MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “skulebarn”

«Kjære ti år gamle Andreas!»

 

Skuleåret 2016-2017 er såvidt i gong, og avisene er fulle av artiklar om mobbing og barneoppdragelse. Siste dagane har fjesbokinnlegget til Andreas Johnsen fått mykje merksemd. Innlegget er illustrert med eit skulebilde av han sjølv då han var 10 år gamal. Det startar slik:

«Kära 10 åriga Andreas. Du ska strax börja mellanstadiet. Du är nervös och vill egentligen inte gå tillbaka till skolan efter sommarlovet. Du är livrädd – för du vet att du kommer bli slagen.»

Svenske aviser skriv at Andreas si forteljing har berørt millionar – både barn og vaksne. I dag arbeider den no 33 år gamle svensken i organisasjonen Supermansprojektet, med førelesingar om diskriminering retta mot ungdom mellom 13 og 25 år. Kvart år møter han rundt 20.000 barn og unge på svenske skular. I arbeidet erfarer han at det framleis er like vanleg med mobbing og krenkingar på skulen. Han opplever ofte at barn tek kontakt og seier at han er den første vaksne dei fortel om sine mobbeopplevingar. Mobbing skjer ofte i det skjulte. Foreldre veit ikkje at det skjer, og på skulen vert det ikkje oppdaga. På skulane blir ofte mobboffer hengt ut som bråkemakarar. Dei får skulda for bråk utan at lærarane prøver å finne ut kva som ligg bakom, hevdar han.

Les også: Når læraren mobbar

I fjesbokinnlegget skriv han om gutar som slår han; om jenter som ler av tiåringen Andreas, om korleis redsla får han til å kaste opp; og om korleis Andreas gjer det han kan for å skjule mobbinga for lærarar og foreldre. Til nyheter24.se seier han at det er lenge sidan han har grine så mykje som då han skreiv dette innlegget.

Då Andreas voks på 1990-talet slapp han å vere redd for mobbing på sosiale medier. Han kunne gøyme seg bort og gråte utan at det plinga inn meldingar på mobilen, og utan å bli omtalt krenkande på sosiale medier. Dette er ein enorm tilleggsbelastning for dei som blir mobba i dag.

Han seier at vi som er foreldre i dag må våge å vise for barna kor lite vi veit om sosiale medier. Vi må våge å stille spørsmål til dei om dei sosiale mediene dei brukar. Vaksne har ei evne til å tenkje konsekvens som barn ofte manglar. Derfor er det foreldre sitt ansvar å lære barn kva som kan skje med eit bilde som blir publisert, og korleis det kan bli spreidd på nettet. Derimot kan barn mykje om til dømes Snapchat og Instagram – og der har foreldre ofte mykje å lære, avsluttar Andreas Johnsen.

Foreldre har også eit stort ansvar når det gjeld å førebyggje at barn blir mobbarar. Foreldre er alltid eit førebilete. Nokre foreldre er eit dårlegare førebilete enn andre. Kva skjer med barn som får kalle mora si ei «jævla fittemamma» utan at det får konsekvensar?  spør den svenske bloggaren Malin Meekatt Birgersson. Sjølv opplevde ho at ein seksåring på besøk kalla mora si akkurat dette utan at mora reagerte. Då Malin snakka til barnet og sa ho ikkje aksepterte slikt språk i sitt hus, reagerte mora med å avbryte vennskapet deira. Kva skjer med barn sine haldningar til andre dersom vi som foreldre ikkje reagerer på slikt? Kva skjer med kvinneynet til gutar som kan kalle mora si det styggaste dei kjem på utan nokon reaksjon? Birgersson meinar vi som vaksne også må reagere når andre sine barn brukar så grovt språk.

Kva skjer med barn som ropar til foreldre eller til medelevar at «eg skal drepa deg» dersom foreldre og lærarar bortforklarar språkbruken med at «ho meinte det ikkje»? Eller når dei normaliserer slike utsegn med at det er heilt vanleg at barn seier slikt? Eg kan ikkje hugse at nokon sa slikt då eg var barn. Eg trur ikkje det er mange no heller. Det har vore mykje fokus på mobbing siste åra. Men skulemiljøet blir ikkje betre før rektorar og lærarar innser at mobbing kan skje utan at dei ser det. Det er ikkje hjelp i at barn og foreldre seier frå om mobbing så lenge dei ikkje blir trudd av skulen. For mobbing skjer. Snakk med barna! Målet må vere mobbefrie skular, sjølv om det desverre ikkje finst.

Post Navigation