MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Kvåle skule”

Det krevst ein landsby å oppdra eit barn!

MOT er ein ideell organisasjon starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997, med Johann Olav Koss som ein av initiativtakarane. Det viktigaste innsatsområdet til organisasjonen er programmet «Robust ungdom», som vender seg mot ungdomsskular og vidaregåande skular. I dag er nær 300 skular knytt til organisasjonen, og dei når ut til omlag 65.000 ungdommar i heile landet. MOT skriv på nettsida si at det blir gjennomført 15.000 MOT-møter kvart år, og at ildsjeler i organisasjonen årleg brukar 30.000 timar i klasserom. Ifylgje MOT er andelen mobbing langt lågare i skular med MOT-partnerskap. Og blant dei som blir mobba er andelen som trivst på skulen langt høgare i skular med MOT-partnerskap.

IMG_6396

Sidan byrjinga av 2000-talet har Kvåle skule i Sogndal vore MOT-partnar. Rektor Kjetil Sønnesyn inviterte denne veka alle foreldre til temamøtet «Mot som universalverktøy 24/7». Undertema var 1) ingen er berre det ein ser, 2) korleis skape godkjensla hos born og unge, og 3) korleis vise tøff kjærleik. Føredragshaldar var Stein Bratseth, som har 35 års erfaring frå politiet, og som no reiser rundt og held føredrag for foreldre og lærarar på MOT-skular. Ut frå sin erfaring frå politiet, med mellom anna førebyggjande arbeid blant barn og unge, arbeidar han med å inspirere foreldre og lokalsamfunn til å skape robuste ungdommar som inkluderer alle. Bratseth fokuserte på det afrikanske ordtaket: det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn!

Eg hadde eigentleg tenkt å skrive om eit heilt anna tema denne gongen. Eit tidsaktuelt tema i den pågåande politiske debatten: Abort. Eg hadde tenkt å skrive om at skilnaden på å vere mot abort og å vere for abort kun går på kor tid ein definerer eit foster som menneske. I eit innlegg i Aftenposten skildrar professor emeritus i barnesjukdommar Ola Didkrik Saugstad ei jordmor sine opplevingar når eit 18 veker gamalt abortert foster gispar etter pusten nesten ein time etter «abort» før det dør. Denne jordmora seier at dei politikarane som vil utvide abortgrensa sjølve burde oppleve å trøyste fosteret til det sluttar puste. Saugstad er sjølv for abort før veke 12. Men han går sterkt irette med dei politiske ungdomsorganisasjonane som vil utvide abortgrensa. No har eg valgt bort abort som tema fordi auditoriet på Kvåle ikkje var fullt på måndag. Ofte kjem folk til meg etterpå og seier at dei som burde vore her, dei var ikkje her, sa Bratseth. Alle dei tomme plassane på auditoriet på Kvåle representerer alle dei som burde vore på føredraget. Eg håpar nokon av dei tomme plassane les dette innhogget.

Bratseth snakka om kor viktig det er for ungdom å kjenne tilhøyrigheit i grupper. Tilhøyrigheit i grupper kan i yttste grad hindre terrordåd. Det betyr ikkje at 22.7. ikkje kunne vore unngått. Likevel kunne det kankje… MOT sin visjon er å sjå framover, og hindre at ungdom blir ståande utanfor sosiale grupper. MOT til å leve. Til å vere seg sjølv. MOT til å bry seg. Til å skape godkjensle, til å vise respekt, kjærleik og omsorg til dei utanfor. MOT til å seie nei, til å prioritere, til å stå for eigne verdiar, til å våge sei frå, og til å praktisere tøff kjærleik.

Mot til å glede-dagen.

Bratseth utfordra oss til å ikkje vere ein av dei som stenger andre ute. Vi skal vere gode døme for barna og ungdommane våre. Om vi stenger folk ute er vi ikkje gode døme for barna våre. Dei vi stenger ute kan vere dei som havnar i dei feile, negative gruppene. Det er vårt ansvar som vaksne å vere gode førebilde. Det er ikkje alle barn som har ladestasjon i sin eigen heim. Mellom anna derfor krevst det ein landsby for å oppdra eit barn.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 10.11.2028.

 

Stein Bratseth og MOT sitt verdiprogram. (Bilde frå MOT si heimeside.)

