MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “desember, 2015”

Solidaritet og nestekjærleik: to ulike menneskesyn.

Det er viktig å kjenne nyansane i språket. Orda solidaritet og nestekjærleik flyt for mange saman i ei meining. Men det er stor skilnad på menneskesynet i desse to omgrepa.

Solidaritet kjem frå Frankrike. På 1500-talet blei det brukt av juristar om ei gruppe sitt kollektive ansvar for gjelda til eit medlem i gruppa – eit solidarisk, økonomisk ansvar. Så blei solidaritet eit politisk omgrep; ei kjensle av globalt samhald individ mellom. I dag er solidaritet igjen avgrensa til samhald innan eiga gruppe, meir lik den opprinnelege definisjonen, og sterkt farga av eit narsissistisk samfunn. I namnet åt solidaritet kan ein i dag sei nei til å vise menneske nestekjærleik.

Solidaritet er eit omgrep som har endra meining etter politiske behov. Kanskje særleg etter 1990. For Lech Walesa var solidaritet økonomisk ansvar for eiga sosiale gruppe. I dag er omgrepet solidaritet sterkt farga av eit gudlaust og narsissistisk menneskesyn som ikkje ser enkeltmenneska. I praksis ser vi dette når politikarar brukar solidaritet til å argumentere for å oppretthalde eigen levestandar på kostnad av folk som flyktar frå krig.

Nestekjærleik er eit statisk ord; eit ord som ikkje har endra meining opp gjennom tida.

Nestekjærleik. Ordet er henta frå Bibelen. Du skal elska din neste som deg sjølv, er det mest kjende sitatet om nestekjærleik. Sagt av Jesus, ifylgje bibelboka. Men kristne trur knapt på Bibelen no om dagen. Nestekjærleik er omsorg og ansvar for andre medmenneske utan dei økonomiske omsyna solidaritet legg til grunn. Omgrepet liknar på agape; Gud sin usjølviske kjærleik til menneske. Nestekjærleik er mennesket sin ikkjenarssisistiske kjærleik til medmenneske, og skil seg derfor frå eit moderne solidaritetsomgrep.

Nestekjærleik er eit statisk ord. Eit ord som ikkje politikk og anna har endra meininga på opp gjennom tida. I motsetnad til solidaritet. Nestekjærleik var det menneskesynet Jesus ba sine etterfylgjarar praktisere. Det er statisk fordi Gud er uforanderleg og fordi han ikkje er forvirra om sine eigne omgrep. I notidas forvirring kan det sjå ut som ikkje ein gong kristne ser skilnaden på desse to omgrepa. Det er trist når kristne politikarar står fram i media og argumenterer mot det Jesus lærte oss om å elske nesten vår.

Det burde ikkje vere vanskeleg å skilje mellom nestekjærleik, slik Jesus fortel om i likninga om den miskunnsame samaritanen, og solidaritet. Medan solidaritet er tilpassa dagens narsissistiske samfunn, så tyder nestekjærleik framleis det same menneskesynet som Jesus snakka om for 2000 år sidan. Det same menneskesynet snakkar Han om i dag også, for dei som høyrer på Han.

Derfor er det trist når norske politikarar forkastar det menneskesynet Jesus forkynte i likninga om den miskunnsame samaritanen til fordel for eit narsissistisk solidaritetsomgrep i diskusjonen om flyktningar. For meg er flyktningar menneske dei også, og for kristne skal alle menneske møtast med nestekjærleik og respekt, ikkje med narsissistisk solidaritet. Kanskje vi kan bruke denne jula til å tenkjer over kva Jesus sa om nesten vår? Velsigna jul!

Denne teksten stod på trykk i Vårt Land i romjula 2015 under tittelen To syn på menneske.

Kva er nestekjærleik, Listhaug?

Ei ROSE frå meg til deg.

Eg vart invitert av ein god venn til å vere med på ein katolsk førjulsfeiring sist laurdag. Det var ei multikulturel samling som starta med messe, fulgt av festmat frå «heile verda», leikar og underhaldning og kaffi og kaker. Eg er ikkje særleg katolsk av meg, men takka ja til å bli med på arrangementet, som fann stad i Raude Kross-bygget i Sogndal. Mat frå heile verda og katolsk multikultur – kva no det er – lokka meg.

Gi heller ei rose til jul!

Messa gjekk føre seg på engelsk. Father Johan hadde reist med bil frå Bergen for å vere prest. Han heldt ei preike som både gav meining og som i tillegg var bra politisk korrekt; ei preike dei fleste lutherske prestar eg kjenner ikkje klarar å gjer han etter. Sannsynlegvis ingen av dei. Eg seier dette fordi eg meinar det. Eg seier det med respekt, men ikkje fordi eg meinar at de som les dette skal gå hen å bli katolske.

