MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Mundal”

Vi pratar ikkje mest om vêret denne hausten

Vi har lagt bak oss den varmaste og turraste sommaren i manns minne. Ute har hausten farga fjella i sine fargar. Og medan eg skriv dette ser og høyrer eg sauene som beitar på bøane. Eg trur dei ser det like tydeleg som oss; at årstidene forandrar seg og at det går mot vinter igjen.

400.000 nordmenn kjenner på at hausten, med kortare dagar og mindre lys, virkar inn på humøret. Di lenger nord i mørketida ein bur, di større er andelen som plagast med nedstemtheit og i verste fall vinterdepresjonar. Heldigvis er det etter kvart meir ope for å snakka om slike ting. Det er ikkje så skamlagt som det var. Sjølv om det ikkje akkurat er slik at folk står fram på sosiale medier og snakkar om det. På fjesboka skal ein skryte og sminke seg og vise seg så vellukka som råd. Eg trur det er med på å forsterke effektane av mørketida for dei av oss som «slit» med slikt. På same måten som glansbildeframstillinga av oss sjølve er med på å auke press og depresjon hos unge.

Ein får nyte soldagane om hausten så godt ein kan, og om ein har mulegheit må ein komme seg ut slike dagar. Lyset og dei haustfarga fjella kan lade opp batteria igjen framfor gråvêrsdagar, enten det blir sett nye nedbørsrekordar eller ikkje.

Det er kanskje ikkje vêret det blir snakka mest om i Fjærland denne hausten. Det siste året har ei prosjektgruppe arbeida med planar om eit fjordsenter i brebygda. Det er også arbeida med å sjå på mulegheitene for å leggje til rette for passasjerbåtar med opptil 4-500 passasjerar. Eg ser media fokuserer på motstanden folk her i bygda har til masseturisme og store cruisebåtar. For mange år sidan var eg med i ei prosjektgruppe som såg på mulegheitene for cruisekai i Mundal. Vi skulle vege fordeler og ulemper med cruiseturisme i bygda. Vi fann fleire ulemper enn vi fann fordeler med den type turisme. Mundal og vegane her hadde ikkje plass til at 5-6000 passasjerar velta innover land. Vi konkluderte med at det den type turisme ville leggje igjen av midlar ikkje var nok til å vege opp for ulempene. Det eg hugsar best frå bygdamøtet vi la fram konklusjonane våre var skuldingane vi fekk for kor haonkalause konklusjonane våre var, og at arbeidet vi hadde gjort var det slettaste arbeidet nokon nokon gong hadde gjort.

img_1993.jpg
Hurtigruteskipet Trollfjord til kai i Sandnessjøen 2013.

I dag virkar det som folk flest ikkje vil ha masseturisme. Kanskje det er ingen som traktar etter store cruisebåtar. Men dersom ein får til kombinasjonen eit opplevingssenter ved fjorden og klarar å regulere eventuell passasjertrafikk slik at det er ei øvre grense på kor mange anløp det kan vere på ei veke, på kor stor båtane kan vere i storleik og at det ikkje skal sleppast på land meir passasjerar enn 4-500 om gongen. Dersom det kan føre til meir heilårs turistverksemd i bygda i ein storleik bygda vil ha så er det kanskje eit pluss. Sjølv kjem eg til å vere med å arbeide mot planane dersom det skulle vise seg å få eit større omfang enn Mundal og miljøet toler. Om ein skulle satse på større turisme enn det miljøet i Mundal har plass til, så bør ein også utgreie forslaget om å leggje kaien på andre sida av fjorden. Men då kjem ein lett i konflikt med Bøyaøyri fuglereservat. Så lenge ikkje noko er bestemt så vil nok dette emnet bli snakka meir om enn vêret i Fjærland denne hausten.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 13.10.2018.

Advertisements

Lat Moe-fyren få ein sjanse!

