MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Jonas Gahr Støre”

Kunsten å kuppe ein nominasjon

Ein får inntrykk av at det er politisk og økonomisk uro jorda rundt. Slik har det sikkert alltid vore, men i dag går nyhenda så raskt at det som skjer blir kjent jorda rundt i løpet av ein augneblink. Rett før helga enda toppmøtet mellom Donald og Kim, the little rocket man, utan avtale. Det er kanskje det vi hugsar best frå veke som har gått. I Storbritannia er Labour, det britiske Arbeidarpartiet, rysta av antisemittiske haldningar i leiinga. Det har vore kjent lenge, men siste tida har partitoppar meldt seg ut fordi dei antisemittiske haldningane ikkje har vorte teke tak i. Eller kanskje mest på grunn av usemje om Brexit.

kupp

Her i Norge har Trond Giske prega nyhenda siste vekene. Han skal visstnok ha like dårleg kvinnesyn og like dårleg omgang med kvinner som Donald Trump. Utan samanlikning elles. Men det bryr ikkje Trøndelag Arbeidarparti seg så mykje om. Ikkje Årdal Arbeidarparti heller, får vi vite av NRK. Der vil Ap-medlem og fagforeiningsleiar Andreas Bakken helst skifte ut Jonas Gahr Støre med Trond Giske. Støtta til Giske i Ap-bastionen Årdal illustrerer at den «uheldige» dansevideoen med Giske er del av ein maktkamp inne i partiet.

Overskrifta burde vore «Sogndal fotball kuppa nominasjonsmøtet ,» seier Svein Røysum.

Men det er ikkje berre ein maktkamp. Dei alvorlege metoo-sakene mot Giske ligg ferske og opne bak trønderen. Han sjølv har brukt meir energi på å bagatellisere hendingane enn på å legge seg flat, seier kritikarane. Å gi han viktige tillitsverv så kort tid etter metoo blir nok opplevd som krenkande for både offer og andre i partiet. Derfor burde Giske forstått at ei kvar lita sak ville bli brukt mot han. Likevel let han seg filme medan han «tafsar» på unge kvinner. Dei opplevde det ikkje ubehageleg, nei. Men Giske burde forstått at fiendane hans i partiet ville bruke det mot han. Og det gjorde dei. Dei køyrde saka i media, med direkte løgnaktig framstilling. Slik fekk dei endra nominasjonen av Giske til viktige verv i Trøndelag.

Det er forresten uro i Ap i den nye Sogndal storkommune også. Medan dei andre politiske partia enda opp med lister til kommunevalet som var omlag slik nominasjons-nemndene hadde innstilt, så var det kamp om plassane i nye Sogndal Ap. I førekant av nominasjonsmøtet hadde partiet verva mange nye medlemmer. Jon Håkon Odd frå Leikanger var med 4 mot 2 stemmer innstilt som ordførarkandidat. Men det var varsla på førehand at sogndølene kom til å møte mannsterke på nominasjonsmøtet for å stemme Kjetil Kvåle inn som Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat. Og på eit nominasjonsmøte som hadde større frammøte enn Årdal Ap brukar å ha, så lukkast sogndølene å gjere store endringar på nominasjons-nemnda si innstilling.

Svein Røysum, som har sitte i kommunestyret for Arbeidarpartiet i Leikanger fleire periodar, seier han er litt oppgjeven over lokalavisa si meir eller mindre manglande dekning av kva som skjedde på møtet. Overskrifta i avisa burde vore «Sogndal fotball kuppa nominasjonsmøtet til Ap på Systrond,» seier han. Men dei hadde vel full rett til å møte mannsterke, påpeika eg. Jau, dei hadde vel det, svarar han. Det er ikkje akkurat noko opprør etter nominasjonsmøtet, seier han, men sjølv har han bestemt seg for å stemme på eit anna parti dette valet. Så det er vel ikkje feil å seie at det er eit slags opprør. Sjølv om sogndølene si «kupping» av nominasjonsmøtet på Systrond var heller uskuldig samanlikna med metodane dei brukar i Trøndelag.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 2. mars.

Advertisements

Manipulering i folket si teneste

«At der er Trold i Mennesker, ved envher, som har lidt Øie for den slags. De ligger inde i Personligheden og binder den som urørligt Fjeldstykke, lunefuldt Hav og ustyrligt Veir, — store og små Ubeister, –»

Slik innleiar Jonas Lie novellesamlinga Trold. Kva meiner han med at det er troll i menneske? Lat oss skrive om teksten hans lite grann: For at det er manipulasjon i menneske det veit einkvar som har litt auge for denslags. Det ligg som troll inne i personlegdommen og bitt den som urørleg fjell, lunefullt hav og ustyrleg vêr…

Eg håpar Jonas Lie ville tilgitt meg for at eg manipulerer med teksten hans for å få fram poenget mitt…

Einkvar som fylgjer litt med på norsk politikk, og som har eit auge for kva manipulering er for noko, vil lett sjå den massive bruken av manipulasjon som hersketeknikk i debattar. Både politikarar og programleiarar har gjort seg til ekspertar på det, og denne gifta tek opp sendetida til og med i program som Politisk kvarter og Dagsnytt 18.

