MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Sogndal”

Vy. Fy!

For litt sidan brukte NSB enorme konsulenthonorar på å late seg manipulere til å tru at det var lønnsamt å endre namn til Vy. Fy, kor lettmanipulerte norske leiarar kan være!

Vy. FY!

For litt sidan overtok dette nye Vy ekspressbussane her i fylket. Før dei overtok kosta det 37 kroner for eit barn å ta bussen frå Fjærland til Sogndal. Med forhåndsbetalt verdikort fekk du i tillegg 40 prosent rabatt. Altså ein barnebillett til omlag 23 kroner. No kostar det 90 kroner for eit barn under 16 år å ta bussen frå Fjærland til Sogndal, og like mykje tilbake. Det er ei firdobling i prisen for barn som reiser mykje. FY! Og verdikortet som gir 40 prosent gjeld ikkje meir. Kanskje på Kringom-bussane, men i alle fall ikkje på Vy. Fy!

Før Fy tok over bussruter her i fylket kunne ungdommar 16-18 kjøpe ungdomskort på kvar buss som stoppa i Fjærland. Det kosta 365 kroner for 30 dagar. Men ungdomskort kan du ikkje kjøpe på alle bussane meir. Berre på Kringom-bussane, ikkje på Vy. Fy! For dersom ungdomskortet har gått ut, så må du først betale 90, av og til 99 kroner, for å komme deg til Sogndal, og så kan du finne ein Kringom-buss og kjøpe eit ungdomskort for 370 kroner. I praksis kostar då ungdomskortet no 460 kroner dersom du står i Fjærland og ventar på bussen. I alle fall dersom bussen som kjem er frå Vy. Fy!

Rett nok gjeld ungdomskortet på Vy, sjølv om du ikkje kan kjøpe det på Fy. Men det gjeld berre dersom du klarar å ta vare på ein bitteliten kvittering. For Vy har ikkje eit datasystem som taklar ungdomskortet. Så du må må vise kvittering for at du har fylt på ungdomskortet. Dei klarar ikkje lese verdikortet heller. Rabattar for folk som reiser mykje kollektivt gjeld ikkje meir. I alle fall ikkje på Vy. Fy!

Eg høyrde Trude Brosvik, som sit i det nye Sogn og Fjordane/Hordaland-fylkestinget Vestland på Vestlandet. Ho sa at no skal dei ordne det slik at kollektivtilbodet blir like bra i Sogn og Fjordane som det var i Vestland før. Eg har gjort alt eg kan for å komme i kontakt med Brosvik, både via sosiale medier og via telefon, og har sagt kva det var eg ville ta opp. Men ho svarar meg ikkje. Det er vel uansett ikkje ho som bestemmer. Den makta har ho vel gitt til statlege Vy. Fy!

I alle fall vil det koste meg og barna 800 kroner å reise tur-retur Fjærland – Sogndal med buss. Ein skal stå lenge parkert i Sogndal dersom det ikkje skulle lønne seg å køyre sjølv. Har Covid-219 fått klimatiltak heilt ut av politikarane og Vy sine hovud? Vyer for framtida liksom? Fy.

Eg er vestlanding vorten no.

Skulestil av: ein forvirra femtiåring.

Alt var mykje enklare då eg gjekk på skulen. Då var eg fjærlending, sogning og vestlending. Om eg til dømes skulle skrive ein stil om kvar eg kom i frå kunne eg ha skrive: Eg bur i Fjærland. Fjærland er ei bygd i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane osv.

vestland fylke

Eg bur framleis i Fjærland. Frå år 2000 har Fjærland vore ein del av Sogndal kommune. Fjærland var tidlegare ein del av Leikanger kommune, og seinare Balestrand kommune. Frå 2020 er Fjærland ein del av alle desse kommunane, då dei no blir slegne ihop. Den nye kommunen Sogndal ligg i Vestland fylke. Vestland fylke ligg på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom i Vestland og på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom Vestland og Vestland i bestemt form. Bortsett frå Vestland består Vestlandet også av to andre fylker. Rogaland ligg i Vestland i bestemt form. Rogaland ligg sør for Vestland. Møre og Romsdal er det tredje fylket i Vestland i bestemt form. Møre og Romsdal ligg på Vestlandet nord for Vestland.

