MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “sau”

Raudt kjøt som klimatiltak

Dersom du er oppteken av klimaet skal du ikkje slutte å ete kjøt. Men du kan godt spørje kor kjøtet kjem frå, og korleis det er produsert. Så kan du velje deg kjøt som er ein del av løysinga både for klimaet og for å oppretthalde ein viss norsk sjølvbergingsgrad. Fleire nye forskningsprosjekt konkluderar nemleg med at beitedyr på fleire ulike måtar bidreg til å bitte karbon til jord.

Du treng ikkje å ha kjøtskam!

Agri Analyse har gjort ein gjennomgang av nyare internasjonal forskning på beitedyr og lagring av karbon i beitemark. – Beitedyr er ikkje eit klimaproblem, seier prosjektleiar i Agri Analyse, Margaret Hillestad, til nettstaden landbruk.no, som Norsk Landbrukssamvirke står bak. Beitedyr bidreg til karbonbinding på fleire måtar. Beitedyr gir graset djupare røter, og aukar på den måten aktiviteten i jorda og jorda si evne til å bitte karbon. Når sauer beitar i utmarka frå mai til september påvirkar dei gras, blomster, sopprøter og dei «metan-etande» bakteriane i jorda, seier Hillestad. I tillegg kan det sjå ut som beitinga fører til auka aktivitet av mikroorganismar oppå jorda og ein auke i «metan-etande» bakteriar som fangar opp metan frå pusten til dyra. Beitedyr som et lauv og kratt bidreg i tillegg til å halde landskapet ope. Å hindre gjengroing av opne landskap er viktig i eit snørikt land som Norge. Opne flater dekka av snø reflekterer meir sollys enn areal gjengrodd med skog. Dette kallar vi albedo-effekten, seier forskaren til landbruk.no. Totalt meiner ho beitedyr bidreg positivt i det norske klimarekneskapet.

89550854_205687987313737_1931533559940513792_n

I januar la Klimadepartementet fram ein ny klimakur-rapport, som viser korleis Norge skal redusere klimautslepp fram til 2030. Eit av dei viktigaste tiltaka der er å kutte kjøtforbruket til halvparten av dagens nivå. Det vil i fylgje Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og Menon Economics, som har rekna på konsekvensane, føre til at nær ein tredel av Norge sitt landbruksareal vil gå ut av produksjon. I tillegg vil ein tredel av sysselsetjinga i norsk landbruk bli borte. Mykje av arealet som i dag er grunnlag for kjøt og mjølkeproduksjon er ikkje eigna til å dyrke grønnsaker eller korn. Dette vil føre til ein sterk svekking av norsk sjølvforsyning. Det virkar som ein del av dei meir ekstreme klimafolka ikkje tek inn over seg at det viktigaste behovet menneska har er mat. Ja, lufta vår og klimaet er også viktig, men klimakutta i landbruket må ikkje gå ut over Norge si evne til å produsere mat i ei tid då matproduksjonen i verda er svekka av klimaendringar.

Å sei at Norge må redusere kjøtproduksjon på utmarksbeite er altså feil som klimatiltak. Det same er eit anna av klimatiltaka i klimakur-rapporten: å plante til beiteareal med skog. Det er like dumt som å sei til inuittane på Grønland at dei må slutte å ete fisk og sel.

Dersom du likar kjøt, så treng du altså ikkje ha kjøtskam. Du kan bruke litt tid og finne kjøt som ikkje er produsert av soyabasert kraftfôr (og då må du også velje bort svin, kylling og oppdrettsfisk, som dei klimaekstreme av uforståelege grunnar vil du skal ete meir av). Du kan kjøpe kjøt av t.d. sau og lam som har gått i norsk natur og bidrege til karbonbinding både over og under jorda. Eller du kan kjøpe kjøt av storfe som går ute på beite så lenge det er muleg i norsk klima, og som klarar seg mest muleg utan kraftfôr. Vi har eit stort potensiale i å produsere kjøt på ein klimagod måte. 45 % av arealet i Norge er rekna for å vera eigna til beitebruk. Dette potensialet er langt frå utnytta.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 7. mars 2020.

Les også:
Bønder er ikkje vanlege folk.
Kva hjorten og folk flest ikkje veit.