Ofte føregår politiske debattar slik: 1. Politikar A konstaterer at politikar B har meiningar vi lyttarar veit dei ikkje har. 2. Politikar A kjem med stygge angrep mot politikar B for at dei har dei meiningane lyttarane veit dei ikkje har. 3. Politikar A konkluderer på grunnlag av manipuleringa i punkt 1 og 2, at politikar B er ein fiende av folket. 4a. Punkt 1 til 3 gjentek seg med politikar A og B i motsette roller, eller 4b. Politikar B har integritet nok til å oversjå manipuleringa og konsentrerer seg om å leggje fram sine eigentlege meiningar. 5. Uavhengig av om punkt 4a eller 4b skjer tek programleiaren over rolla som manipulator. Dette er oppskrifta på svært mange norske politiske debattar. Sjølv merkar eg at eg blir både lei meg og oppgitt når denne oppskrifta blir brukt.

manipulasjon

Dette biletet er forresten ikkje manipulert!

Dessverre lærer vi for lite om retorikk og manipulasjon på skulen. For mange år sidan var eg på ei førelesing på Høgskulen i Bø der det blei hevda at vi her i landet hadde gjort ein alvorleg feil etter førre verdskrig. Han hevda retorikk blei teke bort som skulefag fordi ein var redd for at kunnskap om retorikk ville skape nye hitlerar. Han meinte dette var ei feilslutning, då Hitler var eit «naturtalent» på retorikk, og at manglande kunnskap om retorikk berre fører til at folk ikkje klarar å avsløre manipulatorar og psykopatar. Eg trur han hadde eit viktig poeng. Kunnskapen om retorikk og manipulatorar er framleis for liten. Derfor manglar vi verktøya vi treng for å avsløre manipulatorane.

Manipulering kan vere både urettvis og gi farlege fylgjer. Sjølv opplevde eg nyleg ein intervju-situasjon der eg fortalde om gode minne frå eigen barndom. Eg fortalde om korleis mange barn i nabolaget leika gøymespel, og at vi den gongen også gøymde oss i låva. I låva får ikkje barna mine lov å leike, sa eg. I referatet som eg fekk i ettertid står det: «Johannes og søskena hans leika saman og gjorde ting folk ikkje får lov å gjere.» Feilsitatet er så grovt urettvist, både mot meg, søskena mine og dei andre barna i nabolaget, at eg tok kontakt med dei som hadde skrive dette. For uansett kven som les dette referatet så vil alt anna som står der bli tolka i lyset av at vi heldt på med kriminelle aktivitetar som barn. Men intervjuvaren sa at den grove og løgnaktige manipuleringa med det eg har sagt dessverre blir ståande for all tid, sjølv om ho innrømmer at det gir eit feil bilde av meg. Dokumentet er låst og kan ikkje endrast. Det er sjølvsagt ikkje hennar feil, men systemet. Kven andre enn Staten kan oppføre seg slik mot enkeltmenneskjer?

Giske sine venner i Sogn

Det er ikkje lett å finne nokon som har tillit til Trond Giske no, har vi høyrt på NRK fleire gonger siste dagane. Men NRK klarar likevel å finne dei. I Sogn. Og AP-toppar i Sogn stiller villeg til intervju på NRK og fortel kor feil heile saka med varslingane mot Giske er.

På tysdag høyrde vi Clara Øberg på NRK radio. Hennar vinkling er kva partileiinga sentralt har gjort feil i varslingssakene mot Giske. Hennar tankar går til nestleiaren sin situasjon. At mediepresset kan øydeleggje folk. For det har det gjort før. Men Giske visste om media før varslarane varsla om trakassering. Sjølvsagt har Øberg rett i at det også er partileiinga sitt ansvar å ta vare på Giske også i denne situasjonen. Det er deira plikt. Det er Støre si plikt å ta vare på ein venn. Men alt tydar på at Giske sjølv har forårsaka den vanskelege situasjonen han no er i. Det må Øberg også forstå, sjølv om ho i NRK-klippet ikkje tek mykje forbehold i si støtte til Giske.

På onsdag var det Hilmar Høl sin tur på NRK. Han seier Giske er den beste industripolitikaren AP har, som om det trumfar varslarane. Og så legg han til at han har stor tillit til Giske som politikar.

