MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “TV2”

Valkampoppvasken

Valkampen er heldigvis snart slutt. Dei fleste er vel no leie av politikarar som ropar i munnen på kvarandre slik at ingen får med seg noko av kva dei meinar. Det vi kjem til å hugse frå denne valkampen er kanskje mest at det blei den skitnaste valkampen nokon hugsar her til lands.

Det er lenge sidan eg blei lei av at Trond Giske og Jonas Gahr Støre omtrent kvar einaste kveld i beste sendetid på radio og fjernsyn snakka om kor dårleg alt går her i landet, og kor mykje dårlegare alt kjem til å bli om ikkje dei får styre landet neste fire åra. Meiningsmålingane viser at det ikkje berre er eg som ikkje ynskjer ein statsminister som satsa heile valkampen på at landet held på å gå til grunne når ikkje han har makt. Å sutre seg gjennom valkampen fungerer dårleg når det annakvar dag kjem statistikk og rapportar om at ting likevel ikkje går så dårleg i Norveg. Å sutre over kor dårleg det går i verdas rikaste land er sjølvsagt ein mislukka valkampstrategi. Men det er ikkje dette som gjer valkampen til den skitnaste vi hugsar. Sutringa til ma Støre og Giske er nokså uskuldig samanlikna med mykje anna.

Det skitnaste i valkampen trudde vi lenge var Listhaug sine mange uttalar bygd på intoleranse og framandfrykt. Framandhat og retorikk som byggjer frykt og trusslar og hatefulle kommentarar på nettet er dessverre på framvekst i Europa. Men denne veka klarte AUF nesten å slå Listhaug i skitne triks. I ein video brukte AUF i Trøndelag så «sterke verkemiddel» at Støre tok sterk avstand frå den. Videoen blei då sletta. Men ifylgje Aftenposten forsvarte AUF-leiar i Trøndelag, Julie I. Hole, videoen. Ho meinar den ikkje var over streken, og at videoen blei sletta fordi dei hadde fått fram dei poenga dei ville ha fram.

Eg vil bruke eit bilde: Lat oss tenkje oss at valkampen var sett saman av koppar og glas, tallerkar og fat, knivar og gaflar og serveringsskeier. Alt slikt treng å bli vaska opp etter bruk. Om det ikkje blir vaska blir det berre meir og meir ureint. Meir og meir uappettitteleg. Meir og meir ekkelt. Meir og meir fråstøytande. Og meir og meir skadeleg for dei som brukar det. Slik er det også med valkampen. Det må vere nokre valkampar sidan nokon har gidda å teke oppvasken. Derfor blir alt ein brukar i valkampen skitnare og skitnare. Det har vorte direkte uappettitteleg; ekkelt. Og det har vorte potensielt skadeleg å bli utsett for det. Det er på tide at nokon tek ein oppvask. Det er ikkje slik veljarane vil ha det i Norveg. Kanskje media vil ha valkampen så konfliktfull og fråstøytande som muleg. Og dei hjelper godt til med å vri og vende på alt når dei intervjuvar politikarane. Dei har gjort seg til ekspertar på å misforstå politikarane med vilje og på manipulerande intervju. Dei skuldar politikarane for å vere uklare, men gjer alt dei kan sjølve for å gjere politikarne sine standpunkt forvridde til det ugjenkjennelege. Debattprogrammet Underhuset på TV2 er snart åleine om å ikkje vri og vende og manipulere slik.

Uansett om du vil stemme på eit parti som ikkje har teke valkampoppvasken på lang tid, eller om du vil stemme på eit parti som har det litt reinare på kjøkenet, så er det viktig å bruke stemmeretten. Om du ikkje stemmer har du heller ingen rett til å kritisere politikarane på noka side i det politiske landskapet. Godt val!

Johannes Eggen Mundal

Er dette Barnevernet sitt offisielle syn på norsk rettssystem?

Er det verkeleg Barnevernet si meining at norsk rett tek feil når ei sak i norsk domstol går mot dei? Det inntrykket kunne ein i alle fall få då Barnevernet uttalte seg til TV2 etter dommen blei kjent sist veke. Kan ikkje Barnevernet – etter ein knusande dom i norsk rett – berre innrømme at dei heller ikkje er feilfrie?

Bakgrunnen for spørsmåla mine er ei saka der Barnevernet tok tvillingar frå foreldra rett etter fødsel. Begrunnelsen var at mora var psykisk utviklingshemma. Noko som viste seg å vere ein fabrikert diagnose. Likevel heldt Barnevernet fram med å forfyglje og trakassere denne familien. Sommaren 2016 rømte familien til Polen. Saka er mest kjent gjennom fleire oppslag i TV2.

Denne veka tapte Norsk Barnevernsteneste på alle punkt i denne saka. Det er då det tragisk triste skjer: Ein leiar i Barnevernstenesta blir intervjuva av TV2, og blir spurt om kommentar til dommen. Ho svarar at Barnevernet i denne saka heile tida har gjort rette vurderingar med omsyn til barnas beste, men at dei går med på dommen fordi barna vil uansett ha det betre i Norge enn i Utlandet. Kva seier ho eigentleg? At ei vurdering som bygger på ein falsk diagnose var til barnas beste? At det berre er i Norge barn kan ha det bra?

Barnevernstenesta meinar altså at norsk rett har gjort ein feil dom, men vil likevel godta den fordi den får familien tilbake til Norge der dei kan ha kontroll på familien som dei tok frå barna på ein åpenbar feil diagnose. Dersom målet til ho som uttalte seg var å svekke tilliten til Norsk Barnevern så mykje som muleg, så lukkast ho hundre prosent.

Dette er berre utruleg trist.

Det er berre trist at Barnevernstenesta kjem med slike uttalar om norsk rett. Resultatet er ikkje at folk i Norge mistar tillit til norsk rett, resultatet er at folk mistar tillit til Barnevernet. Det er trist av mange grunnar. Det er først og fremst trist for mange barn i Norge som skulle hatt hjelp av eit velfungerande barnevernssystem.

Og det er trist fordi det er så utruleg arrogant. Vanlegvis er det slik at folk som ikkje kan innrømme feil blir sett på som eit problem. Slike leiarar eller medarbeidarar blir elles i samfunnet skifta ut eller omplassert. Eit gamalt visdomsord (frå Bibelen faktisk) seier at hovmot fører til fall. Barnevernstenesta bør luke bort hovmot og arroganse og maktsjuke. For dei barna i Norge som lir og som treng ei meir audmjuk og sensitiv Barnevernsteneste. Det er grunnlaget for å bygge opp igjen tillit. For barna si skuld. Ikkje for å oppfylle eit gamalt visdomsord.

Post Navigation