MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “kollaps”

Meir sårbar økonomi

For fem år sidan skreiv eg om kor sårbare vi er om ei krise skjer. Kva skal vi ete når økonomien kollapsar? spurde eg. Den gongen trudde eg økonomien kjem til å kollapse fordi den byggjer på at den er avhengig av vekst. Isolert sett er det kanskje sant. Men om ein prøver å sjå økonomi og klima i samanheng så ser ein lett at dagens økonomiske system ikkje er klimavennleg.

IMG_6290

Eg trur framleis at økonomien kan kollapse. Men eg ser meir og meir økonomien i andre samanhengar. Økonomi saman med politikk. Økonomi saman med klima. Økonomi saman med endra samfunnstrekk. Økonomar er ikkje utdanna til å sjå alle desse samanhengane. Olav Arnar Bøe, tidlegare rektor for jordbruksskulen i Aurland og forfattar av lærebøker i økologi, sa det omtrent slik: Økonomar tek oftare feil enn barnehagebarn. Eit barnehagebarn treff statistisk rett halvparten av gongene om du spør om økonomien kjem til å gå opp eller ned neste åra. Men økonomane fjernsynet inviterar til studio tek oftast feil. Likevel inviterer dei same økonomane tilbake neste gong dei lurer på noko.

Fofor nokre år sidan flirte folk av meg då eg sa at i økonomisk nedgangstid kan store deler av oljefondet forsvinne. I dag høyrde eg ein sjeføkonom sei det same.

Økonomien kjem kanskje ikkje til å kollapse av seg sjølv. Det er sannsynleg at klimakriser eller andre kriser vil vera ein utløysande faktor. Dersom dei økonomiske verdiane og prinsippa som styrer verda i dag ikkje blir endra av menneska, kan det bli klimaet som tvingar endringane fram. Eigentleg trudde eg ved årsskiftet til 2017 at det var året klimahendingar ville få folk til å forstå at klimaet måtte takast på alvor og klimaendringane motarbeidast. Det same trudde eg då vi gjekk over frå 2017 til 2018. No veit eg eigentleg ikkje kva eg skal tru meir. Fokuset på klimaendringar har rett nok auka. Mange store ord blir sagt. Utan økonomiske, politiske og personlege endringar blir dei store orda til tomme ord. Dei blir til uro og til misnøye. Og det er det motsette av kva økologien og økonomien treng.

For mange år sidan stilte eg også spørsmål om kor lenge bustadprisane kan stige. Då ga økonomane inntrykk av at det vil dei gjere evig. Og eg spurde kor trygt oljefondet er. Eg sa at i økonomisk nedgangstid kan store delar av oljefondet, som ironisk nok er bygd på klimaøydande økonomisk vekst, forsvinne. Folk flirte av meg då. I kveld høyrde eg Elisabeth Holvik, sjeføkonom i Sparebank1, advare om at Norge er svakare mot økonomisk uro i dag enn finanskrisa i 2011. Finanskrisa for sju år sidan blei løyst med å senke renta. Det blei ikkje gjort vekstkraftige reformer. Derfor vil ei ny finanskrise ramme hardare enn førre, og kan føre til at verdien av oljefondet blir kraftig redusert. Det seier altså sjefsøkonomen i Sparebank1. Sjølv ho blir motsagt av andre økonomar kan ho ha rett.

Island er det landet som har komme best ut av finanskrisa, meinar Holvik. Der forstod dei at tiltaka som blei gjort var eit gode for fellesskapet på lang sikt. Dei gjorde det for barnebarna og for fellesskapet. Fellesskap, tillit og lojalitet kjenneteiknar familen og små samfunn, seier Holvik. Elles i Europa ser vi at desse eigenskapane står svakare enn før. På den måten set Holvik økonomien inn i ein større samanheng. Og om vi teiknar eit større bilde enn Holvik gjer kan vi ta med økonomisk uro og dei kritisk låge avlingane på korn i Europa denne sommaren, årsaka av klimaendringar, så er vi nærare ein økonomisk kollaps no enn sist eg skreiv om det.

Denne teksten var trykt som Innhogg i Sogn Avis 15.9.2018.

Post Navigation