MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “respekt”

Det krevst ein landsby å oppdra eit barn!

MOT er ein ideell organisasjon starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997, med Johann Olav Koss som ein av initiativtakarane. Det viktigaste innsatsområdet til organisasjonen er programmet «Robust ungdom», som vender seg mot ungdomsskular og vidaregåande skular. I dag er nær 300 skular knytt til organisasjonen, og dei når ut til omlag 65.000 ungdommar i heile landet. MOT skriv på nettsida si at det blir gjennomført 15.000 MOT-møter kvart år, og at ildsjeler i organisasjonen årleg brukar 30.000 timar i klasserom. Ifylgje MOT er andelen mobbing langt lågare i skular med MOT-partnerskap. Og blant dei som blir mobba er andelen som trivst på skulen langt høgare i skular med MOT-partnerskap.

IMG_6396

Sidan byrjinga av 2000-talet har Kvåle skule i Sogndal vore MOT-partnar. Rektor Kjetil Sønnesyn inviterte denne veka alle foreldre til temamøtet «Mot som universalverktøy 24/7». Undertema var 1) ingen er berre det ein ser, 2) korleis skape godkjensla hos born og unge, og 3) korleis vise tøff kjærleik. Føredragshaldar var Stein Bratseth, som har 35 års erfaring frå politiet, og som no reiser rundt og held føredrag for foreldre og lærarar på MOT-skular. Ut frå sin erfaring frå politiet, med mellom anna førebyggjande arbeid blant barn og unge, arbeidar han med å inspirere foreldre og lokalsamfunn til å skape robuste ungdommar som inkluderer alle. Bratseth fokuserte på det afrikanske ordtaket: det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn!

Eg hadde eigentleg tenkt å skrive om eit heilt anna tema denne gongen. Eit tidsaktuelt tema i den pågåande politiske debatten: Abort. Eg hadde tenkt å skrive om at skilnaden på å vere mot abort og å vere for abort kun går på kor tid ein definerer eit foster som menneske. I eit innlegg i Aftenposten skildrar professor emeritus i barnesjukdommar Ola Didkrik Saugstad ei jordmor sine opplevingar når eit 18 veker gamalt abortert foster gispar etter pusten nesten ein time etter «abort» før det dør. Denne jordmora seier at dei politikarane som vil utvide abortgrensa sjølve burde oppleve å trøyste fosteret til det sluttar puste. Saugstad er sjølv for abort før veke 12. Men han går sterkt irette med dei politiske ungdomsorganisasjonane som vil utvide abortgrensa. No har eg valgt bort abort som tema fordi auditoriet på Kvåle ikkje var fullt på måndag. Ofte kjem folk til meg etterpå og seier at dei som burde vore her, dei var ikkje her, sa Bratseth. Alle dei tomme plassane på auditoriet på Kvåle representerer alle dei som burde vore på føredraget. Eg håpar nokon av dei tomme plassane les dette innhogget.

Bratseth snakka om kor viktig det er for ungdom å kjenne tilhøyrigheit i grupper. Tilhøyrigheit i grupper kan i yttste grad hindre terrordåd. Det betyr ikkje at 22.7. ikkje kunne vore unngått. Likevel kunne det kankje… MOT sin visjon er å sjå framover, og hindre at ungdom blir ståande utanfor sosiale grupper. MOT til å leve. Til å vere seg sjølv. MOT til å bry seg. Til å skape godkjensle, til å vise respekt, kjærleik og omsorg til dei utanfor. MOT til å seie nei, til å prioritere, til å stå for eigne verdiar, til å våge sei frå, og til å praktisere tøff kjærleik.

Mot til å glede-dagen.

Bratseth utfordra oss til å ikkje vere ein av dei som stenger andre ute. Vi skal vere gode døme for barna og ungdommane våre. Om vi stenger folk ute er vi ikkje gode døme for barna våre. Dei vi stenger ute kan vere dei som havnar i dei feile, negative gruppene. Det er vårt ansvar som vaksne å vere gode førebilde. Det er ikkje alle barn som har ladestasjon i sin eigen heim. Mellom anna derfor krevst det ein landsby for å oppdra eit barn.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 10.11.2028.

