MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Jesus”

Julebodskapen for folk i 2018: Frykt ikkje!

Denne teksten seier noko om kva jula er og kva ho handlar om. Teksten stod på trykk som Innhogg i Sogn Avis 22. desember, og er skrive av Randi Førsund. Dei som hadde politisk og religiøs makt frykta Frelsaren både den gong han gjekk rundt på jorda og i dag, skriv Randi Førsund. Eg har fått lov å publisere teksten hennar her på Mannmedgreip, og legg den ut som ei julehelsing også frå meg.

Frykt ikkje…

Snart er jula her igjen. Kvart einaste år kjem ho, men kvifor kjem ho, og kva er målet med det heile? Det er verdt tenke nokre tankar over stoda når julefreden senkar seg og lysa skin i det vakre og mektige vintermørket. Tida vi no er på veg inn i er så absolutt tida for undring og ettertanke. Han som vart fødd i ein stall kom til ei jord der alle dører var stengde. Alle var redde for han som skulle kome. Ingen ville miste kontroll eller posisjonar. All regjerande makt nekta lovprise Frelsaren. Han som byrja livet som flyktning i livsfare. Samfunnstoppane og kunnskapseliten som skulle vite og formidle at Guds einbårne son var på veg, kunne korkje tru eller bruke tid på noko så meiningslaust og potensielt farleg. Herodes, han som var frykta og som frykta for eiga makt, ville Jesus til livs. Kan hende difor alle prestane og farisearane heldt kjeft og fornekta det som var på gang. Dei lågaste på rangstigen, gjetarane på marka i Betlehem, såg englar og himmelsk herlegdom og høyrde sangen deira og såg himmelen kome ned på jorda ei kort stund. Den himmelen som skal kome når Jesus kjem attende for alltid.
Det var to andre trufaste i tru og teneste som visste kven som snart skulle kome. Den eine heitte Simon, ein eldre mann som hadde fått vite av Gud at han ikkje skulle døy før han hadde sett frelsaren som skulle kome til verda. Han som alle profetane hadde vitna om i hundrevis av år. Ei kvinne som heitte Anna, ei profetinne, hadde og fått vite av Gud at den lenge varsla Frelsaren no endeleg var på veg inn i verda. Begge helsa dei jesusbarnet og fekk sjå han med eigne auge, slik dei var lova. Spørsmålet er om farisearane og prestane, dei som strengt tatt skulle vore på bana i første rekke, men som glimra med fråver, kva vart dei varsla om? Torde dei føre fram det dei eventuelt visste? Kva ville Herodes og alle dei mektige seie og meine? Ville dei halde på makta si om dei kom med noko slikt? Ville dei ikkje bli ledd og håna ut av alle verv og posisjonar? Herodes visste nok til at han visste kven han skulle drepe. Han drap uansett eiga familie og førstefødde, alt som trua makta hans i denne verda. Livet på denne sida av grava som går så fort.
Prestane og biskopane her i landet held i desse dagar kjeft. Ikkje eitt ord seier dei om dette temaet. Kven er dei redde for?
Englane på marka som varsla hyrdane sa «frykt ikkje.» Men alle hadde grunn til å gjere nettopp det. Jesu første kome braut inn i tradisjonar og maktposisjonar. Det eine grunnlag for drap etter det andre. Maria, eit typisk offer for æredrap. Herodes hadde nok av konkurrentar om han ikkje i tillegg skulle konkurrere med ein himmelsk konge med all makta i himmelen og på jorda. Han som uansett kva som skjer her i verda har makta til å seie «frykt ikkje, for eg har sigra over verda.»
Det alle desse menneska som gjorde at Jesu første kome vart gjennomført har til felles, er at dei trudde på Gud. Dei festa lit til Han og ikkje til forbigåande menneske, forbigåande materielle goder og den forbigåande makta kring dei.
Det er veldig likt våre dagar. Dei same profetane har varsla at Jesus skal koma att, denne gongen med makt og velde. Når profetiane om Jesu første kome vart oppfylt til minste detalj, kvifor skal ikkje profetiane om Jesu andre kome oppfyllast? Prestane og biskopane her i landet held i desse dagar kjeft. Ikkje eitt ord seier dei om dette temaet. Kven er dei redde for?
Eg blir ikkje overraska om det sit ei uredd Anna eller ein Simon i ei av sognebygdene. Dei veit mykje om dette. Dei har levd, sett og lært. Dei veit at tida for det aller største er på gang. Kan hende har dei fått vite at dei ikkje skal gå i grav før dei får sjå Frelsaren kome andre gongen slik han har lova.
God jul!
Randi Førsund
IMG_6486
Advertisements

Post Navigation