Om sauebønder og mobbing

Eg hadde ikkje tenkt å skrive om mobbing igjen. Men når eg set meg framfor datamaskina kvelden før innhogg-daudline har mobbing vore ein gjengangar i media heile dagen. Den andre store saka denne dagen var bøndene sitt krav i jordbruksforhandlingane. Det er ting å bli opprørt av i begge desse sakene.

For når staten sin forhandlar og ein Frp-talsmann for landbruk begge legg skulda på sauebønder for overproduksjon og ein vesentleg inntektsnedgang for norske bønder, og etterpå manipulerer bort det regjeringa har gjort for å få det slik, blir eg opprørt. Det er fordi tilskota er flytta frå å eige sauer til produksjon, seier Frp, og fordi bøndene ikkje klarar å tilpasse seg desse endringane. Men det som eigentleg har skjedd er at tilskota er endra slik at mindre einingar, som td. gardsbruk i Vestland, må auke produksjonen vesentleg for å klare seg økonomisk. Det gjeld forresten ikkje berre i Vestland, men også på andre deler av Vestlandet, då tenkjer eg mest på den delen av Vestlandet som ligg nord for Vestland. Viss dette blei uklart må de skulde på dei som har vedteke at Vestland er eit godt namn på eit storfylke midt på Vestlandet! Uansett blir det manipulering med tal når det at bønder tilpassar seg landbrukspolitikken gjer at vi får skulda for at vi går ned i inntekt. Viss bøndene ikkje hadde tilpassa seg hadde inntektsnedgangen vore større.

I 2016 var månadsinntekta til ein bonde 27.000 kroner. Frå 2016 til no har bøndene hatt ein inntektsnedgang på 14.500 kroner per årsverk. Til samanlikning tente lærarar 43.000 kroner i månaden i 2016. Sauebønder i/på Vestland(et) tenar ned mot 70 kroner timen, melder NRK. Det er vel desse sauebøndene landbruksministeren håpar skal gi seg eller døy ut. For naturen sjølv set grenser for kor store gardar ein kan ha i Møre og Romsdal og Vestland. Vi kan ikkje bli like store og effektive som på Jæren. Men lamma våre blir større enn dei som er fødde på Jæren.

Det er mykje mediemerksemd for tida på mobbing. Det er både bra og trist. Det er bra at det vert sett søkelys på at mobbing skjer. Denne dagen handla det om at vaksne ikkje grip inn når barn blir mobba på skulen. Det er trist å høyre om barn som blir mobba, og som kjem heim og fortel at det stod vaksne og såg på, men dei sa berre at «dette må du tole». Det er trist å høyre om vaksne som ikkje grip inn eller trøystar barn når det blir sparka på kjenslene sine. Det er trist når barn seier dei vaksne på skulen ikkje tek vare på dei. Og det er trist når foreldre prøver å ta opp mobbing med skulen og blir møtt med at barnet ikkje snakkar sant, og at mobbing ikkje skjer på den skulen.

I vinter var eg på eit foreldremøte om mobbing. Tove Flack hadde eit engasjerande foredrag om kva ein skal sjå etter for å avdekke mobbing. Ho understreka at mobbing i hovudsak ikkje er barna sin feil. Derfor er det viktig at dei vaksne på skulen ser og forstår teikna på at nokon blir mobba. Flack fortalde sterke døme på barn som blir mobba og korleis lærarar ikkje har evne eller vilje til å sjå det. I den eine forteljinga hennar nekta lærarane på ein skule at eit barn blei mobba. Både PPT, psykolog og eit tredje ekspertteam var på skulen og såg mobbeproblemet, men dei vaksne på skulen blei sinte og nekta for at desse som kom utanfrå tolka situasjonen rett. Eg trur fleire enn meg sat med gråten i halsen av denne forteljinga.

Mobbing er like skadeleg for barn som omsorgssvikt, meinar Foreldrenettverk mot mobbing. Det er så skadeleg at det er kriminelt å ikkje stoppe det. Karianne Nergård Smitt, som er leiar for nettverket, meinar mobbing kan sidestillast med seksuelle overgrep eller omsorgssvikt. Forskning viser at mobbing kan føre til posttraumatisk stress, sjølvskading, dårleg sjølvbilde og angst. Det er opprørande og trist når lærarar og andre vaksne ser på at barn sine kjensler blir sparka og slått utan at dei tek tak i det. Det dei medverkar til kan altså ifylgje Foreldrenettverk mot mobbing likestillast med seksuelle overgrep mot barn.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 28.4.2018.

