MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “psykisk helse”

Vær raus med deg sjølv og med andre!

Så har 2018 gått inn i historien, og vi har gått inn i 2019. Noko av det som skjedde i 2018 skal vi helst gløyme, men mykje av det skal vi ta vare på. Godt år, forresten, som vi brukar å seie på denne tida – ofte nokre setningar ut i samtalane, før vi kjem tilbake til det vi skulle snakke om. Kva har du lært av 2018?

Verdsdagen for psykisk helse 2018 prøvde å lære oss å vere rause. Å vere raus med seg sjølv og andre kan bidra til god psykisk helse. Rausheit handlar om å gi noko utan å forvente noko tilbake, skriv verdensdagen.no på nettsida si. Det dreier seg om å akseptere at vi er ulike, at vi ikkje er perfekte, og å gi rom for eigne og andre sine ulikheiter. Omgrepet er knytt til nestekjærleik, sjenerøsitet og det å vere usjølvisk. Og det blir oppfordra til å vere open. Også open om eiga psykisk helse.

Sjølv har eg delvis vore open om eiga psykisk helse siste åra. Berre delvis. For det er ikkje lett å vere open om psykisk helse i dag. Særleg ikkje når mesteparten av kommunikasjonen skjer på sosiale medier. Sosiale medier er dei vellukka sine utstillingsvindauge. Eller meir presis dei innbildt vellukka sine utstillingsvindauge. Folk sminkar seg og redigerer bilde for å ta seg best muleg ut. På same måten sminkar og redigerer folk sitt indre liv, sin kvardag og si psykiske helse. Du skal vere særleg raus og open om di eiga psykiske helse dersom du vil skrive på fb-profilen din at du ikkje har det så bra.

Eg har sjølv erfaring med depresjon og sosial angst. Mesteparten av livet mitt har ikkje dette vore noko problem. Det oppstår som ein kombinasjon av utbrentheit og andre ytre omstende. Ein medverkande årsak er at eg er særleg sensitiv. Alle menneske er på ein skala frå total mangel på empati (kalla personlegdomsavvik, narsissisme, psykopati) til høgsensitive. Medan omlag 3-5 % av befolkninga har personlegdomsavvik, så er kvar femte person høgsensitiv. Medan personlegdomsavvik blir sett på som diagnose og eit sosialt problem, så er høgsensitivitet i andre enden av skalaen rekna som ein normaltilstand. Medan folk med personlegdomsavvik utgjer mange av dei som soner fengselsstraff, er høgsensitive overrepresentert i statistikken over dei som treng hjelp med psykisk helse. Høgsensitive tek inn 3-5 gonger så mange sanseinntrykk som andre, vert det sagt. Det fører til at ein blir overstimulert og treng pausar. Mange høgsensitive er introverte. Ikkje alle.

Vi er nøydde til å hjelpe kvarandre så godt vi kan. Det er ikkje anna berging.»
(Rune Olstad)

Ein av dei meir rause personane eg kjenner er Rune Olstad. Han deler av seg sjølv på godt og vondt. Han sminkar seg ikkje eit fake facebook-liv. «Ein må snakke om si psykiske helse,» skriv han i ein lang fb-post som eg har fått lov å sitere. «Ein må snakke mykje om den. Eg gjer det ofte, men ikkje ofte nok. Det er vanskeleg å be om hjelp. Det veit eg. Legar høyrer knapt på deg. Du må rope til dei. Det skal vere effektivt. Flest muleg gjennom «kverna» kvar dag. Når du går ofte til lege vert du teken mindre alvorleg. Psykiatrien i Norge fungerer dårleg. Den offentlege psykiatrien fungerer dessverre ikkje så godt nei. Det er for mange som slit til at alle kan få hjelp.»

På slutten av statusoppdateringa appellerer Rune til oss alle: «Kva med den private psykiatrien?» spør han. «Tenk om du kunne banka på ei dør. Tenk om nokon tok seg tid. Tenk om nokon såg deg. Tenk om… Slik eg ser det er vi nøydde til å hjelpe kvarandre så godt vi kan. Det er ikkje anna berging. Ha ein fin laurdagskveld. Ta vare… Ta gjerne kontakt med ein du veit har det vondt.»

Advertisements

«Barna sitt beste»?

Når BUF snakkar om barns beste, men resultatet er diskriminering av far og psykiske lidingar hos barna.

