MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “skulestreik”

Vi får dei avisene vi fortener

I 2016 mottok Sogn Avis prisen «Årets lokalavis», som blir delt ut av Landslaget for lokalaviser (LLA). I juryen sin uttale stod det noko om at folk i Sogn får ei avis dei fortener (fritt etter hukommelsen), at folk i Sogn er heldige som har ei slik avis. To år seinare, i 2018, fekk Sogn Avis journalistprisen for artikkelserien om barnevernet i 2017. Denne prisen var også delt ut på LLA sitt landsmøte. I juryen sin uttale fekk avisa skryt for eit uvanleg og godt journalistisk arbeid. «Kommuneleiinga står att utan ære – i motsetnad til avisa,» heiter det i uttalen. Det var grunn til at Sogn Avis fortente journalistprisen for 2017, meinte juryen.

IMG_6593

Det er ikkje akkurat prisvinnande journalistikk VG har presentert dei siste vekene. Måten VG-journalisten har dekka den famøse dansevideoen har sett han i skammekroken. Måten redaktøren har stilt seg på journalisten si side har sett både han og heile avisa i skammekroken. Måten avisa konkluderer på i si eiga gransking av korleis saka har vore dekka på sender dei lenger inn i mørke skamma. Dei beklagar overfor Sofie, men dei held fram med å framstille henne som lygnar. Vi får dei avisene vi fortener. Om ikkje folket reagerer på måten VG har behandla Sofie på, så fortener vi ikkje betre. No brukar ikkje eg å kjøpe VG. Men dersom eg hadde brukt å kjøpe VG, så skulle eg ha slutta med det ei stund no. I alle fall heilt til VG gjer det dei burde gjort for fire veker sidan: lagt seg flate. På den måten hadde VG fått det dei fortener, og kanskje lesarane på sikt hadde fått ei betre, meir truverdig avis. Men sannsynlegvis kjem VG til å selje aviser som før. Det blir ingen boikott. Og derfor fortener ikkje lesarane eit betre VG enn det dei har fått siste vekene.

Vi fortener vel også det klimaet vi får, når vi ikkje veit å forvalte kloden vår på ein bærekraftig måte. Og vi kan klage på at ungdommane våre streikar for klimaet, at dei nærast går til opprør mot foreldregenerasjonen. Men det er vi som har oppdrege desse ungdommane. Og vi får det vi fortener.

Denne veka har eg vore på to arrangement på to ulike bibliotek på Søre Sunnmøre. Tysdag var eg på biblioteket i Ørsta og høyrde utdrag av «Den gamle mannen og havet», rekna som Ernest Hemingway si beste forteljing. Mellom utdraga fekk vi «biografiske drypp» om forfattaren. Forteljinga handlar om den gamle fiskaren sin kamp for å fange ein diger sverdfisk han har fått på kroken. Når fisken har tapt, etter å ha drege den gamle mannen og båten hans langt til havs, kjempar han fleire gonger mot haiar som prøver å ta sverdfisken frå han. Utvala som blei lese var slik at etterpå kjendest det som eg hadde lese heile boka.

Onsdag var eg på biblioteket i Syvde i Vanylven. Der serverte kaupingen Rune Olstad og «fjærlendingen» Eivind Ødegård dikt av Gunvor Hofmo. Medan Rune stort sett las, så laga Eivind musikk og stemningar med ulike musikkinstrument. Også her fekk vi biografiske dropar innimellom. Det var ei fantastisk førestilling, og tilbakemeldingane frå dei 15 tilhøyrarane som var der stadfesta at det ikkje berrre var eg som hadde likt det. Det var femte gongen Rune og Eivind gjorde denne førestillinga. Dei seier det var siste gongen. Det er i grunnen dumt. Dette hadde fortent meir einn nokre titals tilhøyrarar fordelt på fem førestillingar. Og folk hadde fortent å få mulegheiten til å få den opplevinga eg fekk på onsdag. Eg håpar biblioteka og andre arrangørar i Sogn gir folk den mulegheiten. Og får du mulegheiten bør du ta han. God helg!

Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis 30.4.2019

Les også:
Giske sine venner i Sogn.
Manipulering i folket sin teneste.
Kunsten å kuppe ein nominasjon.

IMG_6592

Post Navigation