Medan turistane strøymer til Sogn står majestetiske Hotel Mundal som eit spøkelsesslott ved Fjærlandsfjorden. Frå det blei opna i 1891 har det vore i drift kvar sommar bortsett frå under krigen og siste somrane Rolf Wikborg stod som eigar, før han selde hotellet til Ola Moe for eit par år sidan. I 2016 og 2017 var det i drift igjen. No er det stengt pga planlagt renovering. Og fjærlendingane er utolmodige og uroa over at arbeidet enno ikkje er starta. Og utolmod og uro skaper forteljingar om kva som ’eigentleg’ skjer; forteljingar som ikkje alltid har rot i fakta, og som endrar seg etter kven som er forteljar.

 

For nokre veker sidan møtte eg Ola Moe i samband med at han ville sjå på nokre eigedomsgrenser mellom garden min og ein skogteig hotellet eig. Han fortalde då kva planar han har for hotellet. Det er å totalrenovere bygningen og setje han tilbake til arkitektteikningane. Arker og påbygg som er gjort seinare skal bort. For å få økonomi i hotellet må han byggje ein ny romfløy, og auke talet rom til vel hundre. Eit slikt tilbygg er det som må til for å få økonomi i den daglege drifta, trur Moe. Men kostnadane med renoveringa veit han ikkje enno. Heile taket må ned, og byggjast opp på nytt, seier han. Han har hatt møter med fleire entreprenørar, og dei fleste gir råd om å gjere det på den måten.

Det fjærlendingane lurer på, sa eg, er om dette prosjektet er finansiert. Moe såg på meg utan å trekke ei mine. Finansieringa er ikkje den største bøygen akkurat no, svarte han. No er riksantikvaren kopla inn, og vi kan ikkje gjere noko som helst før vi får vite frå dei kva vi kan gjere og kva vi ikkje kan gjere. Og det tek tid. Vi hadde håpa å starte renoveringa i sommar. Men vi kan ikkje starte før riksantikvaren gir grønt lys. Vi kan ikkje risikere å miste dei offentlege tilskota. Men planen er framleis å opne nyrenoverte Hotel Mundal våren 2020. Med tre gonger så mange rom som i dag.

Dersom vi vil Hotel Mundal og bygda sitt beste må vi ikkje gjere alt vi kan for å sverte dei som eig hotellet. Dersom han fyren Moe har ’heile’ bygda mot seg er oddsa for at han skal lukkast med planane om å setje hotellet i stand igjen mykje mindre. Dersom vi ynskjer at det skal gå bra må vi vere positivt innstilt. Viss vi let bygdedyret ri oss så hjelper vi berre bygdedyret å øydeleggje for bygda og hotellet. Og det trur eg ikkje fjærlendingane vil. Det er nok nokre få som har bestemt seg for å mislike Ola Moe såpass sterkt at dei håpar han ikkje lukkast med å restaurere Hotel Mundal. Det er nokre få som trur at hotellet sitt einaste håp er at det blir teke over av ein idealist med pengar. Men det kjem ikkje til å skje. Derfor må vi gi riksantikvaren og Moe-fyren ein sjanse. For hotellet si skuld. For bygda si skuld. Det er kanhende hotellet sin siste sjanse.

Og medan vi ventar på at arbeidet med renovering skal starte står hotellet der som eit spøkelsesslott ved fjorden i Mundal. Og det skal visst vere spøkelse på Hotel Mundal. Eg har høyrt fleire med sommarjobb fortelje at dei har møtt nokre av spøkelsa der. Eg lurer på om spøkelsa er like uroa for hotellet si framtid som levande fjærlendingar. Eller ser dei på planane til den nye eigaren med optimisme og framtidstru?

Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis 21. juli 2018.

Då Ola Moe søkte om løyve til å rive hotellet i 2016 skreiv eg dette minneordet:
Hotel Mundal – til minne.

unnamed

Skjermbilde frå Sogn Avis då Ola Moe hadde overteke hotellet etter Rolf Wikborg. Den gongen blei det feira at Wikborg var ute. No meiner somme at Wikborg var ein god mann for hotellet.