Les også:

Musikalitet i jordbruksforhandlingane

Når læraren mobbar

 

Berre ein hund?

Berre ein hund er rekna for å vere ein av Per Sivle sine beste forteljingar, og er den mest kjente. Den handlar om venskapen mellom Per og hunden Hall. Teksten stod først på trykk i Sogor i 1887.

Den sommaren Per var tolv år kom engelskmannen Mister Johnsen til garden på Stalheim på Voss. Johnsen ville gå turar i fjella, og søkte husrom. Med seg hadde han hunden Hall. Per Sivle sine ord om første møte med hunden er slik: «…der attom honom stod med labbarne paa dørstokken og glodde inn i stova eit ubeist so skræmelegt, at eg ikkje kjende føterne under meg, so fælen vart eg. Trollet tottest meg vera likso stort som ei liti kviga…»

Per blei snart som ein hjelpar til den rike engelskmannen. Han vart etter kvart godt kjent med hunden Hall og blei glad i han. Det var velsigna dagar for Per, men dei enda brått og tragisk då Johnsen fall frå fjellet og ned i fossjuvet Helvete. Banda mellom Per og Hall blei sterkare, men hunden blei etter kvart jaga bort av dei vaksne og blei borte i fjella. Dei trudde hunden var daud, heilt til dei oppdaga at sauer og lam var drepne av udyr. Då jakta dei på Hall, og skada han, men på nytt forsvann hunden i fjella. Dei vaksne sitt hat mot Hall var like sterkt som Per sin kjærleik til hunden. Derfor kunne ikkje dei vaksne forstå Per sitt forhold til Hall. Den skadde hunden søkte tilbake til Per, som pleia han og gøymde han. Dette blei sjølvsagt oppdaga, og Hall blei skoten.

«Han Hall var ikkje anna han stakar, han var berre ein hund. Men um han no og berre var ein hund, so var han daa kor som er, ein framifraa hund; han var framifraa baade stor og klok, og livde dertil sitt hundeliv so framifraa utbytt av lagnaden millom lukka og ulukka, at livssoga hans, vissa for meg, eig fullt so vel krav paa aa minnast som mangt eit mannsliv.»

Bandet mellom menneske og hundar har utvikla seg gjennom fleire tusen år. Hundar har blitt inkludert som familimedlemmer, enten dei blir opplært til nyttig bruk, eller dei blir bortskjemde som babyen og einebarnet i familien. Medan hunden sin status hos folk er høg, er sauen sin status hos folk flest synkande. Bønder er, som eg har gjort greie for i tidlegare innhogg, ikkje som folk flest.

I kronikken «Ikkje berre ein hund» på forskning.no hervdar Kristin Armstrong Oma at sauen sin status er i ferd med å endre seg, ikkje hos folk flest, men hos sauebonden. Ho hevdar at bønder ikkje lenger ser på sauene sine som individ, eller subjekt, men at dei ser på sauene som ein flokk utan personlegdom, og trekker derfor slutninga at bønder ikkje kan vere like glade i sauene sine som ein hundeeigar er i hunden sin. For dersom saueeigaren hadde vore like glade i sauene sine som hundeeigaren i hunden sin, så hadde ikkje bonden sleppt sauene sine på beite der det har skjedd at hundeeigarar let hundane springe laust utan å bry seg med at det er sauer der.

Eg sende nyleg ein sau til slakt. Ho var på alder med ein gamal hund, og minst like klok. Og sjølv om forskarar meinar dei kan prove at eg ikkje er glad i sauene mine, så er eg trist og lei meg når eg sender sauer og til slakt. Eg syns også det er trist at hjelpelause lam og hjortekalvar blir drept av hundar fordi hundeeigaren er så glad i hunden sin at han meinar at bandtvang og norsk lov ikkje gjeld. Kor glade er slike hundeeigarar eigentleg i dyr? Gjeld empatien deira ikkje lenger enn til sin eigen hund? Det er heldigvis ikkje hundeeigarar flest som oppfører seg så rått og empatilaust mot andre dyr. Og for dei det gjeld er det ikkje for seint å bli lovlydige og begynne å respektere bandtvangen!

