MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “jøde”

Rasisme og mobbing må ikkje sopast under teppet!

«For da står i statistikken, og då må det vera sant…»

Orda er lånt frå Ottar Wiik si «Statistikkvisa», der han med glitrande ironi syng om korleis statistikk kan brukast. Og misbrukast. Eg har lånt desse orda ein gong før, i den føste teksten eg skreiv for denne spalta. Det er over 10 år sidan no. Men Wiik si vise er like sann no som før. Statistikk er ikkje alltid synonymt med fakta. Og statistikk blir ikkje alltid brukt på ein sann måte. Mørketala kan vere store, som det også heiter.

Verken mobbing eller rasisme må sopast under teppet. Det må avslørast som det det er. Dersom det ikkje blir gjort blir det uråd å oppnå eit mobbefritt og rasismefritt samfunn.

Vi er godt starta på 2020, og fleire statistikkar frå 2019 er offentleggjort. Det er særleg eit par statistikkar eg har merka meg. Elevundersøkelsen 2019 viser lite nedgang i mobbing på skulane. Det er alvorleg for det norske samfunnet at 6 prosent av norske elevar blir mobba. Det er eit faktum at mobboffer seinare i livet slit meir med både fysisk og psykisk helse. I programserien Norge bak fasaden på TV2 seier ein psykolog at det er eit tidsspørsmål før det skjer ei skuleskyting i Norge. Han viser til ein skulebrann, der den unge gjerningsmannen slapp fengsel fordi han gjennom heile skuletida hadde blitt mobba utan at dei vaksne på skulen tok det alvorleg; han blei mobba for augene på lærarane utan at lærarane greip inn. For unge, sinte menn, som er øydelagt av mobbing, er det ikkje eit langt steg mellom skulebrann og skuleskyting, hevda psykologen. For å kunne gjere noko mot mobbing er det viktig at ein gjenkjenner mobbing når ein ser det. Å sope det under teppet kan få store konsekvensar.

KevinBellaJasmin

Dei høgreekstreme kreftene som held på å få fotfeste i landet vårt, ofte heia fram av kristne som har misforstått eller misbrukar det kristne menneskesynet, må stoppast!

På Holocaustdagen 27. januar blei det markert at det er 75 år sidan russarane frigjorde Auschwitz-Birkenau. I den samanhengen hevda nestleiaren i Antirasistisk senter, Ervin Kohn, at statistikken som viser at antisemittisme i Norge minkar, er feil. Jødane opplever meir antisemittisme i dag enn for nokre år sidan. Kohn forklarar korleis han meiner det har seg at statistikken ikkje snakkar sant. Det er fordi mange antisemittiske hendingar ikkje blir annerkjent som antisemittisme; blir ikkje gjenkjent som antisemittisme. Kohn illustrerer påstanden med klare antisemittiske haldningar og ordbruk i norsk offentlegheit. Som rapparen som gjentok «fuck jødane» både på konsert og på twitter. Eller ein sketsj på NRK radio, som Kohn meiner var klart antisemittisk, men som ikkje NRK eller PFU gjenkjente som antisemittisme. Rapparen burde vore tiltalt, meiner Kohn. Samehets og islamhets blir dømt i norsk rett. Det har til no ikkje antisemittisme blitt, seier han, og med jødane si historie er det rart at lista ligg høgare når det gjeld jødehat enn anna rasisme. Nokre land i Europa er «jødereine» eller nesten «jødereine» som resultat av antisemittisme, seier han og refererer til Frankrike og Polen. Men Norge er eit bra land for jødar, seier Kohn, sjølv om det er trist at både vaksne og barn her i landet skjuler sin jødiske identitet for å unngå mobbing.

Les om det mest antisemittiske som har stått på trykk i norske aviser sidan førre verdskrigen her.

Verken mobbing eller rasisme må sopast under teppet. Det må avslørast som det det er. Dersom det ikkje blir gjort blir det uråd å oppnå eit mobbefritt og rasismefritt samfunn. Dersom ikkje mobbing og antisemittisme blir gjenkjent som det det er, kan det føre til skuleskytingar og folkemord. Dei høgreekstreme kreftene som held på å få fotfeste i landet vårt, ofte heia fram av kristne som har misforstått eller misbrukar det kristne menneskesynet, må stoppast!