Når hjorten kjem inn og stel mat…

Eg skulle køyre rundballar til både sauefjøsen og samdriftsfjøsen i dag. Først køyrde eg ein rundball inn i fôrrommet til sauene. Så køyrde eg rundballar til samdriftsfjøsen. Og til slutt henta eg den andre rundballen til sauene. Då eg skulle rygge inn i fôrrommet møtte eg denne karen her:

Eg begynner å kjenne han no. Etter å ha kjempa med han fleire vintrar i ein slags leik, der eg prøver å stenge han ute frå fôrrommet, og han prøver å bryte seg inn. For det meste vinn eg. Men av og til vinn han. Og det brukar vere lett å oppdage når han har vore der. Han legg alltid att spor. Spor i snøen utanfor. Litt hår etter han har klatra over eller gjennom sperringar. Ein morgon for nokre år sidan låg geviret hans igjen attmed rundballen.

Denne vinteren har han vore meir pågåande enn nokon gong før. Denne vinteren har hjorten generelt vore meir pågåande enn nokon gong før. Eg veit ikkje korfor, men svoltne er dei. Og det å møte hjort heilt inne på gardstunet på kveld og morgon skjer dagleg. Dei stive stråa i fôret som sauene ikkje et opp blir kasta ut fjøsdøra. Og hjorten er der før det er mørkt om kvelden og et opp det sauene ikkje vil ha. Men han karen eg møtte i dag nøyer seg ikkje med restar etter sauene. Og no stod han altså og åt på rundballen eg akkurat hadde henta til sauene. Klokka kvart over eitt om dagen.

Sjå video av bukken på facebook-gruppa Mann med greip her!

Eg har aldri vore så nær han som i dag. Då eg oppdaga han i fôrrommet gjekk eg ut av traktoren og inn til han. Så oppdaga eg at eg ikkje hadde telefonen med meg. Eg tok sjansen på at han ikkje stakk sin veg, og gjekk inn og henta mobilen. Då eg kom tilbake til fôrrommet stod han der framleis. Eg prata med han og tok både bilde og video av han. På det næraste var avstanden mellom oss mindre enn to meter. Her er nokre av bilda eg tok.

Er det nokon som kan fortelje meg kor gamal han er?

NRK Sogn og Fjordane har laga sak på dette blogginnlegget. 

Les også: Kva hjorten og folk flest ikkje veit

Verdens vakreste gjestehavn?

Overskrifta er lånt frå Båt-magasinet sin omtale av den nye gjestehamna i Fjærland. Dei skriv at det nye sørvisbygget og rikeleg tilgang til straum og vatn gjer gjestehamna i Fjærland til ein av dei mest tilrettelagde gjestehamnene i Sognefjorden. Dei store orda ’verdas vakraste’ peikar også på natur og lokalisering, og Båtmagasinet viser til at Fjærland for nokre år sidan blei kåra til ein av verdas vakraste stader, ’der bygda ligg mellom sine mektige tindar og smaragdgrøne fjord’.

img_0745.jpg

Heilt sidan 1990-talet har det vore planar om å gjere noko med området mellom daglegvarebutikken og Hotel Mundal sin eigendom i Mundal. Så tidleg som 2002 kom Mundal sentrum med på Sogndal kommune si ti-på-topp-liste. I 2005 blei det laga ein plan med ’plastring’ (organisert steinfylling) i sjøkanten. Kommunen løyvde pengar til dette, noko som utløyste bygdeutviklingsmidlar frå Innovasjon Norge. Planen hadde eit budsjett på 2,1 millionar.

Planane drog likevel ut. I 2010 inviterte Fjærland bygdalag til eit møte om Mundal sentrum. Der blei det vedteke å sjå bort frå planane om å plastre strandlina. Fjærlendingane ville ha båtkai, parkering og parkanlegg på området. Dette blei vedteke på møtet. Parkanlegg blei seinare omdefinert til torganlegg. Ein såg fort at pengane som var løyvde langt frå var nok til gjennomføre det bygdamøtet hadde vedteke. Sidan det alt var søkt om bygdeutviklingsmidlar etter dei gamle planane, var det ikkje muleg å søke på nytt. Derfor var det trong både for ein omfattande dugnadsinnsats og privat innsamla midlar.

