MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “Repparfjorden”

Tid for sivil ulydnad?

I fjor ein gong skreiv eg meg på ei liste til støtte for dei som arbeider for å verne Førdefjorden mot øydeleggjing i byte mot å tene pengar ei kort stund. Eg skreiv meg på lista mest for å halde meg orientert om saka. Denne veka fekk eg ein e-post med orientering: Nordic Mining skal i februar starte nye prøveboringar i Engebøfjellet. Og etter orienteringa får eg ei oppmoding: Bli med på aksjonar, skriv aksjonsgruppa, organisert av Natur og Ungdom.

Eg kjenner litt til organisasjonen Natur og Ungdom frå tida mi som lokallagsleiar i Bondelaget. Ved fleire høve fekk eg lytte til nokre av organisasjonen sine dyktige og dedikerte representantar på Bondelaget sine leiarsamlingar i Sogn og Fjordane. Eg hugsar eg alltid var imponert over desse ressurssterke, unge folka. Og glad for samarbeidet dei søkte med bondenæringa, og for at Bondelaget inviterte dei inn til sine viktige samlingar.

Og no får eg altså ein e-post underteikna av Natur og Ungdom. Om ei viktig sak. Og dei vil helst ha dei 2000 som har skrive seg på aksjonslista med på aksjonar. «Alle aksjonar vil bli på eige ansvar og rekning», presiserar dei. «Håpar vi ser deg i Vevring!» Og eg veit det er ei viktig sak. Men sivil ulydnad, er det det dei snakkar om? tenkte eg. Er det ein Alta-aksjon dei snakkar om her?

Seint torsdag kveld fekk eg ein telefon frå Natur og Ungdom. Ein hyggjeleg telefonsamtale, i grunn. Og ho legg ikkje skjul på at ho snakkar om sivil ulydnad. Utan at eg spør om det. Nokon gonger er det naudsynt med sivil ulydnad, seier ei eg ikkje kjenner inn i sin telefon og ut frå min. Eg har det så travelt no, seier eg, eg veit ikkje om eg får det til. Eg seier ikkje at eg ikkje veit om eg torer. Etterpå tenkte eg at det er sikkert mange som tenkjer som meg. Som vurderer om dei vil vere med på ein slik askjon. Og i grunn fortener ikkje ein slik aksjon at folk ikkje torer delta.

Bortsett frå Norveg har resten av verda konkludert med at å fylle giftblanda fjellmassar i fjordar er så problematisk at dei ikkje tillet det. Fire andre land har sjødeponi per i dag. I dei fire andre landa, Tyrkia, Indnesia, Chile og Papua Ny-Guinea fører motstand og strengare miljøkrav til at det ikkje blir sett i gong nye prosjekt med sjødeponi. Då står Norveg att som einaste landet i verda som tillet å dumpe gifthaldig gruveavfall i fjordar. Resten av verda har funne betre løysingar, medan vi her i landet vil vi sleppe giftblanda gruveavfall i viktige laksefjordar. Kanskje er ikkje miljø og klima så viktig for dagens regjering, men skal vi tillate at denne regjeringa øydelegg Norveg sin klima- og miljøposisjon på jorda? Kanskje treng og fortener Førdefjorden og Repparfjorden ein Alta-aksjon? Kanskje ikkje førre setning skulle vore forma som eit spørsmål?

Denne helga skal Tor rase over himmelen her. Han skal visst ikkje slå med hammaren. Men medan han bles vindar som vi menneska har gitt han energi til gjennom vår øydeleggjande rovdrift på planeten vår og naturressursane våre kjem eg til å vere oppteken av å vurdere å gå til sivil ulydnad. Valet burde eigentleg vere lett. Det burde vere lett å velje mellom mine barn sitt miljø og klima og mi eiga komfortsone. Og det valet står ein i heile tida. Det gjeld mange fleire saker enn denne. Det kan vi tenkje på medan Tor fer over himmelen her og ned i dalane. God helg!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 30.1.2016

Post Navigation