MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Trold”

Manipulering i folket si teneste

«At der er Trold i Mennesker, ved envher, som har lidt Øie for den slags. De ligger inde i Personligheden og binder den som urørligt Fjeldstykke, lunefuldt Hav og ustyrligt Veir, — store og små Ubeister, –»

Slik innleiar Jonas Lie novellesamlinga Trold. Kva meiner han med at det er troll i menneske? Lat oss skrive om teksten hans lite grann: For at det er manipulasjon i menneske det veit einkvar som har litt auge for denslags. Det ligg som troll inne i personlegdommen og bitt den som urørleg fjell, lunefullt hav og ustyrleg vêr…

Eg håpar Jonas Lie ville tilgitt meg for at eg manipulerer med teksten hans for å få fram poenget mitt…

Einkvar som fylgjer litt med på norsk politikk, og som har eit auge for kva manipulering er for noko, vil lett sjå den massive bruken av manipulasjon som hersketeknikk i debattar. Både politikarar og programleiarar har gjort seg til ekspertar på det, og denne gifta tek opp sendetida til og med i program som Politisk kvarter og Dagsnytt 18.

Ofte føregår politiske debattar slik: 1. Politikar A konstaterer at politikar B har meiningar vi lyttarar veit dei ikkje har. 2. Politikar A kjem med stygge angrep mot politikar B for at dei har dei meiningane lyttarane veit dei ikkje har. 3. Politikar A konkluderer på grunnlag av manipuleringa i punkt 1 og 2, at politikar B er ein fiende av folket. 4a. Punkt 1 til 3 gjentek seg med politikar A og B i motsette roller, eller 4b. Politikar B har integritet nok til å oversjå manipuleringa og konsentrerer seg om å leggje fram sine eigentlege meiningar. 5. Uavhengig av om punkt 4a eller 4b skjer tek programleiaren over rolla som manipulator. Dette er oppskrifta på svært mange norske politiske debattar. Sjølv merkar eg at eg blir både lei meg og oppgitt når denne oppskrifta blir brukt.

manipulasjon

Dette biletet er forresten ikkje manipulert!

Dessverre lærer vi for lite om retorikk og manipulasjon på skulen. For mange år sidan var eg på ei førelesing på Høgskulen i Bø der det blei hevda at vi her i landet hadde gjort ein alvorleg feil etter førre verdskrig. Han hevda retorikk blei teke bort som skulefag fordi ein var redd for at kunnskap om retorikk ville skape nye hitlerar. Han meinte dette var ei feilslutning, då Hitler var eit «naturtalent» på retorikk, og at manglande kunnskap om retorikk berre fører til at folk ikkje klarar å avsløre manipulatorar og psykopatar. Eg trur han hadde eit viktig poeng. Kunnskapen om retorikk og manipulatorar er framleis for liten. Derfor manglar vi verktøya vi treng for å avsløre manipulatorane.

Manipulering kan vere både urettvis og gi farlege fylgjer. Sjølv opplevde eg nyleg ein intervju-situasjon der eg fortalde om gode minne frå eigen barndom. Eg fortalde om korleis mange barn i nabolaget leika gøymespel, og at vi den gongen også gøymde oss i låva. I låva får ikkje barna mine lov å leike, sa eg. I referatet som eg fekk i ettertid står det: «Johannes og søskena hans leika saman og gjorde ting folk ikkje får lov å gjere.» Feilsitatet er så grovt urettvist, både mot meg, søskena mine og dei andre barna i nabolaget, at eg tok kontakt med dei som hadde skrive dette. For uansett kven som les dette referatet så vil alt anna som står der bli tolka i lyset av at vi heldt på med kriminelle aktivitetar som barn. Men intervjuvaren sa at den grove og løgnaktige manipuleringa med det eg har sagt dessverre blir ståande for all tid, sjølv om ho innrømmer at det gir eit feil bilde av meg. Dokumentet er låst og kan ikkje endrast. Det er sjølvsagt ikkje hennar feil, men systemet. Kven andre enn Staten kan oppføre seg slik mot enkeltmenneskjer?

Advertisements

Post Navigation