MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “særlig sensitiv”

Vær raus med deg sjølv og med andre!

Så har 2018 gått inn i historien, og vi har gått inn i 2019. Noko av det som skjedde i 2018 skal vi helst gløyme, men mykje av det skal vi ta vare på. Godt år, forresten, som vi brukar å seie på denne tida – ofte nokre setningar ut i samtalane, før vi kjem tilbake til det vi skulle snakke om. Kva har du lært av 2018?

Verdsdagen for psykisk helse 2018 prøvde å lære oss å vere rause. Å vere raus med seg sjølv og andre kan bidra til god psykisk helse. Rausheit handlar om å gi noko utan å forvente noko tilbake, skriv verdensdagen.no på nettsida si. Det dreier seg om å akseptere at vi er ulike, at vi ikkje er perfekte, og å gi rom for eigne og andre sine ulikheiter. Omgrepet er knytt til nestekjærleik, sjenerøsitet og det å vere usjølvisk. Og det blir oppfordra til å vere open. Også open om eiga psykisk helse.

Sjølv har eg delvis vore open om eiga psykisk helse siste åra. Berre delvis. For det er ikkje lett å vere open om psykisk helse i dag. Særleg ikkje når mesteparten av kommunikasjonen skjer på sosiale medier. Sosiale medier er dei vellukka sine utstillingsvindauge. Eller meir presis dei innbildt vellukka sine utstillingsvindauge. Folk sminkar seg og redigerer bilde for å ta seg best muleg ut. På same måten sminkar og redigerer folk sitt indre liv, sin kvardag og si psykiske helse. Du skal vere særleg raus og open om di eiga psykiske helse dersom du vil skrive på fb-profilen din at du ikkje har det så bra.

Eg har sjølv erfaring med depresjon og sosial angst. Mesteparten av livet mitt har ikkje dette vore noko problem. Det oppstår som ein kombinasjon av utbrentheit og andre ytre omstende. Ein medverkande årsak er at eg er særleg sensitiv. Alle menneske er på ein skala frå total mangel på empati (kalla personlegdomsavvik, narsissisme, psykopati) til høgsensitive. Medan omlag 3-5 % av befolkninga har personlegdomsavvik, så er kvar femte person høgsensitiv. Medan personlegdomsavvik blir sett på som diagnose og eit sosialt problem, så er høgsensitivitet i andre enden av skalaen rekna som ein normaltilstand. Medan folk med personlegdomsavvik utgjer mange av dei som soner fengselsstraff, er høgsensitive overrepresentert i statistikken over dei som treng hjelp med psykisk helse. Høgsensitive tek inn 3-5 gonger så mange sanseinntrykk som andre, vert det sagt. Det fører til at ein blir overstimulert og treng pausar. Mange høgsensitive er introverte. Ikkje alle.

Vi er nøydde til å hjelpe kvarandre så godt vi kan. Det er ikkje anna berging.»
(Rune Olstad)

Ein av dei meir rause personane eg kjenner er Rune Olstad. Han deler av seg sjølv på godt og vondt. Han sminkar seg ikkje eit fake facebook-liv. «Ein må snakke om si psykiske helse,» skriv han i ein lang fb-post som eg har fått lov å sitere. «Ein må snakke mykje om den. Eg gjer det ofte, men ikkje ofte nok. Det er vanskeleg å be om hjelp. Det veit eg. Legar høyrer knapt på deg. Du må rope til dei. Det skal vere effektivt. Flest muleg gjennom «kverna» kvar dag. Når du går ofte til lege vert du teken mindre alvorleg. Psykiatrien i Norge fungerer dårleg. Den offentlege psykiatrien fungerer dessverre ikkje så godt nei. Det er for mange som slit til at alle kan få hjelp.»

På slutten av statusoppdateringa appellerer Rune til oss alle: «Kva med den private psykiatrien?» spør han. «Tenk om du kunne banka på ei dør. Tenk om nokon tok seg tid. Tenk om nokon såg deg. Tenk om… Slik eg ser det er vi nøydde til å hjelpe kvarandre så godt vi kan. Det er ikkje anna berging. Ha ein fin laurdagskveld. Ta vare… Ta gjerne kontakt med ein du veit har det vondt.»

Advertisements

Post Navigation