MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “106.750 kr”

«Det bør bekymre folk i Sogndal»

Tittelen er ein slags konklusjon i ein kronikk i Sogn Avis 23.12., skrive av av Arne Jensen. Jensen er generalsekretær i Norsk redaktørforening, og er soleis ikkje ein lettvektar i norsk presse. I kronikken tek han føre seg Pressens Faglege utval (PFU) si handsaming av Sogndal kommune sin klage mot Sogn Avis.

Sogndal kommunes PFU-klage mot Sogn Avis er alvorlig. For Sogndal kommune,» skriv Arne Jensen.

Sogndal kommune klaga inn avisa på fleire punkt i samband med dekninga av tilhøva i Sogn barnevern. Sogn Avis blei felt for å ikkje ha dekning for ei formulering i ein kommentarartikkel. På dei andre punkta fekk ikkje kommunen medhald. Dei handla om «saklegheit og omtanke» og mangel på «samtidig tilsvarsrett». Tvert imot gir PFU Sogn Avis ros for sitt journalistiske arbeid med å avdekke forholda i Sogn Barnevern, meiner Jensen.

«Så er vel dette en stor seier for Sogndal kommune og Sogn barnevern? Overhodet ikke,» skriv Jensen.

Det Sogn Avis blei felt på har avisa innrømma feil, og det var forventa at dei blei felt på det punktet. Det er sjølvsagt alvorleg for ei avis å bli felt av PFU for brot på god presseskikk. «Så er vel dette en stor seier for Sogndal kommune og Sogn barnevern? Overhodet ikke,» skriv Jensen. Tvert imot er det ei synleggjering av arroganse, feilvurderingar og hemningslaus bruk av skattepengar for å redde kommunen sitt omdøme, meiner han.

Sogndal kommune brukte 106.750 skattekroner på advokat for å lage klagen mot Sogn Avis, ein klage som det låg i korta at kommunen i dei fleste punkta ikkje ville få medhald i. Og det punktet Sogn Avis blei felt på hadde redaktøren hatt møte med kommunen om, og tilbode å trykke ei korrigering. Dette avviste kommunen. Dei gjorde heller ikkje noko anna for å tilbakevise dei feile premissane i artikkelen, noko dei kunne gjort td i form av lesarbrev i avisa. Alt tyder på at no skulle kommunen få sin hevn over Sogn Avis sin artikkelserie om barnevernet, den artikkelserien som PFU understrekar at avisa var i sin fulle rett til å gjere då dei granska og omtale tilhøva i Sogn barnevern. I sin uttale om skriv FPU at det er pressa si oppgåve å beskytte enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømmelsar frå offentlege styresmakter, jf. punkt 1.5 i Vær Varsom-plakaten. PFU skriv altså at Sogn Avis har gjort det meste rett i denne saka når dei avdekkar overgrep mot tilsette i kommunen.

Sist veke stemte kommunestyret i Sogndal ned eit mistillitsforslag mot rådmannen. Det blir sannsynlegvis ikkje siste akt i dokketeateret om korleis kommunen har handsama denne saka. For eit år sidan, under tittelen «Sogndal sine marionettar» skreiv eg at kommunepolitikarar lett kan bli sjåande ut som nikkedokker dersom ikkje denne saka blir rydda opp i, slik at tilliten til Sogndal kommune kan byggjast opp att. Eg skreiv ikkje at dei var nikkedokker. Men på leiarplass laurdag kallar Sogn Avis dei 13 frå AP, SV og SP som stemte ned mistillitsforslaget mot rådmannen nikkedokker som har snudd ryggen til det sosialistiske solidaritetsprisippet. Det er sterke ord.

I ei tid der #metoo dominerer nyhendebiletet kan ein stille spørsmål om dei som har vore varslarar i denne saka har blitt godt teke vare på av Sogndal kommune. Og om arbeidstakarane i Sogn barnevern, som Sogn Avis har avdekka har vore under sterkt psykisk press, trakassering og maktmisbruk over tid har blitt teke godt nok vare på etter dei blei mobba ut av stillingane sine. Har nokon stilt dei spørsmåla? Eller er svara så opplagte at leiinga i Sogndal kommune helst unngår dei? Generalsekretæren i Norsk redaktørforening meiner i alle fall at innbyggjarane i Sogndal kommune bør vere uroa over kommunen si framferd i denne saka, som til no er toppa med eit mislukka hevnforsøk til ein prislapp på 100.000 kroner.

PFU

Utdrag av PFU sin uttale etter Sogndal kommune sin 100.000-kronesklage mot Sogn Avis. Både denne uttalen og kronikken til Arne Jensen, generalsekretær i Norsk redaktørforening, stod på trykk i Sogn Avis 23.12.2017

 

I Sogn ligg også saka om den 12 år gamle jenta som døde i Sogn barnevern si omsorg. Dødsårsaka var truleg epilepsi. Det skjedde etter at både jentas fastlækjar og dei biologiske foreldra hadde gitt bekymringsmelding til Sogn Barnevern fordi dei mistenkte at jenta ikkje blei medisinert då barnevernet hadde ansvar for henne. Kripos var inne i saka, men saka er avslutta i retten pga mangel på bevis.

 

Post Navigation