Barn og unge si psykiske helse er eit tema som med jamne mellomrom dukkar opp i media. Ofte i samband med ny forsking. Undersøkinga Ungdata, som blir gjennomført av Høgskulen i Oslo og Akershus, viser at psykiske helseproblem aukar hos ungdom. Dei vanlegaste plagene er angst og depresjon. I landet totalt seier 13% at dei kvar veke er mykje plaga av eitt eller fleire symptom på psykiske problem. Trivselsfylket Sogn og Fjordane ligg ikkje så langt frå landssnittet, med 11%. Så er det store skilnader innafor fylket, med Luster (5%), Sogndal (6%), Lærdal (18%) og Hyllestad (19%), for å nemne nokre døme.

Fleire undersøkingar viser at mellom anna konfliktfylte heimar og mobbing aukar risikoen for psykiske lidingar. Ungdata tyder også på slike samanhengar. I Luster seier 70% at dei trivest på skulen, i Sogndal er talet 80% og snittet for landet er 65%. Kommunar som ligg over snittet når det gjeld ungdom med psykiske lidingar, har også meir problem med mobbing.

barnimotlys

Når det gjeld samanhengen mellom psykiske lidingar og konfliktar i heimen blir ofte skilsmissebarn trekt fram. For å unngå at barn skal utsetjast for konfliktar har det vore vanleg at familievernkontora, som utfører lovpålagt mekling ved samlivsbrot, har anbefalt det dei kallar «vanleg samværsrett». I praksis betyr det at barna bur fast hos mor, men er saman med far ein ettermiddag i veka og annakvar helg. Med ei slik ordning kan mor flytte kvar ho vil i landet, og på den måten misser mange barn kontakten med sin far.

På den måten bidreg Bufdir til at barn og unge får dårlegare psykisk helse. Slik bør det ikkje vere!

Ein svensk studie viser etter mi meining at det Barnelova kallar «vanleg samværsrett» ikkje har vore til barnet sitt beste, slik Familievernkontora har meint. Studien viser at skilsmissebarn som bur hos ein av foreldra er oftare stressa enn barn med delt bustad. Andre studier viser at barn som bur hos berre ein av foreldra har dårlegare psykisk helse, og at barn som har delt bustad har større trivsel. Og resultata er uavhengig av konfliktnivå mellom foreldre. Barn treng både ein far og ei mor. Dette bør det takast meir omsyn til i Barnelova. Ein kan også stille spørsmål når det gjeld adopsjon ol til likekjønna par ut frå funna i desse studiane. Set ein barn sitt beste først når dei blir fråteke mor eller far? Eg veit det er lite politisk korrekt å stille slike spørsmål.

På Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUF) si nettside, under tittelen «Barnet sitt beste ved samlivsbrot» er det lettare å finne argument for det dei kallar «vanleg samværsrett» enn for delt bustad. Det å kalle noko vanleg gir sterke føringar. Eit av argumenta er at barn ikkje har godt av konflikt mellom foreldra. Men meklingane om foreldre sin samværsrett føregår alltid i det tidsrommet i foreldra sitt liv då konfliktnivået er høgast. Og sjølv om det er ei utvikling mot at fleire skilsmissebarn har delt bustad, så kjenner mange av oss ein far som blir sitjande att med nesten ingen kontakt etter å ha blitt pressa til å skrive under på ein avtale hos BUF.

Ein kan i beste fall sei om meklaren på «familievernkontoret» at ho diskriminerte meg som far. Verre var det at ho ikkje la vekt på kva som var best for barna.

Mine erfaringar frå Familievernkontoret i Sogndal for nokre år sidan har eg skrive om tidlegare i innlegget Dei hjelper berre damene på BUF. Eg opplevde at sjølv om vi som foreldre hadde tenkt delt omsorg, så brukte meklaren tida på å «overtale» mora om vanleg samværsrett. Eit av argumenta var at då blei ho fri til å flytte kor i landet ho ville, utan at eg kunne hindre henne. Eg prøvde argumentere mot dette, at eg meinte det ikkje var å setje barna sitt beste først, men eg kom nesten ikkje til orde med mine argument. Ein kan i beste fall sei om meklaren at ho diskriminerte meg som far. Verre er det at ho ikkje la vekt på kva som var best for barna.

Vi bestemte oss likevel for delt bustad. Eg har møtt fleire med liknande opplevingar på mekling, unge fedre som har kjent seg pressa til å skrive under på «vanleg samværsrett», og som har mista regelmessig kontakt med barna. På den måten bidreg BUF til at barn og unge får dårlegare psykisk helse. Ifylgje fleire studier. Slik bør det ikkje vere!

Les gjerne desse tidlegare tekstane om ma mobbing:

https://mannmedgreip.wordpress.com/2017/11/23/aktuelt-skule-og-mobbing/

https://mannmedgreip.wordpress.com/2017/05/05/verste-sort-mobbing/

https://mannmedgreip.wordpress.com/2016/08/20/kjaere-ti-ar-gamle-andreas/

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis.

Post Navigation