Omtrent denne teksten stod på trykk i spalta Innhogg i Sogn Avis 8. februar 2020.

Andre tekstar om mobbing:
Når læraren mobbar.
Novelle om mobbing og sjølvmord.

Utan lyset sprekk ikkje nazi-trollet!

Såg ein liten video i dag, delt på sosiale medier. Ein svensk journalist på arbeid for SVT er tilstade på ein demonstrasjon eller kanskje ein prideparade. Journalisten går fram til ei bod med nazistorganisasjonen Den nordiske motstandsrørsla (DNM), presenterer seg og spør om å få stille eit spørsmål.

– Hei, Janne heter jag. Kan jag ställa nogra frågor?

– Nei, för du är jude.

Journalisten spør igjen, og mannen svarar at nei, han vil ikkje snakke med ein ekkel jøde. – Hur menar du nu? spør Janne. Svaret frå nazisten er – Hur f*n kan du misstolka äklig jude?

Så kjem ein anna, høgre rangert nazist, og seier han kan svare på spørsmåla. Journalisten stiller spørsmål om demokrati og kven som skal ha stemmerett ifylgje DNM. Journalisten spør korleis det er med hans kone, som er av vallonsk blod, og hennar forfedre kom til Sverige på 1500-talet. Det er ingen problem med henne, svarar nazisten, bortsett frå at ho er gift med ein jøde.

(Sjå videoen her.)

Somme meinar at nazistane må ignorerast, så blir dei borte. Dei blir ikkje det. Troll sprekk ikkje før lyset treff dei, kan vi lese i norske folkeeventyr. I Bibelen står det at lyset overvinn mørkret. Og det er vel ei naturlov. Dersom mørkret får vere i fred i mørkret, så veks det der. Berre lyset kan overvinne mørkret.

Og nazismen er noko av det mørkaste verda har fostra. For 60-70 år sidan fekk nazismen vekse seg stor fordi ingen sette på lyset. Heller ikkje kyrkja, dei kristne i Europa, sette på lyset i mørkret, dei lukka augene og såg bort medan millionar av jødar og andre uønska innvandrarar til Europa blei behandla som dyr eller myrda, med kvinner og barn.

Sjølv om desse politikarane har teke avstand til nazismen, bør det vere eit skremmeskot for oss at nazistane hyllar dei for menneskesynet deira.

Det veks mørke krefter i Europa i dag. Ikkje alle desse kreftene kan kallast nazisme. Men noko har dei felles, og det som er felles er det som gjer dei mørke: Hatet mot dei andre, hatet mot dei framande. For nazistane var hatet mot jødane den viktigaste djevelske næringa. Men om ein tek bort hatet mot jødar og snakkar om hatet mot dei framande, mot dei andre, mot innvandrarane – då er ikkje det så stor skilnad mellom nazisme og mange av dei høgrepopulistiske politiske partia i Europa i dag. Også her i landet har vi sett døme på at profilerte politikarar med makt har bevega seg inn på noko av nazistane sitt menneskesyn. Til stor jubel for nazistane sjølvsagt. Sjølv om desse politikarane tek avstand til nazismen, bør det vere eit skremmeskot for oss at nazistane hyllar desse politikarane for menneskesynet deira.

Dei tunne grensene mellom framandhat og nynazisme.

Dette kan vi ikkje tie i hel. Vi må sette lyset på før det er for seint. Vi kan ikkje tenkje at det nyttar ikkje at eg seier frå. Vi må ikkje late det komme så langt at vi ikkje lenger torer å seie frå. Vi må ikkje late mørkret og framandhatet ta over Europa utan å setje på lyset. Då vi historien dømme oss på same måte som dei som såg kva som skjedde i Europa på 1930- og 40-talet utan å sei frå.

Eg har vore på Auschwitz Birkenau der restane av omlag 1,5 millionar menneske; menn, kvinner og barn, for det meste jødar, kviler i aska. Lukta av aska ligg framleis stramt over plassen. Europa har lova at dette aldri skal skje igjen. Men då må vi stoppe dei kreftene som vi ser i dag som la grunnlaget for det som skjedde då. Vi må ikkje unngå denne debatten. Vi må setje på lyset!

Nynazistar får ikkje skrive på fb-veggen min meir!

IMG_5603 (2)

Post Navigation