MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “nominasjonsmøte”

Kunsten å kuppe ein nominasjon

Ein får inntrykk av at det er politisk og økonomisk uro jorda rundt. Slik har det sikkert alltid vore, men i dag går nyhenda så raskt at det som skjer blir kjent jorda rundt i løpet av ein augneblink. Rett før helga enda toppmøtet mellom Donald og Kim, the little rocket man, utan avtale. Det er kanskje det vi hugsar best frå veke som har gått. I Storbritannia er Labour, det britiske Arbeidarpartiet, rysta av antisemittiske haldningar i leiinga. Det har vore kjent lenge, men siste tida har partitoppar meldt seg ut fordi dei antisemittiske haldningane ikkje har vorte teke tak i. Eller kanskje mest på grunn av usemje om Brexit.

kupp

Her i Norge har Trond Giske prega nyhenda siste vekene. Han skal visstnok ha like dårleg kvinnesyn og like dårleg omgang med kvinner som Donald Trump. Utan samanlikning elles. Men det bryr ikkje Trøndelag Arbeidarparti seg så mykje om. Ikkje Årdal Arbeidarparti heller, får vi vite av NRK. Der vil Ap-medlem og fagforeiningsleiar Andreas Bakken helst skifte ut Jonas Gahr Støre med Trond Giske. Støtta til Giske i Ap-bastionen Årdal illustrerer at den «uheldige» dansevideoen med Giske er del av ein maktkamp inne i partiet.

Overskrifta burde vore «Sogndal fotball kuppa nominasjonsmøtet ,» seier Svein Røysum.

Men det er ikkje berre ein maktkamp. Dei alvorlege metoo-sakene mot Giske ligg ferske og opne bak trønderen. Han sjølv har brukt meir energi på å bagatellisere hendingane enn på å legge seg flat, seier kritikarane. Å gi han viktige tillitsverv så kort tid etter metoo blir nok opplevd som krenkande for både offer og andre i partiet. Derfor burde Giske forstått at ei kvar lita sak ville bli brukt mot han. Likevel let han seg filme medan han «tafsar» på unge kvinner. Dei opplevde det ikkje ubehageleg, nei. Men Giske burde forstått at fiendane hans i partiet ville bruke det mot han. Og det gjorde dei. Dei køyrde saka i media, med direkte løgnaktig framstilling. Slik fekk dei endra nominasjonen av Giske til viktige verv i Trøndelag.

Det er forresten uro i Ap i den nye Sogndal storkommune også. Medan dei andre politiske partia enda opp med lister til kommunevalet som var omlag slik nominasjons-nemndene hadde innstilt, så var det kamp om plassane i nye Sogndal Ap. I førekant av nominasjonsmøtet hadde partiet verva mange nye medlemmer. Jon Håkon Odd frå Leikanger var med 4 mot 2 stemmer innstilt som ordførarkandidat. Men det var varsla på førehand at sogndølene kom til å møte mannsterke på nominasjonsmøtet for å stemme Kjetil Kvåle inn som Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat. Og på eit nominasjonsmøte som hadde større frammøte enn Årdal Ap brukar å ha, så lukkast sogndølene å gjere store endringar på nominasjons-nemnda si innstilling.

Svein Røysum, som har sitte i kommunestyret for Arbeidarpartiet i Leikanger fleire periodar, seier han er litt oppgjeven over lokalavisa si meir eller mindre manglande dekning av kva som skjedde på møtet. Overskrifta i avisa burde vore «Sogndal fotball kuppa nominasjonsmøtet til Ap på Systrond,» seier han. Men dei hadde vel full rett til å møte mannsterke, påpeika eg. Jau, dei hadde vel det, svarar han. Det er ikkje akkurat noko opprør etter nominasjonsmøtet, seier han, men sjølv har han bestemt seg for å stemme på eit anna parti dette valet. Så det er vel ikkje feil å seie at det er eit slags opprør. Sjølv om sogndølene si «kupping» av nominasjonsmøtet på Systrond var heller uskuldig samanlikna med metodane dei brukar i Trøndelag.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 2. mars.

Post Navigation