I 2011 arbeidde Bygdautvalet (styret i Fjærland bygdalag) vidare med saka, og bidrog mellom anna med å få til avtalar mellom kommunen og grunneigar. I juni 2011 kontaktar dei ein utflytta fjærlending som tok på seg å teikne og planleggje heile prosjektet på dugnad. September same år la han fram nye planar for Mundal sentrum. Planane blei drøfta på årsmøtet til Fjærland bygdalag, dei blei vedteke, og det vart sett ned ei nemd for prosjektet. Sogndal kommune skulle eige prosjektet, medan Bygdalaget skulle ha ansvar for planleggjing og utføring. For å få godkjent prosjektet måtte arbeidet ha ein godkjent fagperson. Dette ansvaret er også gjort av ein fjærlending med stor dugnadsinnsats.

bolettasteinen.JPG

Denne steinen reiste sogningar til minne om Bolette C. Pavels Larsen

Dei nye planane hadde ein kostnad på 6,5 millionar. Dei offentlege tilskota, inkl. ei tilleggsløyving frå kommunen, var 2,1 millionar. Kort sagt: Det mangla 4,4 millionar. Dette måtte dekkast av dugnadsinnsats og private gåver. Og som ikkje det var nok blei det innlemma nye planar i prosjektet. Det skulle byggjast eit sørvisbygg og Boletta-steinen, som vart reist til minne om forfattaren Bolette C. Pavels Larsen i 1907, skulle flyttast til torget. Bolette var frå Kjørnes i Sogndal. Ho budde mesteparten av livet i Bergen, og var litteraturkritikar i Bergens Tidende. I ei årrekkje var ho i Fjærland om somrane. Ho var den første forfattaren som ga ut bøker på sognamaol. Smaoe skjeldringa, som kom i 1897 har fleire skjildringa frao Fjærland, ei ao dei fortel om tippoldefar min og grannen sitt møte med ei bjøddn.

No staor altso Fjærland gjestahabn ferdige og klar til opning 24. juni. Takka vera ein heisn dugnadsinnsats både frao bygdafolk og frao utflytte fjærlendinga, til alt frao planleiggjing til praktisk gjønoføring. Laongs kaien staor ein laonge trebeink: Fjærland sitjebeink. Dan ha maonge luteigara. Da e eitt ao paofunni til Bygdalaget for å fao finansiert prosjekte. Eg ynskje Fjærland lukka ti med ny gjestehabn og eit flott torg!

Les også: Det innhaldsrike vertshuset i Supphelledalen.

Flystyrt i Fjærlandsfjorden

Ein flystyrt i Fjærlandsfjorden er nok som ein bagatell å rekne om ein skal samanlikne med den politiske tsunamien som veltar innover Europa no. Brexit. Eg skal ikkje skrive om Brexit. Det kjem vi til å høyre om i media til vi får Brexningar av det. Men eigentleg skulle ingen late seg sjokkere over resultatet av folkerøystinga. Det blei akkurat som venta. Nei-folk er som kjent flinkare til å nytte seg av stemmeretten enn ja-folk. Dette var forutbestemt og burde vore venta.

Det eg skal fortelja om skjedde like før påska 1980. Den gongen hadde ikkje Fjærland veg ut or bygda. Bilferja til Hella og Balestrand var sambandet med resten av verda; Fjærlandsfjorden var «vegen» vår. Fjærland høyrde til Vik veterinærdistrikt, og distriktsveterinær Torstein Kongslien blei eit slags vitne då eit NATO-jagarfly kutta straumen til Fjærland og styrta i fjorden. Dette har han skrive om i Vestenfjeldske Veterinærforening si 100-årsjubileumsbok i 2002.

Ein solblank vårdag i slutten av mars 1980 var Torstein Kongslien på veg innover Fjærlandsfjorden med båten Dagros. Han skulle gjere den årlege sauevaksineringa, og hadde fleire stopp langs fjorden på veg inn til Fjærland. Medan han var i fjøsen i Rauboti høyrde dei eit voldsamt brak, og det blei kommentert at dette var då ein undarleg dag å få torevêr på.

