MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Fy”

Vy. Fy!

For litt sidan brukte NSB enorme konsulenthonorar på å late seg manipulere til å tru at det var lønnsamt å endre namn til Vy. Fy, kor lettmanipulerte norske leiarar kan være!

Vy. FY!

For litt sidan overtok dette nye Vy ekspressbussane her i fylket. Før dei overtok kosta det 37 kroner for eit barn å ta bussen frå Fjærland til Sogndal. Med forhåndsbetalt verdikort fekk du i tillegg 40 prosent rabatt. Altså ein barnebillett til omlag 23 kroner. No kostar det 90 kroner for eit barn under 16 år å ta bussen frå Fjærland til Sogndal, og like mykje tilbake. Det er ei firdobling i prisen for barn som reiser mykje. FY! Og verdikortet som gir 40 prosent gjeld ikkje meir. Kanskje på Kringom-bussane, men i alle fall ikkje på Vy. Fy!

Før Fy tok over bussruter her i fylket kunne ungdommar 16-18 kjøpe ungdomskort på kvar buss som stoppa i Fjærland. Det kosta 365 kroner for 30 dagar. Men ungdomskort kan du ikkje kjøpe på alle bussane meir. Berre på Kringom-bussane, ikkje på Vy. Fy! For dersom ungdomskortet har gått ut, så må du først betale 90, av og til 99 kroner, for å komme deg til Sogndal, og så kan du finne ein Kringom-buss og kjøpe eit ungdomskort for 370 kroner. I praksis kostar då ungdomskortet no 460 kroner dersom du står i Fjærland og ventar på bussen. I alle fall dersom bussen som kjem er frå Vy. Fy!

Rett nok gjeld ungdomskortet på Vy, sjølv om du ikkje kan kjøpe det på Fy. Men det gjeld berre dersom du klarar å ta vare på ein bitteliten kvittering. For Vy har ikkje eit datasystem som taklar ungdomskortet. Så du må må vise kvittering for at du har fylt på ungdomskortet. Dei klarar ikkje lese verdikortet heller. Rabattar for folk som reiser mykje kollektivt gjeld ikkje meir. I alle fall ikkje på Vy. Fy!

Eg høyrde Trude Brosvik, som sit i det nye Sogn og Fjordane/Hordaland-fylkestinget Vestland på Vestlandet. Ho sa at no skal dei ordne det slik at kollektivtilbodet blir like bra i Sogn og Fjordane som det var i Vestland før. Eg har gjort alt eg kan for å komme i kontakt med Brosvik, både via sosiale medier og via telefon, og har sagt kva det var eg ville ta opp. Men ho svarar meg ikkje. Det er vel uansett ikkje ho som bestemmer. Den makta har ho vel gitt til statlege Vy. Fy!

I alle fall vil det koste meg og barna 800 kroner å reise tur-retur Fjærland – Sogndal med buss. Ein skal stå lenge parkert i Sogndal dersom det ikkje skulle lønne seg å køyre sjølv. Har Covid-219 fått klimatiltak heilt ut av politikarane og Vy sine hovud? Vyer for framtida liksom? Fy.

Post Navigation