MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Krf”

Dette er den nye kvardagen!

Det er tidlegare leiar i politiet sin beredskapstropp som brukar desse orda når han kommenterer truslane mot Tor Mikkel Wara denne veka. Anders Snortheimsmoen er ikkje overraska over truslane mot justisministeren. Slike angrep vil auke framover, trur han. Ifylgje politiet har 2 av 5 stortingspolitikarar opplevd alvorlege truslar, og 1 av 10 har av same årsak vurdert å trekke seg frå politikken. Dersom dette er den nye kvardagen, slik Snortheimsmoen trur, har vi eit demokratisk problem.

I ei undersøking gjort av NRK ynskjer halvparten av Frp sine tillitsvalde at «Judas-partiet og hyklarane» frå KrF ikkje skal få plass i regjeringa. Frp-profilar har også kalla KrF-politikarar ting som imam-sleikar og ansvarlege for terror og drap på kvinner og barn. Desse uttalane meiner visst Frp at KrF må tole, eller leggje bak seg og tilgje. Sjølv vil dei altså ikkje tilgje at KrF har sagt at dei vil arbeide for eit varmare samfunn, fordi den uttalen antydar at Frp står for eit kaldare samfunn. I sin kritikk av politiske motstandarar avslører Frp menneskesynet sitt. Dei viser kulde, arroganse og manglande evne til å tilgje. Dersom dette blir den nye kvardagen i norsk politikk har vi eit demokratisk problem.

Vi lever i ei verd som på mange måtar endrar seg på ein urovekkjande måte. Ikkje berre når det gjeld norsk politisk kvardag. Gong på gong kjem det nye rapportar om at klimaendringane går raskare enn FN sine klimarapportar har konkludert. Eigentleg er det rart at slike rapportar kjem overraskande på folk. Sjølv trudde eg ved inngangen til året 2017 at det i løpet av 2017 ville skje ting som ville endre folk sitt syn på klimaendringane. Eg trudde at stormar eller andre vêrfenomen skulle føre til at fleire ville innrømme menneskeskapte klimaendringar, og at politikarane i større grad tok tak i problema. Men arbeidet med å redusere klimaendringane går framleis alt for seint. Ein anna årsak til uro for mange er at maktbalansen i verda i endring, eller i ubalanse, som lett kan resultere i eit nytt våpenkappløp.

Det mest antisemittiske som har stått på trykk i norske aviser etter 2. verdskrig»

Eg har lyst å nemne ein ting til som eg meiner gir minst like stor grunn til uro som klima og makt i ubalanse. Eg vil nemne eit par lesarbrev som stod på trykk denne avisa. I fleire reisebrev kjem Ragnar Børsheim med uttalar om jødar og landet Israel som i ettertid har vore kritisert for sin hatefulle og antisemmitiske grunntone. I eit lesarbrev i Sogn Avis denne veka dokumenterer journalisten Arne Eide ei rekke faktafeil i reisebreva. Organisasjonen Med Israel for fred seier at reisebreva er det mest antisemmitiske som har stått på trykk i norske aviser etter førre verdskrigen. Det er viktig å ta sterk avstand til slike hatefulle og antisemmitiske lesarbrev.

IMG_6456

Skjermbilde frå Sogn Avis.

No er vi langt inne i adventstida. Sjølv fylgjer eg og barna med på fleire adventsseriar på tv. Vi ser på ein morosam og koseleg serie, og ein serie som ikkje berre er koseleg. Den koselege er klassikaren The julekalender. Den ikkje berre koselege serien er ein julekalender for barn produsert av Dansk Radio, Pakten. Der får vi eit alt for godt bilde av ein gut som blir mobba, og korleis skulen spelar på lag med mobbarane. Kontaktlæraren gjer det ho kan for å oppklare korfor det er så dårleg stemning i klassen, men blir motarbeidd av rektoren som sannsynlegvis tenkjer meir på ryktet til skulen enn på barna. Dette er kvardagen for mange norske barn. Det må vi alltid ha i bakhovudet når barn ser ut til å mistrivast. Adventstida og jula er forresten også tung og vanskeleg for mange vaksne. Det kan vi også ha i bakhovudet, og prøve å gjere tida betre for folk vi kjenner som vi veit slit.