På veg ned att til kaien la Kongslien merke til ein grov wire som bukta seg nedover bakken, og tenkte at denne hadde han ikkje sett på veg opp til garden. Etterpå tenkte han at heldigvis tok han ikkje på denne grove løypestrengen hans Olav Rauboti, som han trudde det var då han smatt under han ved ein stein nedover mot fjorden.

Då han kom til Lidal fekk han vita kva som hadde skjedd. Der hadde dei vore augevitne til at eit jagarfly hadde kutta høgspentlina som kryssa fjorden ved Rauboti før det styrta i fjorden. Han møtte kona på garden, som fortvila fortalde kva som hadde skjedd. Mannen hennar hadde med ein gong reist ut i båt og var ikkje komen tilbake. Kongslien tok med seg «ungkona på Lidal» i båten sin ut til åstaden. Der låg vrakrestar og flaut, og det var ei sterk lukt av flybensin. Men sauebonden frå Lidal var ikkje der, og veterinæren tykte synd i kona som var redd for mannen sin. Tilbake i Lidal fekk kona telefon om at mannen hadde plukka opp dei to pilotane frå fjorden og frakta dei til Dragsvik. Flyet var tysk, og var ein del av ei NATO-øving. Pilotane hadde i siste liten sett bøyene i luftspennet, og hadde såvidt rukke å skyte seg ut av flyet før det styrta.

Då distriktsveterinæren seinare på dagen kom inn til Fjærland, fekk han høyre om korleis flyet hadde komme lågt innover bygda, pressa seg opp over Jostedalsbreen, stupte seg nedover att og utover fjorden. Det stod folk på kaien og såg på dette, og dei hadde sagt at dette går aldri bra. Fjorden svingar, så frå kaien i Mundal kunne dei ikkje sjå flystyrten dei frykta ville komme, men dei stod og venta på at straumen skulle gå. Og det gjekk ikkje lenge før det skjedde.

Eg var gutunge den gongen, men hugsar godt praten om det som hadde skjedd, straumen som forsvann og diesel-aggregata som ganske snøggt kom på plass fleire plassar i bygda og stod og dura i veker før fjordspennet var reparert. Min far hugsar det blei sagt at så raskt hadde Sognekraft aldri reagert før når det var straumbrot i Fjærland. Folk meinte det var fordi straumselskapet skjønte at denne gongen fekk dei godt betalt for arbeidet og alle kostnadane sine.

Eg har prøvd å google denne hendinga, men finn ingen ting om det på nettet. Ikkje ein gong fylkesleksikonet omtalar det som skjedde. Takk til veterinær Torstein Kongslien for at han sende si augevitneskildring av det som skjedde til meg. Hendinga er også omtalt i boka Fjærlandsfjorden av Anders Aa. Mundal.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Årets lokalavis: Sogn Avis 25.06.2016

Om eg skulle plante eit tre

Då Johans i Mundal – tippoldefar min – gifta seg planta han nokre graner i skogkanten på Øvstebøen i Mundal. Det var ein gong på 1800-talet. Det vert sagt at plantane kom frå Amerika, og var ei bryllaupsgåve. Eg har alltid lurt på korleis dei hadde teke hand om plantane på den lange reisa. Kanskje dei eigentleg kom som frø? Eg veit ikkje, men i alle fall overlevde dei reisa heilt frå Amerika og til dei blei planta i Mundal.

Ei av granene står framleis som eit landemerke i Mundal. Ho blir berre kalla Edelgrana. Då dei andre blei hogge, og Edelgrana blei ståande att åleine, har ho hatt god plass til å breie ut greinene sine. Ungar og ungdom har i fleire generasjonar prøvd seg på å klatre til topps i Edelgrana. Ikkje alle har klart det. Greinene sit så tett at det ikkje er ei lett oppgåve å komme seg opp. Men dei som har klart det har fått god utsikt. Den siste eg veit om har vore til topps er Anders, som driv nabogarden. Han hadde med eit tau opp for å måle kor høg Edelgrana er. Omlag 31 meter høg, kom han til.

