MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Singer”

Downs-abortar: grenser som flyttar seg.

Eg var innom Twitter i dag. Der såg eg ei lenkje der barn med downs blei diskutert. Gong etter gong i tråden var økonomi argumentet for å avslutte forsterliv ved mistanke om downs syndrom. Dei same uttrykker sinne over at nokon at nokon snakkar om sorteringssamfunn når ein vil avslutte fosterliv pga mistanke om downs.

Men kva skal ein kalle det då, når ein argumenterer for at økonomi skal bestemme om barn skal aborterast fordi det er mistanke om downs? Korfor argumenterer ikkje dei same folka heller om at det bør leggjast økonomisk tilrette for at foreldre kan velje å late barnet sitt bil fødd? Er det ikkje politisk korrekt eller akseptert å argumentere for det?

Eg skreiv ein kommentar i tråden: «Eg har veldig stor respekt for dei som vel å bere fram barn med downs. Veldig stor. Eit storteringssamfunn vil vi ikkje ha. Sjølv har eg sjukdom som etter kvart blir sortert bort pga kostnader dersom ingen kjempar mot det.»

For det er slik at grenser alltid blir flytta. Litt om gongen. Kor sluttar argumentet om økonomi for å avslutte liv før det er fødd? Ein kan avdekke mykje i dag. Ein kan avdekke at barn muligens har downs. Med dagens utvikling må ein vente at mange fleire kroniske sjukdommar, som kostar tid for foreldre og pengar for samfunnet, blir avdekka tidleg i fosterlivet. Når mange i dag reagerer med raseri over at folk er imot at abort skal skje pga mistanke om downs – kor meiner dei grensene for kva liv som bør avsluttast pga økonomi er? Og så må dei tenkje seg at grensene dei har blir flytta i morgon. Det er slik utviklinga går. Det finst filosofar i dag, høgt verdsette, som argumenterer med at barn av ymse årsaker må kunne avlivast etter fødsel. Dei meiner det på alvor. Og dei meiner det etisk sett er som å ta abort. Grenser blir flytta. Mot eit sorteringssamfunn. Og medan grensene blir flytta forsvinn meininga av ordet sorteringssamfunn. Sakte men sikkert. Vi vil berre hugse ordet som noko frå 1930-40-talet.

Post Navigation