MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juli, 2019”

Tvillingar er tvillingar, abort er abort

Ytringsfridom under press.

Det er nokre tema ein uansett ikkje må skrive om. For ytringsfridomen er under press og kontroll av nokre sterke grupper som påverkar dei. Det er nemleg ikkje berre nett-troll og andre sjuke galningar som legg press på ytringsfridomen. Kvinnesak legg også press på ytringsfridomen. Homorørsla legg også press på ytringsfridomen. Om du stiller spørsmål ved enkelte saker som kvinnesaksrørsla eller homorørsla tek opp, så blir du raskt kalla kvinnehatar, mørkemann eller homofob, sjølv om du støttar likestilling og har mange homofile venner, og sjølv om du sjølvsagt respekterer alle menneske du møter uansett livssyn og legning. Å respektere folk for den dei er er det dessverre mange som ikkje klarar. Vi har sett i nyheitene siste veka at ikkje eingong presidenten i USA klarar det. Det er mangel på respekt som gjer at vi har ufred og krig. Og noko av det vi har sett og høyrt frå USA siste dagane gir meg assosiasjonar både til førre verdskrigen og til påskeforteljinga: Taktfaste rasistiske rop som «Send henne tilbake!» minner både om korleis folkemengda hylla Hitler og påskeforteljinga sine taktfaste rop om: «Korsferst, korsferst!»

Eit tema ein ikkje må skrive mot er tvillingabort. Då blir du automatisk stempla som kvinnehatar, motstandar mot likestilling og mørkemann. Men eg kjenner ein del tvillingar. Og alle dei eg har spurt er mot tvillingabort. Tvillingar har ein kontakt frå fosterlivet som er unik. Eg kjenner tvillingar som ikkje er sikker på om dei snakkar om seg sjølv eller tvillingen når dei fortel hendingar den eine har opplevd. Eg har tvillingar i nær slekt som då dei var babyar forstod kvarandre sitt babyspråk, og som framleis har problem med å skilje kva dei sjølv eller tvillingen har opplevd. Dei er imot tvillingabort. Dei forstår kanskje korleis det hadde påvirka dei om den eine av dei var avliva som foster. Dei forstår kanskje korleis saknet av sin eigen tvilling ville ha påverka resten av livet deira.

Ein del av legestanden er òg mot å abortere eit eller fleire fleirlingfoster. Fordi det å avlive eit eller fleire foster også kan setje livet til dei gjenverande fostera på spel. Men ein kan ikkje skrive om abort i det heie om ein meinar at livet startar ved unnfangelsen. Om ein meinar det, og derfor logisk nok er mot abort, då ropar dei som styrer meiningane, som media spelar på lag med, at slike folk er mørkemenn og kvinnehatarar og bør ikkje få plass til å ytre seg.

Respekt handlar ikkje om å vere einig i alt den ein respekterer meiner. Respekt handlar om å respektere dei som meinar noko anna enn du meinar sjølv. Homorørsla har understreka sjølv kor lite dei blir respektert av samfunnet. Eg høyrde ein homofil prest ein gong sei at homofile han hadde snakka med kjende seg mykje sterkare utstøytt og mobba i fotball og anna idrettssamanheng samanlikna med kyrkja, der dei kjende respekt. Men frå media og homorørsla er det kun kyrkja og kristendommen som blir stempla som homofobe mørkemenn. Ein god ven av meg opplevde, utan å vilja det, å kome til eit selskap med «kun homofile og transvestittar». Han opplevde der at måten homofile snakka om heterofile var langt meir nedsetjande og respektlaust enn det han nokon gong har høyrt at homofile blir omtalt på. Venen min er ikkje homofob. Han er framleis ven med han som, mot hans vitande, drog han inn denne sexorgien for homofile.

Når eg skriv dette veit eg at eg blir stempla som kvinne- og homohatar, uansett korleis eg forsvarar dei når dei blir utsett for urett. Frykten for det stempelet eg no får avgrensar ytringsfridomen i Norge.

Post Navigation