Giske har ikkje så mange venner no. Men han treng dei vennene han har. Og dei kan han finne i Sogn. Er det symptomatisk for Sogn og Fjordane AP sitt syn på Giske og på dei som har varsla?

No meinar i grunn ikkje eg at det er feil å vere venn av Giske, sjølv om det kan vere vanskeleg å vere det no i mediekøyret mot han. Men det må gå an å vere venn utan å stå fram på riksdekkande med å uttrykke sin store tillit til Giske akkurat no. Det gjer ikkje ein gong partileiar Støre, sjølv om han burde vere ein venn av Giske. Slik partileiaren framstår no er ikkje særleg tillitsvekkande. Spørsmålet er kor lenge han har tillit nok til å bli stijande som AP-leiar. Hadia Tajik pustar han lint i nakken.

vennskap

Valkampoppvasken

Valkampen er heldigvis snart slutt. Dei fleste er vel no leie av politikarar som ropar i munnen på kvarandre slik at ingen får med seg noko av kva dei meinar. Det vi kjem til å hugse frå denne valkampen er kanskje mest at det blei den skitnaste valkampen nokon hugsar her til lands.

Det er lenge sidan eg blei lei av at Trond Giske og Jonas Gahr Støre omtrent kvar einaste kveld i beste sendetid på radio og fjernsyn snakka om kor dårleg alt går her i landet, og kor mykje dårlegare alt kjem til å bli om ikkje dei får styre landet neste fire åra. Meiningsmålingane viser at det ikkje berre er eg som ikkje ynskjer ein statsminister som satsa heile valkampen på at landet held på å gå til grunne når ikkje han har makt. Å sutre seg gjennom valkampen fungerer dårleg når det annakvar dag kjem statistikk og rapportar om at ting likevel ikkje går så dårleg i Norveg. Å sutre over kor dårleg det går i verdas rikaste land er sjølvsagt ein mislukka valkampstrategi. Men det er ikkje dette som gjer valkampen til den skitnaste vi hugsar. Sutringa til ma Støre og Giske er nokså uskuldig samanlikna med mykje anna.

Det skitnaste i valkampen trudde vi lenge var Listhaug sine mange uttalar bygd på intoleranse og framandfrykt. Framandhat og retorikk som byggjer frykt og trusslar og hatefulle kommentarar på nettet er dessverre på framvekst i Europa. Men denne veka klarte AUF nesten å slå Listhaug i skitne triks. I ein video brukte AUF i Trøndelag så «sterke verkemiddel» at Støre tok sterk avstand frå den. Videoen blei då sletta. Men ifylgje Aftenposten forsvarte AUF-leiar i Trøndelag, Julie I. Hole, videoen. Ho meinar den ikkje var over streken, og at videoen blei sletta fordi dei hadde fått fram dei poenga dei ville ha fram.

Eg vil bruke eit bilde: Lat oss tenkje oss at valkampen var sett saman av koppar og glas, tallerkar og fat, knivar og gaflar og serveringsskeier. Alt slikt treng å bli vaska opp etter bruk. Om det ikkje blir vaska blir det berre meir og meir ureint. Meir og meir uappettitteleg. Meir og meir ekkelt. Meir og meir fråstøytande. Og meir og meir skadeleg for dei som brukar det. Slik er det også med valkampen. Det må vere nokre valkampar sidan nokon har gidda å teke oppvasken. Derfor blir alt ein brukar i valkampen skitnare og skitnare. Det har vorte direkte uappettitteleg; ekkelt. Og det har vorte potensielt skadeleg å bli utsett for det. Det er på tide at nokon tek ein oppvask. Det er ikkje slik veljarane vil ha det i Norveg. Kanskje media vil ha valkampen så konfliktfull og fråstøytande som muleg. Og dei hjelper godt til med å vri og vende på alt når dei intervjuvar politikarane. Dei har gjort seg til ekspertar på å misforstå politikarane med vilje og på manipulerande intervju. Dei skuldar politikarane for å vere uklare, men gjer alt dei kan sjølve for å gjere politikarne sine standpunkt forvridde til det ugjenkjennelege. Debattprogrammet Underhuset på TV2 er snart åleine om å ikkje vri og vende og manipulere slik.

Uansett om du vil stemme på eit parti som ikkje har teke valkampoppvasken på lang tid, eller om du vil stemme på eit parti som har det litt reinare på kjøkenet, så er det viktig å bruke stemmeretten. Om du ikkje stemmer har du heller ingen rett til å kritisere politikarane på noka side i det politiske landskapet. Godt val!

Johannes Eggen Mundal

Post Navigation