Advertisements

Mot til å glede-dagen 2017

23. november var Mot til å glede-dagen 2017. Dette blei markert på skular i heile landet. Sjølv fekk eg verre med på eit flott arrangement på Kvåle skule i Sogndal. Mot til å glede-dagen set fokus på å møte folk på ein positiv måte. Det skal så lite til for å oppmuntre andre, er som eit motto.

BBF0EB3A-D492-4A0A-ADD6-CAE20C1EB977

Arrangementet på Kvåle viser ungdom som tek dette på alvor. Men vi veit at ikkje alt er bra i norsk skule. Teksten som fylgjer blei publisert første gong i 2014:

Norsk skule er sikkert i det store og heile bra, men mange elevar lever under sterkt press for å oppnå gode karakterar, og i tillegg ofte eit press på utsjånad og popularitet. Presset om å prestere i skulefag kan komme frå både skule og foreldre. Dette presset er sjølvsagt ikkje med på å auke prestasjonane til barna, ofte tvert imot. Og jaget etter prestasjonar kan nokre gonger skjule andre alvorlege problem, som mobbing.

FLEIRE UNDERSØKINGAR viser at mange elevar seier dei blir mobba på skulen. Men få skular innrømmer at dei har problem med mobbing på sin skule. Mobbing som skjer ope er lett å ta tak i, men skjult mobbing er… skjult. Mobbe-omgrepet har kanskje endra seg, og noko av det barn seier dei opplever som mobbing, kan vere uskuldig erting.

Ei eg kjenner, lat oss kalle henne Une, gjekk ein gong forbi skulen der sonen hennar var elev. Det var friminutt og elevane var ute og leika. Men ikkje alle leika. Ein gjeng større barn banka eit mindre barn. Fleire barn var over den vesle guten som gråt og ropa om hjelp. Ved sidan av stod ein lærar og flira. Une sprang inn på skuleplassen og fekk drege bort dei større gutane, og frigjort offeret. Det var ikkje hennar barn, men ho såg det som si sjølvsagte plikt å hjelpe. Kva skjedde så? Jau, læraren som hadde sett heile opptrinnet blei rasande på ho som greip inn. Ho hadde ikkje noko med dette å gjere, meinte han. Det var berre leik, sa han. Men slik hadde det ikkje sett ut for Une. For henne såg det heilt klart ut som vald mot eit hjelpelaust barn. Une fortel at etterpå blei ho hengt ut av denne læraren. Une såg eit mobboffer. Skulen sa dei ikkje har noko mobbe-problem.

FYLGJANDE HISTORIE KJEM frå ein anna barneskule i ein norsk by. Ein gut blei mobba av elevar som kom frå ein vidaregåande skule for å selje narkotika i friminutta. Faren til mobbofferet tok opp problemet med rektor. Rektor nekta for at dei hadde slike problem. Då sa faren at han var politimann, og at han kom til å patruljere utanfor skulen til problemet var løyst. – Har du lov til det då? spurde rektoren, og gav uttrykk for at ho ikkje ville ha noko av slikt som kunne setje skulen sitt rykte i fare. Kanskje det var sant at faren var politi, kanskje det var ein falsk politiuniform; men sjølve hendinga skal ha skjedd. Ein gong ringde guten til sin far og fortalde at mobbarane var på veg inn i skulegarden. Faren kom dit i uniform akkurat då dei store gutane plaga sonen. Kjelda mi fortel at narko-seljarane blei rista, og at både narkotikasalet i skulegarden og mobbinga av denne guten tok slutt. Det som ikkje tok slutt etterpå var rektoren sitt hat mot denne mannen som hadde “skada skulen sitt rykte” i byen.

«Usynleg mobbing» frå medelevar eller frå lærarar må alltid ha eit fokus på alle nivå. Heldigvis er det ikkje så mange lærarar eller rektorar som dei frå dei to døma over. Men det skal ikkje så mange til heller før det er eit alvorleg problem for dei elevane det gjeld. For å unngå slike episodar og for å avdekke skjult mobbing bør det innførast eit obligatorisk fag om dette på alle lærarhøgskular. Det er kanskje viktigare enn at lærarskulestudentar skal ha minst karakteren 4 i fag som mattematikk og norsk.

Denne teksten var trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag i september 2014. Etterpå blei eg kontakta frå fleire som fortalde om barn som blei mobba og som opplevde at skule og rektor ikkje tok problemet på alvor. Dessverre er dette problemet like aktuelt no tre år etter denne teksten blei skrive.

Post Navigation