Eg er framleis fjærlending og sogning og vestlending. I tillegg har eg altså, takka vere språkforvirra politikarar frå ein del av Vestlandet, som no heiter Vestland, vorten vestlanding. Kor tid skal eg sei at eg er vestlanding, og kor tid skal eg sei at eg er vestlending? Ein kan fort få inntrykk av ein landsdel i språkleg borgarkrig. Kanskje det var det politikarane i avtroppande Hordaland fylke og avtroppande Framtidsfylket ville oppnå? Uansett er Hordaland og Framtidsfylket snart ein del av fortida. Å vere eit framtidsfylke i fortid er berre patetisk.

Dersom alt dette høyrest sjukt forvirra ut, så skuld ikkje på meg. Eg har berre skrive ein faktaboks om kvar eg kjem frå. Skuld på politikarar heilt utan språkkjensle og heilt utan kreative gener. Med slik forvirra namngjeving av eit heilt nytt fylke tvilar eg sterkt på evnene deira til å ha visjonar eller styringsevne over nye Vestland fylke. Kor tid skal eg eigentleg kalle meg vestlanding, og kor tid skal eg kalle meg vestlending?

(Dei dummaste kommentarane til denne teksten vil komme frå dei som latar som dei ikkje forstår kva eg meiner om saka.)

Bjørn med bananskal på breblå bakgrunn

Dette er i grunn ikkje eit debattinnlegg. Det er ikkje spesielt sakleg heller, særleg ikkje det om å setje ein bjørn med eit bananskal inn i eit kommunevåpen.

For litt sidan blei eg og fleire andre spurde om å teikne eit forslag til nytt kommunevåpen for den nye storkommunen Sogndal, som Leikanger og Balestrand kommunar skal innlemmast i. Teikne kan eg ikkje, så oppgåva tyktest umuleg.

Om Fjærland var sin eigen kommune hadde vatn som element passa godt: breen, fjorden, regn, snø og is. Men Fjærland er som kjent ingen kommune. Hjort hadde forresten også passa, om det ikkje var for at hjort som kommunevåpen er oppbrukt. Det same er bjørn. Den siste bjørnen som blei sett innafor grensene av den nye kommunen var forresten ein bjørn som løfta eit bananskal. Oppe på Vetlebreen i Fjærland. Derfor blir mitt forslag slik: Bjørn med bananskal på breblå bakgrunn.

IMG_0046

Skjermdump frå Sogn Avis: Bjørn med bananskal på breblå bakgrunn.

Når eg les Sogn Avis i dag ser eg ni seriøse forslag til nytt kommunevåpen – og ein bjørn med bananskal på breblå bakgrunn. Sjølv om nokre av barna mine seier forslaget mitt var det beste, så har eg ikkje tenkt å kjempe for denne bjørnen. Men eg tykkjer Per Christian Grov har gjort eit godt arbeid med å teikne forslaget mitt.

Fleire av forslaga i Sogn Avis i dag har med fjell og fjord. Og eit motiv der både fjell og fjord er med kan fungere godt som kommunevåpen for den nye kommunen. No framover er det opp til einkvar å levere inn forslag. Eg tvilar på at det kjem fleire forslag som har med både bananskal og bjørn.

Trettiårsjubileum og mislukka sjekketriks.

