MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “klima”

Vy. Fy!

For litt sidan brukte NSB enorme konsulenthonorar på å late seg manipulere til å tru at det var lønnsamt å endre namn til Vy. Fy, kor lettmanipulerte norske leiarar kan være!

Vy. FY!

For litt sidan overtok dette nye Vy ekspressbussane her i fylket. Før dei overtok kosta det 37 kroner for eit barn å ta bussen frå Fjærland til Sogndal. Med forhåndsbetalt verdikort fekk du i tillegg 40 prosent rabatt. Altså ein barnebillett til omlag 23 kroner. No kostar det 90 kroner for eit barn under 16 år å ta bussen frå Fjærland til Sogndal, og like mykje tilbake. Det er ei firdobling i prisen for barn som reiser mykje. FY! Og verdikortet som gir 40 prosent gjeld ikkje meir. Kanskje på Kringom-bussane, men i alle fall ikkje på Vy. Fy!

Før Fy tok over bussruter her i fylket kunne ungdommar 16-18 kjøpe ungdomskort på kvar buss som stoppa i Fjærland. Det kosta 365 kroner for 30 dagar. Men ungdomskort kan du ikkje kjøpe på alle bussane meir. Berre på Kringom-bussane, ikkje på Vy. Fy! For dersom ungdomskortet har gått ut, så må du først betale 90, av og til 99 kroner, for å komme deg til Sogndal, og så kan du finne ein Kringom-buss og kjøpe eit ungdomskort for 370 kroner. I praksis kostar då ungdomskortet no 460 kroner dersom du står i Fjærland og ventar på bussen. I alle fall dersom bussen som kjem er frå Vy. Fy!

Rett nok gjeld ungdomskortet på Vy, sjølv om du ikkje kan kjøpe det på Fy. Men det gjeld berre dersom du klarar å ta vare på ein bitteliten kvittering. For Vy har ikkje eit datasystem som taklar ungdomskortet. Så du må må vise kvittering for at du har fylt på ungdomskortet. Dei klarar ikkje lese verdikortet heller. Rabattar for folk som reiser mykje kollektivt gjeld ikkje meir. I alle fall ikkje på Vy. Fy!

Eg høyrde Trude Brosvik, som sit i det nye Sogn og Fjordane/Hordaland-fylkestinget Vestland på Vestlandet. Ho sa at no skal dei ordne det slik at kollektivtilbodet blir like bra i Sogn og Fjordane som det var i Vestland før. Eg har gjort alt eg kan for å komme i kontakt med Brosvik, både via sosiale medier og via telefon, og har sagt kva det var eg ville ta opp. Men ho svarar meg ikkje. Det er vel uansett ikkje ho som bestemmer. Den makta har ho vel gitt til statlege Vy. Fy!

I alle fall vil det koste meg og barna 800 kroner å reise tur-retur Fjærland – Sogndal med buss. Ein skal stå lenge parkert i Sogndal dersom det ikkje skulle lønne seg å køyre sjølv. Har Covid-219 fått klimatiltak heilt ut av politikarane og Vy sine hovud? Vyer for framtida liksom? Fy.

Verdien av frisk jord

Etter lange diskusjonar og til stor motstand vedtok EU denne veka å tillate bruk av glyfosat i sprøytemiddel i landbruket i nye 5 år. Verdas helseorganisasjon (WTO) har konkludert med at glyfosat sannsynlegvis kan føre til kreft. Andre har konkludert med at glyfosat sannsynlegvis ikkje fører til kreft. NRK Uriks kallar dei to ulike konklusjonane motsette. Men ordet sannsynlegvis viser at konklusjonane er både usikre og ikkje spesielt motsette.

monsanto-roundup1

I 2013 publiserte Forskningsrådet ein rapport om glyfosat der det blir lagt fram det som blir kalla oppsiktsvekkande funn. I studien finn dei at glyfosat er meir enn hundre gonger giftigare enn dei undersøkingane som industrien sjølv (Monsanto) har lagt fram. Industien sine undersøkingar kom på 1970-talet, men er framleis grunnlaget for regulering av lovverket. Påstander som at salt er meir giftig enn glyfosat blir framleis brukt som argument for å bruke sprøytemiddelet roundup. Påstanden kjem frå Monsanto, som ifylgje hemmeleghaldne dokument skal ha visst at glyfosat kan forårsake fleire typar kreft. Uavhengig forskning viser også at glyfosat har påverknad på reproduksjonsevne. I filmen dei viste på Uriks denne veka blei det ’dokumentert’ auka hyppigheit av enkelte krefttypar etter at landbruket tok i bruk roundup. Eit av døma var korleis elevane ved ein skule fekk alvorlege symptom då fly sprøyta roundup over kornåkrar rett ved skulen. Trass slike åtvaringar har bruken av glyfosat auka mykje både her i landet og på verdsbasis dei siste åra.

 

roundup

Korfor blir så roundup framleis lovleg å bruke? Sannsynlegvis fordi utan glyfosat blir matproduksjon vesentleg dyrare. Pris går på kostnad av kvalitet. Forbrukarar flest forstår det. I alle fall når det gjeld bil og sko. Men ikkje alltid når det gjeld mat. Billeg mat gjer at forbrukarane har råd til å fylgje eit forbruksmønster som held på å ta livet av klimaet og av planeten vår. At den billege maten kan ha store personlege og offentlege kostnader når det gjeld helse reflekterar berre eit mindretal over.

I mars fekk eg vere med på seminaret ’Mennesket og molda’ på Ås. Bjørn Egil Flø, bygdesosiolog og forskar på NIBIO, var ein av innleiarane. Då han var liten hadde dei alltid ein pinne i lomma når dei tynna gulrøter. Den skulle brukast kvar gong dei steig frå åkeren og inn på vegen. Då brukte dei pinnen til å pirke molda av støvlane, med klare moralske formaningar om kor viktig det var å ta vare på molda.

I den ferske boka ’Jordboka (det fantastiske universet under føtene våre)’ skriv forfattaren Dag Jørund Lønning om eit møte med ein jærbonde. «- Der har det vore nytta mykje sprøytemiddel opp gjennom åra, sa den aldrande jærbonden til meg, og peika bortover på traktoren som pløygde opp svart mold med total fuglestille bak. – Der har det vore nytta lite, la han til og peike bortover mot ein av naboane som også pløygde, men han i ei sky av måsar som meska seg i alt det levande som plogen virvla opp.»

«Under føtene våre finst eit univers av liv så rikt og komplekst at det sprenger rammene for det me er i stand til å fatta», skriv Dag Jørund Lønning. «Det er eit univers me kan uhyre lite om, og som me i liten grad har interessert oss for. Men det er heilt avgjerande for vår menneskelege eksistens. Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid for planeten vår er ikkje verken ny teknologi, klimakvotehandel eller internasjonalt diplomati. Nøkkelen finst i kvarmannsens hage. Me trør på den dagleg. Nøkkelen er mold.» Og den molda må vi slutte å ta livet av med glyfosat.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 2.12.2017

innhogg

Post Navigation