Vi må slutte å gi materialistiske gåver til folk!

ROSE

Father Johan sa at vi i staden for materielle gåver denne jula – og resten av året også, forresten – heller skal gi folk noko ikkje-materialistisk. «Give a ROSE,» sa han, og forklarte kva bokstavane i ROSE stod for. Og heldigvis for meg matchar engelsk nynorsk betre enn bokmål.

R står for respekt. Vi må møte folk med respekt, sa father Johan. O står for eit ope sinn. Vi må vere opne både for menneske vi møter og mot oss sjølve. Og vi må vere opne både i møte med dei menneska vi møter og med oss sjølve. S står for sympati. Vi skal møte medmenneske med sympati. Med medmenneskelegheit og forståing. E står for empati. Empati er ikkje det same som sympati. Medan sympati er evna til å setje seg inn i og forstå korleis andre har det, er empati evna til å setje seg inn i og føle ein anna person sin situasjon.

Eg tykte det var ein særs god tale. Alle omgrepa i father Johan si ROSE har eg grunda på i årevis, og dei har vore eit mål for både skriftleg og munnleg kommunikasjon. Eg veit eg ikkje har lukkast alltid. Men respekt, openheit og forståing for menneskeleg kjensler ser eg på som viktig. Sjølv om eg veit at folk som er sakleg usamde med meg ikkje alltid har oppfatta meg slik. Eg er lei for det. Og eg skal prøve så godt eg kan å denne jula og i 2016 å gi ei ROSE slik father Johan definerer ROSE. Heldigvis kan ROSE lett omsetjast til nynorsk. På dansk og bokmål hadde det vorte RÅSE – og det er ikkje ein gong eit ord!

Eg ynskjer alle ei velsigna julehelg. Og sjølv om de ikkje har ei god julehelg håpar eg at de møter folk som gir dokke ei ROSE. Og for dei eg ikkje møter personleg håpar eg de kan ta imot denne teksten – desse orda frå father Johan – som ei personleg julehelsing; som ei ROSE.

Les også mitt første innhogg i Sogn Avis 2016: Godt nytt år!

Kva er det Listhaug ikkje forstår?

Julemat til hundar og fattige.

No er festmaten til jul billegare enn hundemat igjen! Og då spring rike nordmenn med store hus til billegbutikkane og kjøper julemat og fyller dei store frysarane sine og dei store hundane sine. Dei som har dårleg råd, dei Listhaug skubbar fram i argumentasjonen sin, har verken råd eller plass til å tene noko på galskapen. Det er dei som tapar mest på at maten blir dyrare resten av året.

Kva er det Listhaug ikkje forstår eigentleg? Er ho like dårleg på matematikk som skulestatsråden som svarte feil på eit enkelt reknestykke? Eller prøver ho berre å snakke seg bort frå dei fakta som ikkje passar politikken hennar? Vil ho lukkast betre med det i sin nye statsrådjobb?

Daglegvarekjeder sel vanlegvis lågkvalitet til høg nok forteneste til at dei har råd å gi bort norske kvalitetsprodukt. Og målet er også å presse prisane på norske råvarer. Alle forstår det. Bortsett frå Listhaug. Alle forstår at dumpingprisane no må tenast inn att med høgare prisar resten av året. Sjølv lågpriskjedene innrømmer det. Men det tek ikkje Listhaug notis av. I sin iver etter å marginalisere norsk landbruk kjem ho med påstandar om at dette er til gode både for fattigfolk og for norske bønder.

Det kan sjølvsagt vere slik at priskrigen kan føre til at nokre fleire har råd til ribbe på julafta. Men det er trist at Listhaug skubbar desse framføre seg. Det er først og fremst dei med god likviditet og god plass og store frysarar som kan hamstre ribbe og graut i desember. Dei fattige har ikkje råd til det. Det er vanskeleg å tru at Listhaug ikkje forstår dette.

Sjølv er eg ikkje blant dei rikaste i Norveg. Eg kan spare pengar på å kjøpe ribbe til hunden min no før jul. Eg har ikkje gjort det til no. For eg ynskjer at julematen min skal vere festmat – ikkje hundemat. Men eg vurderer no å kjøpe billeg ribbe til hunden min til jul. Så skal eg passe på å kjøpe økologisk, høgkvalitets pinnekjøt frå andre enn Reitan til meg sjølv. Slik at eg kan ha kjensla av at det ikkje er hundemat eg et på julafta. Litt skilnad på hundemat og pinnekjøt må det vere. Eg ysnkjer alle ei god jul – også de som et hundemat julafta!

Post Navigation