MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Jens Stoltenberg”

Ufin kamp om veljarane

(Denne teksten blei først publisert i BT og Vårt Land hausten 2013.)

Alle som les aviser har fått med seg ufine kampar mellom og innanfor mange politiske parti denne valkampen. Meir usynleg for dei fleste føregår ein kamp om dei kristne veljarane. Ein kamp som ofte er prega av sterke skuldingar og fantastiske konspirasjonsteoriar.

Mange skuffa Krf-veljarar søker mot Frp som eit frelsande parti som skal stoppe avkristninga av Norge. Men på den blåblåaste sida dukkar det gong på gong opp konkurrentar om dei kristne veljarane. I år stiller til val eit parti med det monopoliserande namnet «Dei kristne», som om dei hadde guddommeleg einerett på å vere politisk kristne. Eg møtte ved eit tilfelle ein av stortingskandidatane deira i sommar. Då forstod eg namnetvalet til partiet. Ho var full av forakt og negativ omtale av Krf og namngjevne Krf-politikarar, på ein måte eg slett ikkje assosierar med kristendom og kristen nestekjærleik. Dei kjenner seg kalla av Gud og Han sjølv skal syrgje for at dei kjem inn på Stortinget, hevdar dei. Eg tykkjer det då er undarleg at dei sjølve trur så lite på denne visjonen at dei er nøydde til å bruke valkampen til å rakke ned på Krf og alle andre (bortsett frå Frp) på ein måte som er heilt framandt for mitt bilde av kristendom.

Eg spurde «Dei kristne»-førtekandidaten om fleire politiske emne. Kva slags klimapolitikk har dei? Eg fekk då vita at klimapolitikk har vorte ein religion, at dei ikkje har noko punkt om det i programmet sitt, og at eg som kristen bør vite at jorda er som eit laken som etter kvart blir utslite, og at det er det som skjer med jorda. Tanken om at klimaproblema har med menneska å gjere, eller at dei kan vere menneskeskapt, er ein idè oppfunne av FN og norske sosialistar med eitt føremål: å vri mest muleg skattar og avgifter ut av norske skattebetalarar. Ein meir tydeleg konspirasjonsteori har ikkje eg møtt denne valkampen, ikkje ein gong hos Frp. Men ein ting trur eg felles med det politiske partiet «Dei kristne», og det er at Gud vil plassera dei der dei skal vera etter 9. september.

Grunnleggjaren av den kristne tv-kanalen Visjon Norge, Jan Hanvold, brukar facebook aktivt for å påverke folk til å stemme Frp. Om Frp og «Dei kristne» får styre vil Norge bli eit paradis, hevdar han. Då han blei frelst forstod han kva åndsmakter som driv sosialistane. Det er antikristelege straumar som fornektar Gud og evangeliet. I ein nabostatus skriv han: «Krf er sosialister, som vil ha opp bensinpriser og skatte folk ihjel. Krf er et parti som ikke er å stole på.» I andre statusar skriv han: «Ikke kast bort stemmen dine på Krf. Det var med å avkristne Norge i 2012 og har avkristnet sitt selv selv i 2013.» og «Krf har lenge nok manipulert sine velgere. Det er godt at flere og flere skjønner dette.» Eg reknar med at kristne flest forstår korleis Hanvold prøver manipulere sine fylgjarar.

Jan Hanvold avslører sjølv at det han skriv om norske politikarar byggjer på forakt. I ein status skriv han: «Igår var vi samlet i Hokksund Rådhus. Der fikk vi ennå større politiker forakt.» Og eg trudde at kristne skulle be for og velsigne dei som styrer i landet, ikkje forakte dei eller spreie hatfulle ord om dei!

I nesten kvar einaste status ser det ut som målet er å rakke ned på Krf og sosialistar grovast muleg, med tal og skuldingar som er meir eller mindre sanne. Dei raudgrøne, desse antikristelege sosialistane, har i det heile mykje på samvitet. Det er dei som har skulda for at det oppstod brann i Gudvanga-tunnellen, og for at bilistane måtte lide i bilkøar på grunn av omkøyringane etterpå. Det er dei raudgrøne sin feil at folk køyrer seg i hel på norske vegar, fordi vegane er for smale. I heile tatt har sosialistane ikkje gjort anna enn å bygge opp byråkratiet dei siste åra, og gitt blaffen i alt anna som skulle vore gjort.

Men kva for paradis snakkar Hanvold eigentleg om? Ein kan få inntrykk av at eit samfunn utan sosialistar eller Krf er ein god start. Det er visst ikkje så ille her på Vestlandet forresten: «Det er befriende å være på vest-landet. For her er det lite sosialister, å mange kristne,» skriv Hanvold. For han er nok kombinasjonen kristne sosialistar utelukka. Dei tilhøyrer nok ikkje hans målgruppe.

Kva for paradis blir det i Norge om Hanvold får det slik han vil med Frp som styrande makt? Først og fremst blir det eit samfunn der kapitalismen legg alle føringar. Det blir ikkje mykje paradis av at Mammon styrer landet! I tillegg vert desse punkta gjennomført: Aktiv dødshjelp. Prostitusjon likestillast med «andre sørvisyrke». Staten skal ikkje setje grenser for porno. Sekskjøpslova skal opphevast. Tobakk og alkohol skal bli meir tilgjengeleg. Grovt sett skal det bli meir liberalistisk politikk på alle områder som dei kristne veljarane vil ha mindre liberalisme. For meg liknar ikkje dette på noko bibelsk paradis. Det liknar på eit samfunn som ikkje skil seg mykje frå dagens Norge.

Post Navigation