I 1990 hadde Sogn og Fjordane Skogselskap ein «konkurranse» for å registrere tjukke tre i fylket, både lauvtre og bartre. Eg tok mål av Edelgrana og sende dei til Skogselskapet. Den gongen var omkretsen 4,00 meter. Ho var det største bartreet i Balestrand kommune, som Fjærland den gong tilhøyrde, og det femte største bartreet i Sogn og Fjordane. Til samanlikning var det største bartreet i Sogndal kommune den gongen ei furu på Haukåsen som var 3,30 m. I samband med ein akedag ved Edelgrana i vinter målte vi omkretsen igjen. I dag er omkretsen omlag 4,60 m. Ho ser framleis grøn og frisk og fin ut, trass merker i borken av ungane som hadde tenkt å sage henne ned for eit par generasjonar sidan og merket etter ein hest som har gnage i borken.

Eg prøvde meg også på å fylgje tradisjonen med å plante eit tre då eg gifta meg. Eit epletre. Det blei ikkje særleg vellukka. Hjorten øydela epletreet før det hadde gitt oss så mykje som ei bøtte epler. Så no sit eg her både utan epletre og utan kjerring. Om det har nokon samanheng skal eg ikkje gje meg inn på å spekulera i.

Om eg skal plante eit tre igjen, eller så eit frø, med ynskje om at det skal bli til eit stort tre, så skulle det vere eit tre som byggjer meir på norsk tradisjon enn ein edelgranplante frå Amerika. Det skal vere eit frø av nestekjærleik, respekt og empati. Det er eit frø som kan vekse seg stort og sterkt i menneskehjarte. Eg skulle ynskje at dette frøet kan vekse seg like stort og sterkt som Edelgrana, og at det kan klare seg sjølv om nokon prøver å skade det; så sterkt at dei som prøver å sage det over ende gir seg i forsøket. Eg skulle ynskje at det veks fort opp og bli ei motvekt til tankegods og ideologi som kallar kristen nestekjærleik og menneskeverd for «godhetstyranni»; ei motvekt til dei som med å kalle nestekjærleik tyranni indirekte kallar Gud ein tyrann. Ei motvekt til dei som vender ryggen til respekt, empati og nestekjærleik og let seg styre av frykt for islamisering.

IMG_4289

Om eg skulle plante eit tre, så var det eit slikt tre eg ville plante. Og eg veit at i mange hjarte veks det slike tre, men eg veit også at i andre hjarte vil forsøket på å plante eit slikt tre vere som å så eit frø på steingrunn der det er lite jord. Der vil det spire raskt, men når sola går opp visnar det, for det manglar rot.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 27.2.2016

Til Fjærland 17. mai 2015

Til deg, du bygd med bratte fjell,
og blanke fjord,
der måkar skrik og og ørner flyg
høgt over jord.

Til deg du bygd med blåe bre,
og snø mot sikt,
med blomsterprakt og grøne bø
vi gir vårt dikt.

Eg veit så godt når våren kjem
med liv og lys,
då smeltar snøen og gir håp
til dei som frys.

Til deg du mai i fargar kledd –
som folkedrakt
med raudt og kvitt og blått i eng –
i blomsterprakt.

Til deg du mai med grøne blad
med engsolei
med løvetann og blåklokke –
forglemmegei.

Edith Margaretha Mundal

Johannes Eggen Mundal

God dag, mitt namn er Kevin – og eg er heilt magisk!

No er det vår med spirekraft og høgtidsdagar. Mange tykkjer mai er den vakraste månaden i året. Det er kanskje kontrasten til vinteren som gjer det. Alt går så fort no. Trea blir fort grøne. Graset veks fort. Og plutseleg poppar det opp blomar både her og der. Til og med lamma veks fort, så fort at eg kvart år blir forundra over kor fort lam doblar og tredoblar vekta si. Her i Mundal låg det framleis snø i byrjinga av mai, andre stader i Fjærland ligg det snø framleis. Men likevel går det fort. Ikkje før er snøen borte så er bøane grøne og fine.