Denne helga skal eg på 30-årsjubileum. Sogn og Fjordane skrivelag er jubilanten. Så vidt eg veit er laget det einaste skrive- eller forfattarlaget i landet som tek inn medlemmer som ikkje har gitt ut skjønnlitterære bøker godkjende av litteraturrådet. I Sogn og Fjordane skrivelag går vi godt saman både hobbyskribentar som meg og kjende forfattarnamn. Om eg skulle nemne nokon så kan det vere May Grethe Lærum, som er fødd og oppvaksen i Sogndal, og mellom anna kjent for bokserien Livets døtre, med handling delvis frå Sogn. Eller Rolf Losnegård, kjent for å ha skrive storparten av dei historiske spela her i fylket, mellom anna Fridjof-spelet på Vangsnes. Eller Kjartan Hatløy, av litteraturmeldarar omtalt som den største nolevande nynorskpoeten.image

Skrivelaget arrangerer minst ein gong i året skrivekurs for medlemmer og andre. Siste skrivekurset var det deltakarar frå 14 år til over 80. I interessa for skaping og kreativ skriving er aldersskilnad berre noko positivt. Vi lærer av kvarandre på tvers av generasjonsskilje.

Sogn og Fjordane skrivelag blei stifta i 1985. Laget var eit direkte resultat av ein novellekonkurranse arrangert av Sogn og Fjordane magasin. Som ei markering av jubileet arrangerte Skrivelaget i 2015 ein ny novellekonkurranse. Så vidt eg hugsar kom det inn nesten femti noveller. På jubileumsarrangementet i Førde på laurdag blir det presentert ein antologi med vinnarane av denne novellekonkurransen, pluss bidrag frå fleire av medlemmene i laget, i ulike sjangrar. Eg har sjølv to tekstar med i antologien, som har fått namnet Sukkersalta pepar.

Baksideteksten på boka fortel mykje om stemningane i Skrivelaget. Den inviterar lesaren inn i boka: «Kom, bli med! Bli med inn og hels på! På førstepremiebyggaren på bygda og på sommarfugljenta med mørke løyndomar. Bli med hit og sjå! På våren. Engane. På blomane og lyngen. På stjernene. Bli med og høyr! Om han som fekk dauden på døra. Om katten som var ein hump i vegen. Og om han som drog på kino for å sjå Birgitte Bardot naken.» Eg kjenner eg gler meg til å halde boka i hendene og til å lese. Og eg gler meg til å treffe gode, skrivande og kreative vener på jubileumsseminar og jubileumsmiddag i Førde. Kanskje akkurat no når du les dette innhogget i avisa. Og kanskje kjenner du at du eigentleg skulle vore med på dette arrangementet? Om du fylgjer med kjem det nye sjansar!

Temaskifte – ein anna røyndom: Folk hadde nok venta eit innhogg frå meg om eigendomsskatt-skandalen i Sogndal. Eg skal ikkje ta opp att alt bra folk har sagt om det. Men eg tykkjer det Sogndal kommune har gjort er eit ganske dårleg sjekketriks i frieriet til nabokommunar. Kven vil gifta seg med ein som pissar i buksa for å bli varm ei lita stund? Kommunane rundt Sogndal vil nok halde god avstand til ein slik friar, og heller passse godt på å leggje til rette for næringsliv som flyktar frå drepande skattar i Sogndal. Og dei vil ta godt imot potensielle huskjøparar og hyttekjøparar som ikkje lenger vil kjøpe i Sogndal. Dei vil nok unngå ein «rådmannstyrt» kommune som er så nøgd med dei nye eigendomstakstane at han enno ikkje har forstått kor øydeleggjande skatten er for landbruk og anna næring i Sogndal. Kanskje han tykkjer det er greit å senda ein rekning på 70.000 til eit verneverdig hotel i Fjærland med tre månaders driftstid og stort vedlikehaldsetterslep? Han pissar i buksa, og vil nok snart oppdage kor kaldt og mislukka det er. Eg ber berre om at politikarane får mot nok til å slutte å signere alt frå administrasjonen i Sogndal. Kanskje nokon i leiinga i kommuneadministrasjonen bør skiftast ut snart? I tillegg til nokon av dei folkevalde, sjølvsagt.

Post Navigation