MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Tor Mikkel Wara”

Dette er den nye kvardagen!

Det er tidlegare leiar i politiet sin beredskapstropp som brukar desse orda når han kommenterer truslane mot Tor Mikkel Wara denne veka. Anders Snortheimsmoen er ikkje overraska over truslane mot justisministeren. Slike angrep vil auke framover, trur han. Ifylgje politiet har 2 av 5 stortingspolitikarar opplevd alvorlege truslar, og 1 av 10 har av same årsak vurdert å trekke seg frå politikken. Dersom dette er den nye kvardagen, slik Snortheimsmoen trur, har vi eit demokratisk problem.

I ei undersøking gjort av NRK ynskjer halvparten av Frp sine tillitsvalde at «Judas-partiet og hyklarane» frå KrF ikkje skal få plass i regjeringa. Frp-profilar har også kalla KrF-politikarar ting som imam-sleikar og ansvarlege for terror og drap på kvinner og barn. Desse uttalane meiner visst Frp at KrF må tole, eller leggje bak seg og tilgje. Sjølv vil dei altså ikkje tilgje at KrF har sagt at dei vil arbeide for eit varmare samfunn, fordi den uttalen antydar at Frp står for eit kaldare samfunn. I sin kritikk av politiske motstandarar avslører Frp menneskesynet sitt. Dei viser kulde, arroganse og manglande evne til å tilgje. Dersom dette blir den nye kvardagen i norsk politikk har vi eit demokratisk problem.

Vi lever i ei verd som på mange måtar endrar seg på ein urovekkjande måte. Ikkje berre når det gjeld norsk politisk kvardag. Gong på gong kjem det nye rapportar om at klimaendringane går raskare enn FN sine klimarapportar har konkludert. Eigentleg er det rart at slike rapportar kjem overraskande på folk. Sjølv trudde eg ved inngangen til året 2017 at det i løpet av 2017 ville skje ting som ville endre folk sitt syn på klimaendringane. Eg trudde at stormar eller andre vêrfenomen skulle føre til at fleire ville innrømme menneskeskapte klimaendringar, og at politikarane i større grad tok tak i problema. Men arbeidet med å redusere klimaendringane går framleis alt for seint. Ein anna årsak til uro for mange er at maktbalansen i verda i endring, eller i ubalanse, som lett kan resultere i eit nytt våpenkappløp.

Det mest antisemittiske som har stått på trykk i norske aviser etter 2. verdskrig»

Eg har lyst å nemne ein ting til som eg meiner gir minst like stor grunn til uro som klima og makt i ubalanse. Eg vil nemne eit par lesarbrev som stod på trykk denne avisa. I fleire reisebrev kjem Ragnar Børsheim med uttalar om jødar og landet Israel som i ettertid har vore kritisert for sin hatefulle og antisemmitiske grunntone. I eit lesarbrev i Sogn Avis denne veka dokumenterer journalisten Arne Eide ei rekke faktafeil i reisebreva. Organisasjonen Med Israel for fred seier at reisebreva er det mest antisemmitiske som har stått på trykk i norske aviser etter førre verdskrigen. Det er viktig å ta sterk avstand til slike hatefulle og antisemmitiske lesarbrev.

IMG_6456

Skjermbilde frå Sogn Avis.

No er vi langt inne i adventstida. Sjølv fylgjer eg og barna med på fleire adventsseriar på tv. Vi ser på ein morosam og koseleg serie, og ein serie som ikkje berre er koseleg. Den koselege er klassikaren The julekalender. Den ikkje berre koselege serien er ein julekalender for barn produsert av Dansk Radio, Pakten. Der får vi eit alt for godt bilde av ein gut som blir mobba, og korleis skulen spelar på lag med mobbarane. Kontaktlæraren gjer det ho kan for å oppklare korfor det er så dårleg stemning i klassen, men blir motarbeidd av rektoren som sannsynlegvis tenkjer meir på ryktet til skulen enn på barna. Dette er kvardagen for mange norske barn. Det må vi alltid ha i bakhovudet når barn ser ut til å mistrivast. Adventstida og jula er forresten også tung og vanskeleg for mange vaksne. Det kan vi også ha i bakhovudet, og prøve å gjere tida betre for folk vi kjenner som vi veit slit.

Advertisements

Post Navigation