Advertisements

Visst er det synd på Frp!

Eit oppkappa, halvdelt Krf elskar Høgre og Frp. Men spørsmålet er ikkje berre kva Erna Solberg og Krf vil med norsk politisk makt. For Frp kjenner seg tydeleg overkøyrt i spørsmålet om Krf skal få dele makt med noverande regjerning.

Christian Tybring-Gjedde seier at begeret for kva han kan tole frå Krf er fullt. Det har han i grunnen sagt i mange år. Og han viser til det han kallar Krf sin manglande kristne haldning. Han er ikkje heilt ærleg. Han burde sagt at begeret for kva han kan tole er alt for lite. I alle fall målt etter kristne prinsipp, som td. det at ein skal snu det andre kinnet til. For det vil han ikkje. Han vil berre kritisere sine meiningsmotstandarar i Krf som ynskjer å gjeninnføre nestekjærleik i norsk politikk. Kanskje motviljen er at kristen nestekjærleik liknar litt på det sosialistiske omgrepet solidaritet. (Frp sin politikk er forresten meir lik solidaritet enn nestekjærleik.) Men Tybring-Gjedde er nok klar over at hans framandhat og islamfrykt ikkje berre appellerar til høgreekstreme og nazistar, men at haldningane også har gjenklang langt inn i kristne rekker (hos kristne som trur at Allah kjem til å vinne over Gud og overta landet vårt.)

tybring-gjedde.jpg

Fullt beger? Somme folk har små beger, men forventar at dei dei ikkje likar har enormt store bege.

Eg vil påminne Frp om nokre ting deira folk har sagt om Krf:

Per Sandberg: Krf har eit enormt ansvar for at vi rekrutterer titalls unge menneske til terrororganisasjonar, som driv med krigshandlingar og massakrerer kvinner og barn. Dette er Krf sitt ynskje, og resultatet ser vi no. (Sandberg nyanserte meiningane sine etterpå, og sa det var uheldig formulert, men at ansvaret for omtalt utvikling likevel må plasserast hos Krf.)  Sylvi Listhaug: Hareide sleikar imamar med ekstreme haldningar oppetter ryggen. (Listhaug sa etterpå noko om at ho ikkje meinte det heilt bokstaveleg at Hareide sleikar imamar oppetter ryggen, men at i overført meining gjaldt uttalen fleire politikarar enn Hareide.) Og på fleire Frp-profilar sine fb-sider blir Krf karakterisert med hat og med haldningar som totalt manglar den respekten som finst i den kristne kulturen dei same Frp-politikarane seier dei forsvarar. Hareide blir mellom anna kalla landssvikar, quisling og hjernedaud. Eg kunne gjort dette avsnittet nesten uendeleg langt, men vel å ikkje gjere det.

Som vanleg brukar altså ein Frp-profil argumentasjonen at «det er synd på oss fordi alle er imot oss», eller «fordi alle snakkar dårleg om oss». Fordi nokre Krf-arar, som stemte mot å samarbeide med Frp, har sagt noko om å styrke nestekjærleik og menneskeomsyn i sin politikk. Det brukar altså Frp som argument for å ikkje ville samarbeide med Krf. Men å sei at Krf-arar er ansvarleg for terror og massakrar på kvinner og barn, og at dei er landssvikarar, quislingar, hjernedaude og mykje meir, (som eg har valt å ikkje ramse opp,) det er vel ikkje så ille vel? I alle fall ikkje like ille som å peke på at KrF uttalar at dei ynskjer å arbeide for eit varmare samfunn.

Når det er sagt så er dette blogginnlegget meint for dei som forstår ironi. Og sjølv om barna mine forstår ironi, så veit eg at det finst vaksne som ikkje forstår ironi, og som derfor ikkje forstår denne teksten. Dette siste avsnittet var til dykk. Men de må ikkje gjere kvar einaste setning eg skriv til ironi!

Solidaritet og nestekjærleik – to ulike menneskesyn!

Post Navigation