MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Nav-skandalen”

Godt nytt år!

Politikarane lovar å setje meir fokus på sjølvmord og norsk psykiatri. Det blir ikkje det lettaste nyttårsløftet å halde. Nav og psykiatri heng ofte saman. Kanskje Nav-granskinga på Stortinget også bør avdekka kor mange som ikkje har orka å leve vidare etter måten norske styresmakter og nav har handsama dei.

Dette er tida for å helse alle ein møter «godt år». Kva eit godt år er finst det sannsynlegvis like mange definisjonar på som det finst menneske. Han som norske styresmakter hadde kalla grov svindlar, men som akkurat fekk beskjed om at han skal få tilbake 637.000 kroner frå nav, har i alle fall eit bra utgangspunkt for å få eit godt år. I tillegg til å få tilbake pengane han har rett på blir han frikjent for stempelet «grov svindlar». Det var norske styresmakter og nav som svindla han for pengar, ikkje omvendt.

profilGREIP

Denne julehelga og overgangen til nytt år blei veldig spesiell. Beskjeden om at Ari Behn tok livet sitt 1. juledag kom som eit sjokk for alle. Statsministeren og kongen måtte skrive om nyttårstalane sine. Mange nordmenn skreiv om nyttårsløftene sine. Eit søk på sosiale medier viser at mange hadde nyttårsløfte som handla om medmenneskelegheit, om å skape eit varmare samfunn og bli ein betre lyttar, høyrde eg på radioen. Statsministeren ber folk som slit om å søke hjelp før det er for seint. Politikarane lovar å setje meir fokus på sjølvmord og norsk psykiatri. Det siste blir ikkje det lettaste nyttårsløftet å halde. No om dagen er media fulle av forteljingar om folk som prøvde søke hjelp då dei sleit i mørkret med sjølvmordstankar og andre ting. Men dei fekk ikkje hjelp frå psykiatrien. Mange må vente år på å få snakke med psykolog. Dei som har overlevd takkar venner rundt seg. Kapasiteten i norsk psykiatri er sprengt. Og det avspeglar seg også i sjølvmordsstatistikken.

For eit par år sidan var det eit innlegg på trykk i Aftenposten som gjorde inntrykk. Lege og psykiater Anette Toresdatter hevda at nav-reglar fører til at vi er i ferd med å lage ein ny gruppe psykiatriske pasientar. Ho snakka om folk som har mista jobben og etter kvart mistar rett til ytingar frå nav. Det ho skriv om er overførbart til langtids sjukemelde som mistar ytingar frå nav. Ho skriv om folk som aldri har hatt eller er disponert for psykiatrisk sjukdom, men plutseleg står utan inntekt. Kven kjenner ikkje på angst og depresjon når ein ikkje lenger ser noka løysing og ikkje lenger har mulegheit å brødfø familien? spør ho. Kven får ikkje sporadiske tankar om at familien min hadde hatt det betre utan meg? Vi er i ferd med å skape ei ny gruppe psykiatriske pasientar, skriv Toresdatter. Er samfunnet tent med det? spør ho.

Kanskje hadde det vore billegare for Norge å gitt desse menneska stønad til å klare seg. Då hadde ein også frigitt mykje kapasiet i norsk psykiatri. Ein hadde sannsynlegvis redda liv. Noko er i alle fall gale dersom Anette Toresdatter har rett i at nav-systemet skaper ei ny gruppe psykiatriske pasientar. Og Toresdatter er ikkje åleine om den påstanden. Fleire eg har møtt i helsevesenet, inkludert legar, seier at nav ofte bidreg til både lengre og høgare grad av sjukmeldingar. Sist eg siterte legar på det, rykka nav-direktør og rådmann ut med eit avisinnlegg der dei framstilte meg som løgnar.

I desse dagar føregår ein slosskamp i norsk politikk under dekknamnet «gransking av nav-skandalen». Statsrådar og eks-statsrådar kjempar for å velte mest muleg skuld over på politiske motstandarar. Eg håpar Stortinget sin kontrollkomité klarar å få fram det ansvaret noverande regjering har, men ikkje minst det ansvaret forrige regjering har for å ha etablert eit system der uskuldige har vorte fengsla og fått øydelagt livet. Kanskje det også burde vore avdekka kor mange som ikkje har orka å leve vidare etter måten norske styresmakter og nav har handsama dei. Godt nytt år! Lev lovnaden om å vere ein venn!

Denne teksten står på trykk som Innhogg i Sogn Avis 11.1.2020

Post Navigation