No er det mai og møkalukt. Eg høyrer dei som rynkar på nasen av møkalukta. Då seier eg at det er lukta av våren dei kjenner. Og våren er vakker og våren luktar godt! Men det er no eit kjent faktum blant bønder at naboen si møk alltid luktar dårlegare. Meøka er bonden sitt gull, seier eit gamalt ordtak. Og bønder har ikkje så mykje gull liggjande, så vi må ta vare på det gullet vi har. Men husdyrgjødsla er ikkje verd noko om ein lagrar ho; ho må utnyttast på beste måte. Då skaper ein verdiar. Så må ein håpe og tru at den nye jordbruksavtalen legg til rette for framleis matproduksjon og andre verdiar berre eit aktivt landbruk kan skape. Slik at vi bønder kan halde fram å spreie gullmøkk – eller gylle som ein ofte kallar det. Eg har stor respekt for Bonde- og småbrukarlaget ikkje vil skrive under på ein avtale som gjer at norske matprodusentar blir lønnstapar år etter år.

Det er ikkje berre naturen ute som vaknar til liv om våren. Medan naturen kler seg opp i sin finaste bunad til nasjonaldagsfeiring, med blomsterprakt og grøne skogar mot kvitkledde fjelltoppar, yrer det av nyskapt liv i mange sauefjøsar rundt i landet. For meg er det kanskje lamminga som er det vakraste vårteiknet. Eg har ein liten flokk gamalnorsk spælsau. No sprett det lam rundt alle plassar både inne i fjøsen og ute i hagane her. Dei er kvite, svarte, grå og brune i alle slags nyansar og kombinasjonar. Nokre av dei treng litt ekstra omsorg i starten. Desse gir tolvåringen namn til. Vi har mellom anna ein Jumbo, eit stort sterkt værlam. Og så har vi Kevin. Han er kanskje kalla opp etter Kevin i fjernsynsprogrammet Rundlurt. Han som alltid presenterer seg med: God dag, mitt namn er Kevin, og eg er magikar. Kopplammet Kevin kunne godt presentert seg slik: God dag, mitt namn er Kevin, og eg er heilt magisk. Du ville trudd han utan å spørje meir.

Kevin og Bella

God dag, hunden Bella, eg heite Kevin, og eg er heilt magisk!

Denne veka har eg hatt eit prosjekt saman med tolvåringen. Ho blei spurd om å framføre ein prolog på den årlege folkefesten på Fjærland bygdahus 17. mai om kvelden. Pappa, kan ikkje eg og du lage eit dikt? spurde ho. Og det har vi gjort. Til streng rytme og med rim – med opningsdiktet i Arne Garborgs Haugtussa som modell. Kanskje vi begge har lært noko av dette, både om å dikte og om kvarandre. I det minste har eg fått større respekt for diktaren Garborg sitt store verk, etter mi meining hans største; Haugtussa. No er prosjektet avslutta for min del, men for tolvåringen er det ikkje avslutta før diktet er framført.

I ei verd som ser meir og meir uroleg ut må vi setje ekstra stor pris på verdiane vi feirar på nasjonaldagen vår. Det er ikkje ein sjølvsagt ting at fridom og eiga grunnlov vil vare evig. Vi må ikkje berre feire, vi må også verne om grunnlova og fridommen. Med dette vil eg ynskje alle til lukke med nasjonaldagen!

Kevin og Jumbo

Kevin og Jumbo

KevinBellaJasmin

Katten Jasmin lurer litt på om Kevin er jaktbar.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 16. mai 2015.

1. mai 2015 i bilde

Nesten halvparten av sauene har lamma. Hadde ut seks sauer til med ti lam i dag. No går dei i dei gamle hagane over gardstunet mot skogkanten.

Eg har ikkje hatt tid å gå i tog under parolar i dag. Men eg har gått omtrent 17.060 steg. Eller 12,7 kilometer. Mange av desse stega har eg gått mellom dyra mine.

Her er nokre bilde frå 1. mai på Øvre Mundal, bruk 1:


        

Lamming

Lamminga starta her før helga. I går sleppte vi ut tre sauer og seks lam. Gamleværen står på bakføtene og lurer på om det er han som er faren. Det er vår no, sjølv om det framleis ligg snø på flatane i Mundal. 

     

Post Navigation