MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the month “juni, 2019”

Med fare for eg blir slakta av Nortura

Siste vekene har det vore fokus på korleis ein del gris har det i Norveg. Sjølv har eg ikkje orka å sjå dokumentaren på NRK. For meg var det meir enn nok å høyre lyden av grisehyla på radioen. Eg har fått med meg innhaldet likevel, og kjenner at eg må kommentere dokumentaren og debatten etterpå. Eg trur at mange bønder deler mykje av tankane mine, sjølv om ikkje alle deler tankane sine høgt. Alt for mange bønder er alt for lojale mot alt for mange.

Ting er aldri så enkelt som media framstiller det. Ting er ikkje så enkelt som NRK-dokumentaren påstår. Ting er ikkje så enkelt som Nortura eller dyrevernarane insisterer på. Ting er ikkje så enkelt som bondeorganisasjonane eller som politikarane framstiller det. Og ting er ikkje så enkelt som forbrukarane trur, eller som kommentarfelta meiner. Ifylgje kommentarfelta bør alle norske bønder kastrerast utan bedøving fordi enkelte grisebønder har gjort det mot dyra sine. Desverre er det ein del folk som har så lite inne i hovudet sitt at dei trur verda er like enkel som dei er sjølve. Mange av desse enkle sit og fyller kommentarfelta på nett. Andre av dei er politikarar.

Eg prøver ikkje å unnskylde dei bøndene som mishandlar dyra sine. Det er bra at slikt blir avslørt. Dokumentaren har fått i gong ein viktig debatt. Den debatten ville uansett ha komme, før eller seinare.

Eg veit at eg står i fare for å bli slakta av Nortura pga dette innhogget. Ikkje fysisk sjølvsagt. Men for det eg skriv, og fordi dei neste orda eg skriv er at Nortura har handsama denne situasjonen på ein svært uproff og dårleg måte. Dei lest som om problemet er enkeltbønder. Så enkelt er det ikkje. Problemet er ikkje berre enkeltbønder. Problemet er også landbrukspolitikken. Problemet er politikarar og forbrukarar sitt krav om billeg kjøt. Problemet er ei næring som er så pressa på økonomi at dei ikkje ser endane møtast. Ingen ting av dette fritek bonden frå skuld når dyr blir mishandla eller vanskjøtta. Men det fritek heller ikkje politikarar eller forbrukarar. Dei har fått det som dei ville – dei har fått billeg kjøt: Norsk griseindustri er ein suksess. Som norsk kyllingindustri og norsk fiskeoppdrett. At konsekvensen av så billeg kjøt og fisk er dårleg dyrevelferd har både bønder og andre åtvara mot heile tida.

Det skjer noko med bønder som går inn i storskala industrilandbruk, sa ein bonde til meg. Naboen hans, ein flink og god bonde, hadde starta kyllingproduksjon, og han meinte denne naboen hadde forandra seg av å heile tida gå å plukke daude kyllingar. Det skjer noko med folk. Du blir kynisk av ein industriproduksjon der det er så strenge krav til økonomi at det går ut over dyrevelferda. Ansvaret ligg ikkje berre hos bonden.

Når Nortura latar som at alt er i orden med industrilandbruket, og legg skulda på enkeltbønder, då spelar dei ikkje på bøndene sitt lag. Nortura-konsernet er fullt av konsulentar, men det kan sjå ut som dei manglar ein god mediestrategi. Landbruksministeren og bondeorganisasjonar latar som dei ikkje forstår, eller visste om, desse årsakssamanhengane. Det virkar lite truverdig. Norsk landbruk treng ikkje meir industrilandbruk. Vi treng politikarar og forbrukarar som forstår den soleklare samanhengen mellom pris og dyrevelferd. Næringa må ha betre mediestrategi enn dei har i dag. Det nyttar ikkje lenger å kamuflere dårleg dyrevelferd. Forbrukarane er ikkje så enkle i hovudet som Nortura trur.

Eg har trua på den norske bonden. Men den norske bonden er avhengig av vilkåra forbrukarar og politikarar set.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 29.6.2019

Bønder er ikkje vanlege folk

Kva hjorten og folk flest ikkje forstår

Kva kallar vi innbyggjarane i Vestland?

Eg kastar nesten aldri opp. Eg kan bli sjuk, men det går tiår mellom eg kastar opp. Men kvar gong eg høyrer fylkesnamnet Vestland på radioen får eg trang til å brekke meg. Eg kjenner meg sjuk. Eg føler eg har mista identitet. Ikkje fordi Sogn og Fjordane har blitt slegne saman med Hordaland. Men på grunn av det idiotiske namnet nokre språkinkompetente, arrogante, visjonslause og kompromisskåte politikarar har gitt det nye fylket. Og sjølv om det virkar som at alle meiner det var det mest håplause namnet som blei valt, så blei det det.

Vestland kart

Ekstrem arroganse ligg bak valet om det nye fylkesnamnet Vestland.

