muleg.

Denne teksten stod på trykk i Sogn Avis 4. juli 2020

Post Navigation