MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “media”

Media si rolle som statsmakt

Ein skal vere litt forsiktig før ein snakkar om dagen. I alle fall på sosiale medier. Folk eg møter på butikken er omlag som før, sjølv om vi held litt meir avstand. Men på sosiale medier er klimaet endra. På twitter har troll vokse seg fram frå «uskuldige» profilar. Sjølv har eg opplevd både ynskje om at alle eg er glad i blir koronasjuke, og at eg er idiot dersom eg ikkje har panikk no. Vi lever i ei tid då mange er redde. Og redd må ein ha lov å vera. Men når media si jakt på klikk endrar engstelse til hysteri kan det bli farleg.

regnboge2

Media blir omtala som den fjerde statsmakt, etter Storting, regjering og domstolar. Iblant er det freistande å spørje om media har teke over for både utøvande statsmakt (regjering) og dømmande stastmakt (domstolane). Om svaret på spørsmålet er ja, er vi då framleis eit demokrati? Vi har sett mange saker der media utøver makt slik at politikarar blir pressa ut av leiarverv og ut av statsrådstillingar. Kanskje gjorde media slik dei skulle; kanskje utøvde dei berre rolla som vaktbikkje rett, slik dei sjølve hevdar? Men spørsmålet har ikkje eit absolutt fasitsvar.

Er regjeringa berre statistar i eit spel media styrer?

Dei siste par vekene har likevel spørsmålet ligge i bakhovudet. Er regjeringa berre statistar i eit spel media styrer? Media har gått langt i å skape skremmebilder og verstefallsspådommar om koronapandemien, og både statsminister Erna og opposisjonsleiar Jonas spelar hovudroller i eit spel media regisserer. Men media har også ei anna rolle. Dei skal gi sakleg og balansert informasjon til folket. NRK Debatten er ein god illustrasjon korleis media taklar desse to rollene: Eine dagen let dei ein vitskremd lege, med flakkande blikk og skjelvande stemme, fortelje verstefallsspådommar om kor mange hundre tusen (eg hugsar eigentleg ikkje verstefalls-talet) som kjem til å dø berre i Norge. Dagen etter fekk Debatten ekstra sendetid med andre ekspertar som sa at «alt blir bra». Kor mange som blir hysteriske, forvirra og/eller beroliga av slik journalistikk er det ikkje statistikk på. Enno.

Professor Jan Inge Sørbø, som var ein av dei førelesarane eg set høgst frå studietida i Volda, skreiv om dei farlege fylgjene av frykt i kommentaren «Frykten er din ven» i Dag og Tid 23. mars. Den sunne frykta åtvarar oss og held oss borte frå farar. Den sunne frykta motiverer oss til å halde oss til dei tiltaka styresmaktene har bede oss om i denne tida. Men Sørbø åtvarar mot biverknadane når frykt og redsle får så stor plass i det offentlege rom. Ein av biverknadane er at engstelege menneske får forsterka problema sine, og slit med å handtera situasjonen. Dei som sit åleine og ser på skremmande nyheiter kan missa kontrollen med si eiga frykt. Når ei kollektiv frykt blir sterk nok, kan ho bli farleg, skriv Sørbø. Vi veit at folk kan la seg hissa opp til å gjera ting i flokk som det aldri ville gjort individuelt. Dette kan gå ut over svake grupper. Vi ser tendensane, både på Twitter og i det verkelege livet. Vi ser tendensar både til massehysteri og massesuggesjon. Vi ser kanskje nokre av dei same mekanismane som førte Europa inn i forrige verdskrig. Det krevst mot å stå imot eit slikt press. Men det berre må vi!

regnboge

På veg heim frå butikken om dagen gjekk eg over ein regnboge som dekka heile vegen, med orda «Alt blir bra!» Regnbogen er ei pakt mellom Gud og jorda, ifylgje Bibelen. Kanskje er koronapandemien eit utslag av denne pakta? Kanskje jorda sjølv gjer eit siste forsøk på å redde seg sjølv for konsekvensane av klimaendringane? Kanskje jorda sjølv viser oss kva vi må gjera for å berge klimaet – fordi politikarane til no har totalt mislukkast? Lat oss ta til oss regnbogeteikningane barna på jorda teiknar – med håp og mot! Medan vi fylgjer tiltaka frå styresmaktene så godt vi kan, i respekt for både medmenneske og helsevesen.

Er det ikkje lov å le meir?

Denne teksten er ein omarbeidd og redigert utgåve av ein tekst som stod på trykk som Innhogg i Sogn Avis 4. april 2020.

Post Navigation