 

Stein Bratseth og MOT sitt verdiprogram. (Bilde frå MOT si heimeside.)

Advertisements

Gi ei rose – ikkje ei tornebusk!

Omtrent på denne tida i fjor blei eg og borna invitert med på ei katolsk førjulsfeiring i Sogndal. Eg er ikkje særleg katolsk anlagd, men nyfikna og utsikt til festmat frå heile verda lokka meg. Samlinga starta med ei messe. Presten blei omtalt som Father Johan, han var frakta med privatbil frå Bergen for høvet, og preika på engelsk.

Eg kom vel til messa utan særlege forventningar til innhaldet. Men Father Johan overraska. Preika hans overgjekk det meste eg har høyrt frå prestar i kyrkja, Den norske. Vi må slutte å gi materalistiske gåver til folk! sa Father Johan. Ikkje berre for jorda og klimaet – Guds skaparverk – si skuld, men også fordi det ikkje er materalistiske gåver folk i dag treng mest. «Give a rose!» sa han, og med ROSE som bilde forklarte han kva slags gåve han meinar folk i dag treng. Og no kan det hende at eg ikkje siterar Father Johan heilt korrekt når det gjeld bruken av dei omgrepa han forkorta til ROSE. Her kjem eit kort resymé av det eg hugsar av preika, tolka av meg i respekt for Father Johan. Det du eventuelt les av eit politisk bodskap er lagt til av meg.

R-en i rose står for respekt. Vi må alltid møte folk med respekt. O-en står for «open mindedness». Vi må møte folk med eit ope sinn. Ikkje med fordommar og dømmande førsteinntrykk. Vi må møte både oss sjølve og andre med same opne sinn. Ikkje setje folk i båsar. (Altso ikkje kalle meiningsmotstandarar eit hylekor?)

S-en står for sympati. Vi skal møte våre medmenneske med forståing og medmenneskelegheit. Eller nestekjærleik, som det heiter i Bibelen. Og til sist står E-en for empati. Empati er ikkje det same som sympati. Medan sympati er evna til å setje seg inn i og forstå korleis andre har det, så er empati evna til å setje seg inn i og føle ein anna person sin situasjon og sine følelsar.

Etter at Father Johan var ferdig med denne fine og politisk korrekte preika, kom det ein for meg framand mann bort til meg og gav meg ei tornebusk. Ein kan vel sei at denne mannen skapte for meg ein kontrast til innhaldet i Father Johan si preike. Tornebuska var full av fordømmelse, feile førsteinntrykk og oppramsing av diagnosar på ein av dei personane som var der som eg kjente, men som denne mannen berre hadde observert under samlinga. Eg kjente tornene stakk så det blødde inne i meg. Hadde personen som blei omtalt og tildelt diagnosar høyrt kva som blei sagt er eg sikker på at han også hadde blitt såra av den giftige tornebuska.

Etterpå fekk eg vite at han som delte ut tornebusker etter presten si preik om å dele ut roser var sjåføren til Father Johan. Eg har tenkt mange gonger på korleis kommunikasjonen mellom dei to så ulike personlegdommane kunne gå i bilen tur-retur Bergen. Det kunne vore interessant å vore usynleg til stades baksetet.

Det er ikkje alltid like lett å dele ut roser til folk ein møter. Nokre gonger er det tornebusker som kjem ut av oss. Og av og til er tornebuskene sårande giftige. Og nokre gonger når du prøver å gi folk ei rose så riv dei sund rosa og viser henne til andre og seier dei fekk ein skada eller giftig blome frå deg. Det har eg sjølv opplevd.

Somme deler ut giftige tornebusker med vilje. Dei kallar folk hylekor og godtar seg og ler av at dei har klart å sende born ut av landet og til farlege krigssituasjonar. Eller dei kallar folk tvers gjennom vonde og løgnaktige og brukar roser dei har fått, og som dei sjølve har øydelagt, som bevis. Dette er det motsette av nestekjærleik, det motsette av den rosa Father Johan snakka om. Med ynskje om ei fin førjulstid lovar eg å prøve å gi roser til folk på min veg. Men om du kjenner utvisningsministeren så kan du godt gi henne denne teksten. Men gi den då til henne med roser, ikkje med tornebuskar. Om ho likevel vil kalle meg også hylekor, så toler eg det. Ein blir vant til litt av kvart etter å ha blitt stempla som tvers gjennom vond og løgnaktig.