Viss eg var tolv år igjen, og skulle skrive ein stil om kvar eg bur, så måtte den for eit språkinteressert barn bli omlag slik:

Eg bur i Fjærland. Frå år 2000 har Fjærland vore ein del av Sogndal kommune. Tidlegare har Fjærland tilhøyrt Leikanger kommune og Balestrand kommune. No er ringen på ein måte slutta, då Leikanger, Balestrand og Sogndal frå 2020 er nye Sogndal kommune. Sogndal kommune ligg i Vestland fylke. Vestland fylke ligg på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom Vestland og Vestlandet, då det er stor skilnad mellom Vestland i bestemt form og Vestland i ubestemt form. Vestland er eit fylke midt på Vestlandet. Bortsett frå Vestland består Vestlandet også av to andre fylker. Rogaland ligg også i Vestland i bestemt form. Rogaland ligg sør for Vestland. Møre og Romsdal er det tredje fylket i Vestland i bestemt form. Møre og Romsdal ligg på Vestlandet nord for Vestland. Det var nokre politikarar i dei fylka som Vestland blei slege saman av, Sogn og Fjordane og Hordaland, som hadde så lita språkkjensle og så liten respekt for dei andre fylka på Vestlandet, som bestemte at eine fylket på Vestlandet skulle heite Vestland. Fylkesnamnet Vestland blir derfor no rekna som eit symbol på arroganse og manglande respekt for andre folk. Det seier dei vaksne.

Framtidsfylket Sogn og Fjordane er fortid på ein så patetisk måte som det er muleg for menneske (politkarar) å gjere eit fylke til fortid. Med arroganse mot naboane sine. Uansett må vi ha eit samlande omgrep som beskriv innbyggjarane i det nye fylket. Noko samlande. Når vi skal markere at vi er innbyggjarar i fylket Vestltand (som ikkje må forvekslast med landsdelen Vestland i bestmet form, Vestlandet) så kan vi ikkje kalle oss vestlendingar. Om vi då ikkje er ekstremt arrogante. Dessverre finst det folk som er så arrogante. Somme av dei er politikarar og har funne på dumskapen. Vi må ha noko som gir oss samla identitet, utan å bli forveksla med folk frå heile Vestlandet. Det opplagte omgrepet er vel vestlanding?

Då bestemor mi var gamal hugsar eg ho eingong sa at ho aldri nokon gong hadde hatt vondt i hovudet. Eg har vore heldig og arva det av henne. Dagen derpå og influensa kan vere ubehageleg på mange måtar, men eg er glad eg slepp hovudsmerte av slikt. Fylkesnamnet Vestland gir meg hovudverk på mange måtar. Ikkje som hovudsmerte kanskje, men hovudverk – og brekningar. Det er aldri for seint å leggje seg flat når ein ser sin eigen dumskap. Det er aldri for seint å angre seg og gjere om på dumskap. Det er aldri for seint å snu. Siste alternativ er å grave seg ned og ikkje stille til val meir.

Denne teksten har stått på trykk i Sogn Avis og Firda.

Eg er vestlanding vorten no.

Skulestil av: ein forvirra femtiåring.

Alt var mykje enklare då eg gjekk på skulen. Då var eg fjærlending, sogning og vestlending. Om eg til dømes skulle skrive ein stil om kvar eg kom i frå kunne eg ha skrive: Eg bur i Fjærland. Fjærland er ei bygd i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane osv.

vestland fylke

Eg bur framleis i Fjærland. Frå år 2000 har Fjærland vore ein del av Sogndal kommune. Fjærland var tidlegare ein del av Leikanger kommune, og seinare Balestrand kommune. Frå 2020 er Fjærland ein del av alle desse kommunane, då dei no blir slegne ihop. Den nye kommunen Sogndal ligg i Vestland fylke. Vestland fylke ligg på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom i Vestland og på Vestlandet. Det er viktig å skilje mellom Vestland og Vestland i bestemt form. Bortsett frå Vestland består Vestlandet også av to andre fylker. Rogaland ligg i Vestland i bestemt form. Rogaland ligg sør for Vestland. Møre og Romsdal er det tredje fylket i Vestland i bestemt form. Møre og Romsdal ligg på Vestlandet nord for Vestland.

Eg er framleis fjærlending og sogning og vestlending. I tillegg har eg altså, takka vere språkforvirra politikarar frå ein del av Vestlandet, som no heiter Vestland, vorten vestlanding. Kor tid skal eg sei at eg er vestlanding, og kor tid skal eg sei at eg er vestlending? Ein kan fort få inntrykk av ein landsdel i språkleg borgarkrig. Kanskje det var det politikarane i avtroppande Hordaland fylke og avtroppande Framtidsfylket ville oppnå? Uansett er Hordaland og Framtidsfylket snart ein del av fortida. Å vere eit framtidsfylke i fortid er berre patetisk.