Avl på ville vegar

Ein kan lett bli oppfatta som altfor kritisk når ein gong etter gong set søkelys på aktuelle samfunnsspørsmål. Den tilbakemeldinga trur eg fleire spaltistar har opplevd. Men sjølv om mykje går bra i Norveg og i kommunane Sogn Avis dekkar, så er det likevel mest interessant å setje søkelys på det som er på ville vegar; det kritikkverdige. Akkurat i dag tenkte eg å ta opp to ting som er på ville vegar. Det første er norske forsikringsselskap si kyniske haldning til småbarn som t.d. har hatt små problem med språkutvikling. Det andre er norsk saueavl på ville vegar.

Om du ynskjer å forsikre barnet ditt i norske forsikringsselskap så må du unngå at barnet treng hjelp av Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Om du som forelder forstår at barnet ditt har eit problem med å uttale visse konsonantar, og har så mange erstatningslydar at det er vanskeleg å forstå kva fireåringen seier, så gjer du sjølvsagt det du kan for at barnet skal få hjelp. Og PPT har god kompetanse på å hjelpe. Men ingen informerer foreldra om at når barnet blir registrert hos PPT, så mister det retten til å vere forsikra i tre år frå siste kontakt med PPT. Uansett kor friskt PPT seier barnet er. Det var ei fortvila mor som gjorde meg merksam på dette. Og ho kjenner fleire foreldre som hadde oppdaga det same. Så generaliserande og kyniske er norske forsikringsselskap mot småbarnsforeldre og barn. Kva skal ein då gjere som foreldre når ein veit dette og skulen seier at dei ikkje trur det er nokon grunn til uro, men at kanskje PPT bør vurdere språkutviklinga til sjuåringen? Då må ein velje mellom å ha eit forsikra barn eller å risikere å få mistanken mot seg om at ein som foreldre ikkje ynskjer barnets beste. Mora eg snakka med kjente til slike tilfelle i ein kommune her i Sogn. For meg er det uforståeleg at barn vert handsama så kynisk.

Så var det det med avl på ville vegar. Som sauebonde har eg fulgt litt med på fb-grupper om sau. Eit tema som går igjen er at avl på produktivitet har øydelagt norsk kvit sau (NKS). Det har mange år vore avla på produktivitet. Di høgare lammetal, di høgare avlsverdi har væren. Det er ein vilja sjølvforsterkande spiral. Om ein fylgjer med på fb-sida Sauefolk, kan ein lese om sauer som får både fire og fem lam; om lam som er slappe og treng hjelp til å reise seg og få tak i spenen etter lamming; om mykje arbeid med å fjerne forsterhinna frå altfor slappe lam. Sauer har to spenar. Det passar til to lam. Norsk landbrukspolitikk og avl har ført til ein rase som får fleire og fleire lam. På Sauefolk kan ein lese om bønder som opplever at lam dør fordi dei manglar energi. Bønder som har både NKS og spælsau fortel om kor mykje meir energi og livsvilje spællamma har. Dei snakkar om NKS som ein øydelagt rase. Eg har sjølv snakka med bønder som fortel om sauer der buken sprekk pga alt for mange lam. Og dei snakkar om sauer som har problem med hofter og bein, og som blir sjuke og utslitne i ung alder.

Det blir mykje kopplam. For å få økonomi med kopplam blir dei fôra med store mengder kraftfôr og slakta tidleg sommar. Sjølv om dei verken har smaken eller sunnheita til lam frå fjellbeite blir dei lett selde som grillmat. Kritikken her er ikkje meint mot sauebønder. For å få økonomi i produksjonen gjer sjølvsagt gode sauebønder det landbrukspolitikken legg opp til. Sjølv har eg berre ein «hobbyproduksjon» på gamalnorsk spælsau, og tek ikkje slike omsyn. God helg!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis, som nyleg blei kåra til årets lokalavis.
Alle foto: Iselin K. Liseter

13221558_784357431700618_3615693070232550410_n

Post Navigation