MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “jul”

Julebodskapen for folk i 2018: Frykt ikkje!

Denne teksten seier noko om kva jula er og kva ho handlar om. Teksten stod på trykk som Innhogg i Sogn Avis 22. desember, og er skrive av Randi Førsund. Dei som hadde politisk og religiøs makt frykta Frelsaren både den gong han gjekk rundt på jorda og i dag, skriv Randi Førsund. Eg har fått lov å publisere teksten hennar her på Mannmedgreip, og legg den ut som ei julehelsing også frå meg.

Frykt ikkje…

Snart er jula her igjen. Kvart einaste år kjem ho, men kvifor kjem ho, og kva er målet med det heile? Det er verdt tenke nokre tankar over stoda når julefreden senkar seg og lysa skin i det vakre og mektige vintermørket. Tida vi no er på veg inn i er så absolutt tida for undring og ettertanke. Han som vart fødd i ein stall kom til ei jord der alle dører var stengde. Alle var redde for han som skulle kome. Ingen ville miste kontroll eller posisjonar. All regjerande makt nekta lovprise Frelsaren. Han som byrja livet som flyktning i livsfare. Samfunnstoppane og kunnskapseliten som skulle vite og formidle at Guds einbårne son var på veg, kunne korkje tru eller bruke tid på noko så meiningslaust og potensielt farleg. Herodes, han som var frykta og som frykta for eiga makt, ville Jesus til livs. Kan hende difor alle prestane og farisearane heldt kjeft og fornekta det som var på gang. Dei lågaste på rangstigen, gjetarane på marka i Betlehem, såg englar og himmelsk herlegdom og høyrde sangen deira og såg himmelen kome ned på jorda ei kort stund. Den himmelen som skal kome når Jesus kjem attende for alltid.
Det var to andre trufaste i tru og teneste som visste kven som snart skulle kome. Den eine heitte Simon, ein eldre mann som hadde fått vite av Gud at han ikkje skulle døy før han hadde sett frelsaren som skulle kome til verda. Han som alle profetane hadde vitna om i hundrevis av år. Ei kvinne som heitte Anna, ei profetinne, hadde og fått vite av Gud at den lenge varsla Frelsaren no endeleg var på veg inn i verda. Begge helsa dei jesusbarnet og fekk sjå han med eigne auge, slik dei var lova. Spørsmålet er om farisearane og prestane, dei som strengt tatt skulle vore på bana i første rekke, men som glimra med fråver, kva vart dei varsla om? Torde dei føre fram det dei eventuelt visste? Kva ville Herodes og alle dei mektige seie og meine? Ville dei halde på makta si om dei kom med noko slikt? Ville dei ikkje bli ledd og håna ut av alle verv og posisjonar? Herodes visste nok til at han visste kven han skulle drepe. Han drap uansett eiga familie og førstefødde, alt som trua makta hans i denne verda. Livet på denne sida av grava som går så fort.
Prestane og biskopane her i landet held i desse dagar kjeft. Ikkje eitt ord seier dei om dette temaet. Kven er dei redde for?
Englane på marka som varsla hyrdane sa «frykt ikkje.» Men alle hadde grunn til å gjere nettopp det. Jesu første kome braut inn i tradisjonar og maktposisjonar. Det eine grunnlag for drap etter det andre. Maria, eit typisk offer for æredrap. Herodes hadde nok av konkurrentar om han ikkje i tillegg skulle konkurrere med ein himmelsk konge med all makta i himmelen og på jorda. Han som uansett kva som skjer her i verda har makta til å seie «frykt ikkje, for eg har sigra over verda.»
Det alle desse menneska som gjorde at Jesu første kome vart gjennomført har til felles, er at dei trudde på Gud. Dei festa lit til Han og ikkje til forbigåande menneske, forbigåande materielle goder og den forbigåande makta kring dei.
Det er veldig likt våre dagar. Dei same profetane har varsla at Jesus skal koma att, denne gongen med makt og velde. Når profetiane om Jesu første kome vart oppfylt til minste detalj, kvifor skal ikkje profetiane om Jesu andre kome oppfyllast? Prestane og biskopane her i landet held i desse dagar kjeft. Ikkje eitt ord seier dei om dette temaet. Kven er dei redde for?
Eg blir ikkje overraska om det sit ei uredd Anna eller ein Simon i ei av sognebygdene. Dei veit mykje om dette. Dei har levd, sett og lært. Dei veit at tida for det aller største er på gang. Kan hende har dei fått vite at dei ikkje skal gå i grav før dei får sjå Frelsaren kome andre gongen slik han har lova.
God jul!
Randi Førsund
IMG_6486
Advertisements

