MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Lukk augene og sjå: Alt går bra!

Denne veka fekk alle svenskar eit informasjonshefte i postkassen: Om krisen eller kriget kommer. På 20 sider informerer den svenske regjeringa innbyggjarane om korleis dei skal forholde seg i krisesituasjonar. Heftet er utarbeidd av Myndigheten för samhällsberedskap og blei bestilt av den svenske regjeringa i fjor vår. Eit viktig tema i brosjyren er mattryggleik, og svenskane får råd om kva slags matvarer dei bør ha lagra i tilfelle kriser. I fjor vår kom også norske styresmakter med ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning, utgitt av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Men norske styresmakter kom til ein heilt anna konklusjon enn svenskane. DSB konkluderar med at i ei krise vil handelsvegane i verda fungere som før, og at det derfor ikkje blir problem med å importere mat til Norge.

kriseinformasjonSverige.png

Skjermbilde av framsida til det svenske krise-heftet.

I analysen har DSB mellom anna vurdert svikt i straumforsyning og elektronisk kommunikasjon, dyre- og plantesjukdommar, atomulukker, svikt i verdas kornproduksjon og internasjonal militær konflikt. Ingen av desse hendingane vil på kort sikt føre til krise i matforsyninga, ifylgje DSB, for handelsvegane i verda vil ikkje bli påverka!?! Ein slik konklusjon forutset minst eit av fylgjande to manglar hos dei som har øvste ansvar for kriser her i landet: Manglande forståing av kva ei krise er, og manglande forståing for kva ei krise fører med seg.

Medan det er lett å finne informasjon om krisehandtering på svenske styresmakter sine nettsider, så er det ikkje lett å finne DSB sin analyse av norsk matforsyning i kriser.

I dag produserer vi omlag 40 prosent av maten sjølv. Landbrukspolitikken har gjort mykje av den produksjonen avhengig av importert korn og protein til dyrefôr. Dersom importen stoppar må vi slakte ned gris, fjørfe og laks, fordi vi ikkje har fôr til dei meir. I tillegg må store deler av storfeproduksjonen reduserast og leggast om til meir ekstensiv drift. Sjølvforsyninga vi har i dag kan for bli halvert, og då manglar vi 80 % av den maten vi brukar no. Sjølv om kriser ikkje kjem, kan det vere lurt å lytte til dei råda svenskane får. Eller vi kan lukke augene, slik norske styresmakter gjer, så slepp vi å sjå krisa før vi må opne augene att.

Les også: Kva skal vi ete når økonomien kollapsar?

Torsdag denne veka hadde eg besøk av ei gruppe 13-åringar som mellom fleire andre aktivitetar hadde valt gardsbesøk. Her fekk dei helse på hunden Bella, og på kopplam, kyllingar og høner på tunet. Ungdommane blei også med opp til skogkanten og såg Edelgrana, som er eit landemerke i Mundal. Grana planta tippoldefar min då han gifta seg. Kanskje er ho det største bartreet i kommunen med sine 4,60 meter i omkrets. Med sine tette greiner gir ho godt ly for sauene, både mot regn og sol. Til slutt tok eg med ungdommane dit mjølkekyrne var på beite. Det blei litt snakk om kor mykje arbeid det hadde vore å mjølke 25 kyr for hand. Berre ein av barna kunne mjølke for hand. Det var ein gut frå Syria. Om straumen går kan eg hjelpe deg å mjølke, sa han. Denne guten er nok betre budd på krise enn det norske politikarar er.

Tippoldefar min var også med på å plante Hotel Mundal, eit anna landemerke i Fjærland. Medan edelgrana lever så lenge ho lever står hotellet til nedfalls. I eit videointervju på Dagens Næringsliv si nettside seier Ola Moe at søknaden om å få rive Hotel Mundal aldri var meint på alvor, det var berre ein reaksjon på krav om eigedomsskatt på det verneverdige hotellet. Reaksjonen blei som forventa, hotellet blei friteke for eigedomsskatt. Å eige eit slikt hotell er litt elsk hat, seier Moe i videoen. Det er fantastisk å eige det, men det er også eit tyngande ansvar. I sommar og neste sommar er hotellet stengt. Etter 125 år treng hotellet ein liten sørvis, seier Moe. I Fjærland ventar vi i spenning på at arbeidet med å gi Hotel Mundal sørvis skal starte. Kostnaden blir mellom 10 og 30 millionar, trur Moe.

Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis 26. mai 2018.

IMG_5949

Drømmer du om å ta over et historisk hotell bør du se denne videoen.

Single Post Navigation

Kommenter innlegget