Om eg skulle plante eit tre

Då Johans i Mundal – tippoldefar min – gifta seg planta han nokre graner i skogkanten på Øvstebøen i Mundal. Det var ein gong på 1800-talet. Det vert sagt at plantane kom frå Amerika, og var ei bryllaupsgåve. Eg har alltid lurt på korleis dei hadde teke hand om plantane på den lange reisa. Kanskje dei eigentleg kom som frø? Eg veit ikkje, men i alle fall overlevde dei reisa heilt frå Amerika og til dei blei planta i Mundal.

Ei av granene står framleis som eit landemerke i Mundal. Ho blir berre kalla Edelgrana. Då dei andre blei hogge, og Edelgrana blei ståande att åleine, har ho hatt god plass til å breie ut greinene sine. Ungar og ungdom har i fleire generasjonar prøvd seg på å klatre til topps i Edelgrana. Ikkje alle har klart det. Greinene sit så tett at det ikkje er ei lett oppgåve å komme seg opp. Men dei som har klart det har fått god utsikt. Den siste eg veit om har vore til topps er Anders, som driv nabogarden. Han hadde med eit tau opp for å måle kor høg Edelgrana er. Omlag 31 meter høg, kom han til.

I 1990 hadde Sogn og Fjordane Skogselskap ein «konkurranse» for å registrere tjukke tre i fylket, både lauvtre og bartre. Eg tok mål av Edelgrana og sende dei til Skogselskapet. Den gongen var omkretsen 4,00 meter. Ho var det største bartreet i Balestrand kommune, som Fjærland den gong tilhøyrde, og det femte største bartreet i Sogn og Fjordane. Til samanlikning var det største bartreet i Sogndal kommune den gongen ei furu på Haukåsen som var 3,30 m. I samband med ein akedag ved Edelgrana i vinter målte vi omkretsen igjen. I dag er omkretsen omlag 4,60 m. Ho ser framleis grøn og frisk og fin ut, trass merker i borken av ungane som hadde tenkt å sage henne ned for eit par generasjonar sidan og merket etter ein hest som har gnage i borken.

Eg prøvde meg også på å fylgje tradisjonen med å plante eit tre då eg gifta meg. Eit epletre. Det blei ikkje særleg vellukka. Hjorten øydela epletreet før det hadde gitt oss så mykje som ei bøtte epler. Så no sit eg her både utan epletre og utan kjerring. Om det har nokon samanheng skal eg ikkje gje meg inn på å spekulera i.

Om eg skal plante eit tre igjen, eller så eit frø, med ynskje om at det skal bli til eit stort tre, så skulle det vere eit tre som byggjer meir på norsk tradisjon enn ein edelgranplante frå Amerika. Det skal vere eit frø av nestekjærleik, respekt og empati. Det er eit frø som kan vekse seg stort og sterkt i menneskehjarte. Eg skulle ynskje at dette frøet kan vekse seg like stort og sterkt som Edelgrana, og at det kan klare seg sjølv om nokon prøver å skade det; så sterkt at dei som prøver å sage det over ende gir seg i forsøket. Eg skulle ynskje at det veks fort opp og bli ei motvekt til tankegods og ideologi som kallar kristen nestekjærleik og menneskeverd for «godhetstyranni»; ei motvekt til dei som med å kalle nestekjærleik tyranni indirekte kallar Gud ein tyrann. Ei motvekt til dei som vender ryggen til respekt, empati og nestekjærleik og let seg styre av frykt for islamisering.

IMG_4289

Om eg skulle plante eit tre, så var det eit slikt tre eg ville plante. Og eg veit at i mange hjarte veks det slike tre, men eg veit også at i andre hjarte vil forsøket på å plante eit slikt tre vere som å så eit frø på steingrunn der det er lite jord. Der vil det spire raskt, men når sola går opp visnar det, for det manglar rot.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 27.2.2016

Post Navigation