MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “narsissist”

Ansvaret for mobbing ligg hos dei vaksne på skulen

Eg har skrive mange tekstar om mobbing. Alt for mange meinar somme. Men eg kan ikkje slutta å skrive om mobbing så lenge mobbing skjer. Særleg når mobbing skjer på skulen, mot barn. Og når det skjer mot barn er det, som vi veit, ofte med vaksne til stade; vaksne som ikkje stoppar mobbinga mot barna våre sjølv om dei ser den skje. Det er viktig å vite at mobbing i utgangspunktet ikkje (eller aldri) er barna sin feil. Mobbing i barnehage og skule skjer fordi dei vaksne let det skje. Mange gonger fordi ein skuleleiar vil skape eit godt bilde av skulen dei har ansvar for. Nokre gonger fordi det er vaksne på skulen som har mangelfulle evner når det gjeld å forstå at barn tek skade av mobbing, vaksne som ikkje har evne til å setje seg inn i situasjonen til barn som blir mobba. Omlag 3-4 prosent av populasjonen manglar desse grunnleggjande evnene; evnene til å setje seg inn i andre sine kjensler; evnene til empati. Psykiatrien kallar dette personlegdomsavvik. Hovudtrekka hos desse personane er manglande evne til å setje seg inn i andre sine kjensler. I mange tilfelle er desse personane svært narsissistiske. Nokre av dei blir karakterisert som sosiopatar eller psykopatar.

I ein tekst som stod på trykk i BT for nokre år sidan skreiv eg at skulen burde ha tilsett fleire i den motsette enden av skalaen enn dei med personlegdomsavvik. At personar i den motsette enden av skalaen enn sosiopaten lett vil oppdage og avdekke mobbing. Den motsette enden av skalaen er dei høgsensitive. Eg kan ikkje sjå at psykiatrien har ein skala som går frå psykopaten i den eine enden til den høgsensitive i den andre enden av skalaen. Men eg har registrert at psykiatrien sjølv har forsking som stadfestar at desse motsetnadane er slik. Og som høgsensitiv sjølv har eg vanskeleg for å forstå at ikkje mobbing lettare let seg avsløre. Sjå fylgjande faktiske hending ut frå at det finst personar i skulegarden som ikkje har empati med at barn blir mobba:

– Det målet tells ikkje! ropte Anders. Orda slo meg hardt i magen. Eg sprang gråtande forbi læraren i skulegarden. Ho såg bort. Eg sprang rundt hjørnet av skulen, prøvde gøyme meg bak nokre busker, medan dei andre ropte slike ord dei brukte rope til meg. Eg gret. Det var første gong eg hadde klart å score mål.

– Korleis går det? Det var Bjørn si røyst. Vi prata litt, og etter mange fine ord blei eg med Bjørn tilbake til dei andre. I det vi gjekk forbi læraren spør Bjørn henne: – Korfor let du dette skje?

– Såpass får de tole! svara ho.

new-phototastic-collage

Denne teksten blei skrive som ein skjønnlitterær tekst på eit skrivekurs i Den norske bokbyen i Fjærland for ei tid sidan. Men teksten er skræmande sann. Og for eit par veker sidan var eg med Anders på utviklingssamtale på den nye skulen hans. Då forklara han korfor han har det så mykje betre på den nye skulen han går på. I denne utviklingssamtalen namngav han den vaksne personen som i forteljinga over; den personen som sa at såpass får du tole, Anders.

Så lenge eg kjenner til skular som let mobbing skje på denne måten skal eg passe på å sei frå til foreldre og barn før dei vel ein slik skule. Heldigvis fekk Anders mulegheit å skifte skule før han blei øydelagt av dei vaksne som let mobbinga skje. Så får vi håpe at dei vaksne let det skje fordi dei mangla evne til å setje seg inn i at eit barn blir øydelagt når dei ikkje grip inn ved mobbing. Alternativet – at dei let det skje med vilje – er mykje verre (og mykje vanskelegare å forstå). Som Anders seier om barna som mobbar: – Eg forstår at dei eigentleg er snille, men at dei let seg drage med. Anders er eit klokt barn. Han forstår at ansvaret ligg hos dei vaksne på skulen.

Les også: Når læraren mobbar.

Advertisements

Post Navigation