Landet som hadde gløymt kva jula var

Langt nord på kloden låg det eit land med eit folk som var litt for seg sjølve. På mange måtar var dei forskjellige som folk flest på kloden; det var store og små, smale og breie, flinke og late, nokre likte pizza og andre likte laks. Men dei skilde seg på ein måte: Dei var overmåte rike. Sjølv dei som var rekna som fattige var rike samanlikna med dei mange fattige på kloden. Rikdommen hadde gjort dei så eigenkjære at dei ikkje ville dele rikdommen sin med dei fattige, og så sjølvgode at hovmotet hadde festa seg på dei. Og dei hadde gløymt korleis ting var før Nordlandet blei rikt.

Kvart år før vinteren kom, sånn i oktober ein gong, tok dei til å førebu ei høgtid dei ikkje lenger hugsa kva handla om. Dei hugsa ikkje lenger forteljinga om det vesle barnet som blei fødd ’den første jula’. Jula handla framleis om tradisjonar og om å vere snill med alle rundt seg, ja. Men det var tre ting som blei større for kvart år: handelsstanden, gåvene og egoet.

IMG_5702

Kvart år kriga handelsstanden i Nordlandet mot kvarandre om å selje mest muleg til høgst muleg pris, og få det til å sjå både billeg og naudsynt ut. I oktober ein gong var julesjokoladen på plass i butikkhyllene. Og folk kjøpte godteri til dobbel kilopris av resten av året, fordi det var pakka i posar med juledekor. Handelsstanden gjorde seg til som nissar, men i staden for å gi bort gåver til dei som hadde vore snille prøvde handlenissane å selje dyrast mulege produkt til alle som budde i landet. Desse nissane såg så snille ut, og folket i landet trudde dei var snille. Men det einaste desse nissane tenkte på var seg sjølve og på å tene mest muleg pengar. På mange måtar tok folk etter nissane. Dei tenkte meir og meir på seg sjølve. Om det kom fattige på besøk til dei, blei dei jaga ut av Nordlandet att, fordi folket der ikkje lenger ville dele av rikdommen sin med fattige, som i tillegg ofte såg annleis ut enn dei sjølve.

Dei tykte det var best dei fattige blei verande der dei var, slik at dei kunne halde fram med å produsere billege varer for dei. Nisseluer til dømes, eller gensarane og buksene dei fekk til jul. Tenk kor dyrt det hadde vore om det ikkje var slik at fattige barn måtte stengast inne i fabrikkar for å sy klede til folket i det rike landet. Det hadde gått ut over velferda vår, tenkte folk i det overmåte rike landet, der dei kosa seg med kaffi og kaker og selskap og vin. Dei sende knapt ein tanke til barn og kvinner og fattige folk som måtte ofre omtrent alt for å overleve, og for at Nordlandet kunne halde fram med å vere rikast i verda. Folket sat heile jula rundt bordet og sveitta og pesa og sikla. Dei hadde heilt gløymt han som levde på jorda for snart 2000 år sidan, han som hadde prøvd å lære dei at den som er rik, men likevel lèt att hjarta sitt når han ser nokon lide naud, han har ikkje kjærleik i seg. Pengar og eigenkjærleik hadde fylt tomrommet etter kjærleiken hos folket i Nordlandet.

På veg inn i 2018 merkar knapt folket i Nordlandet at verda endrar seg. Dei har prøvd å viske bort grensene mellom det som er godt og det som er vondt, og merkar ikkje at det vonde blir mørkare og det gode blir lysare. Dei har lagt heile sin lit til rikdommen sin, og forstår ikkje at det kan komme tider som gjer rikdom ubrukeleg. Dei som styrer Nordlandet seier at uansett kriser, om det skulle bli forårsaka av klimaendring, krig eller anna, så vil handelsvegane i verda ikkje bli påverka. Dei hugsar ikkje lenger kva ei krise er. Eller kva jula var.

Dette var eit forsøk på å dikte ei forteljing. Litt inspirert frå Alf Prøysen si forteljing om bygda som gløymde jula, og litt inspirert av røyndommen. Godt nytt år!

Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 2017 sin nest siste dag.

Post Navigation