Dersom alt dette høyrest sjukt forvirra ut, så skuld ikkje på meg. Eg har berre skrive ein faktaboks om kvar eg kjem frå. Skuld på politikarar heilt utan språkkjensle og heilt utan kreative gener. Med slik forvirra namngjeving av eit heilt nytt fylke tvilar eg sterkt på evnene deira til å ha visjonar eller styringsevne over nye Vestland fylke. Kor tid skal eg eigentleg kalle meg vestlanding, og kor tid skal eg kalle meg vestlending?

(Dei dummaste kommentarane til denne teksten vil komme frå dei som latar som dei ikkje forstår kva eg meiner om saka.)

Under taket.

Når ein bur i eit gamalt hus må ein av og til gjere investeringar og val som har konsekvensar for både ein sjølv og for komande generasjonar. For eit par år sidan var det ein lekkasje i eine slusa på hovudhuset på garden. Tømrar Endre Thue blei leigd til å tette lekkasjen. Ingen av tømrarane med adresse Fjærland hadde kapasitet. Då taket var tett sa Thue klart frå at eg ikkje må vente lenge før eg tok att heile taket. Så då Sogn Avis i haust hadde ei sak om at tømmerprisane var dei høgste på mange år bestemte eg meg for å hogge litt tømmer for å finansiere rehabilitering av taket.

Og når ein bur i eit gamalt hus med sjel og gjer slike investeringar som rehabilitering av tak trass alt er, så kan ein finne både minne og spor frå tidlegare generasjonar. Slik eg har forstått det var huset bygd då min tippoldefar, Johannes Mundal (Johans i Mundal), dreiv garden. Han brukte mykje pengar på bygningar på garden etter at han i 1906 selde seg ut av Hotel Mundal, som han hadde bygt opp saman med systera Brita og mannen hennar, Olaus Dahle.

taket1

Det er ikkje berre sutak og takstein som blir skifta ut. Isolasjonen blir også skifta. Halm og sagspon og aviser blir skifta ut med moderne isolasjon. I den gamle isolasjonen finn vi mange spor etter generasjonane før meg. Ein del av avisene som er brukte er krølla saman og mykje av dei er uleselege. Men i ein del som er «isolert» seinare finn tømrarane Endre og Svein Arne Thue ein bunke aviser. Forfedrane mine må ha vore like samfunnsinteresserte som eg er. Dei har i alle fall hatt mykje aviser. Lokale aviser som Sogns Avis og Sogn var blanda med BT, Aftenposten, Dagbladet, Gula Tidend, Nynorsk Vikeblad, Norsk Tidend, Fjordaposten, Gula Tidend og Norsk misjonstidende. Alle datert dei første dagane i desember 1935. I avisa Sogn 3.12.1935 kan ein mellom anna kan lese minneord til Sigurd Kvikne og ein notis om at «Bonde og bankstyrar A. J. Bøyum, Fjærland, vert no ordførar i Balestrand. Ein mykje dugande mann, klok, kunnskapsrik og livsrøynd.» Neste notis hadde fylgjande ordlyd: «Ordførar S. Holten, Hyllestad, var 60 år no sundag. Han er bonde og lærar, ein traust, evnerik og viljesterk mann som er sessa på rette plassen.» I Sogns Avis fredag 13. desember same år er ein notis om at meieriet i Fjærland er venta å «taka til med drifti straks yver nyår»

taket2

Når vi rydda på høgloftet før isolering fann vi også brev og kladdebøker, og ei minnebok etter bestefar min, Johannes S. Mundal, frå då han gjekk på folkehøgskule i Sogndal i 1924. Minneboka har eg ikkje hatt tid å sjå mykje på enno. Historiane i eine kladdeboka fanga meg.

«I kanten av elvi var det ein stor stamp til tettings. Ivar og Anna kraup opp i stampen og tok til å rugga på honom. Men då rak stampen meir og dreiv frå land, og so tok straumen honom og han rak ut på sjøn. Um kvelden sakna dei borni. Alle gjekk og leita etter deim, men det laga seg ikkje so vel at nokon kunde finna deim. Mari bad til Gud at han skulde gjeva henne att dei småe borni. Tidleg dagen etter såg nokre fiskarar noko flaut utpå sjøen. Dei rodde burt og då såg dei at det var ein stamp og at borni låg oppi honom. Dei hadde sovna av suggingi, og det var vel; eller hadde dei kvelvt stampen og bleve (drukna).»

Neste forteljing handlar om ein skårfast bukk som ørni slår klørne i. Ørni ville lette, men «det gjekk meir ned enn upp, og sistpå datt dei radt ned på gjorde båe tvo, men det gjekk så vel at ingen slo seg.» Bukken reiv seg laus, og ørni flaug sin veg. Ikkje veit eg om kladdeboka er ei stilbok frå ein skuleungdom eller om det er ei slags dagbok. Den undrigi må eg leva med til vidare.

Omtrent denne teksten blei trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag 1.6.2019

img_6756

Under taket mitt

Det kjem ein tekstversjon her etter kvart.

Skjermdump frå Sogn Avis laurdag 1.6.2019

Post Navigation