MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Archive for the tag “#2valg”

Valkampoppvasken

Valkampen er heldigvis snart slutt. Dei fleste er vel no leie av politikarar som ropar i munnen på kvarandre slik at ingen får med seg noko av kva dei meinar. Det vi kjem til å hugse frå denne valkampen er kanskje mest at det blei den skitnaste valkampen nokon hugsar her til lands.

Det er lenge sidan eg blei lei av at Trond Giske og Jonas Gahr Støre omtrent kvar einaste kveld i beste sendetid på radio og fjernsyn snakka om kor dårleg alt går her i landet, og kor mykje dårlegare alt kjem til å bli om ikkje dei får styre landet neste fire åra. Meiningsmålingane viser at det ikkje berre er eg som ikkje ynskjer ein statsminister som satsa heile valkampen på at landet held på å gå til grunne når ikkje han har makt. Å sutre seg gjennom valkampen fungerer dårleg når det annakvar dag kjem statistikk og rapportar om at ting likevel ikkje går så dårleg i Norveg. Å sutre over kor dårleg det går i verdas rikaste land er sjølvsagt ein mislukka valkampstrategi. Men det er ikkje dette som gjer valkampen til den skitnaste vi hugsar. Sutringa til ma Støre og Giske er nokså uskuldig samanlikna med mykje anna.

Det skitnaste i valkampen trudde vi lenge var Listhaug sine mange uttalar bygd på intoleranse og framandfrykt. Framandhat og retorikk som byggjer frykt og trusslar og hatefulle kommentarar på nettet er dessverre på framvekst i Europa. Men denne veka klarte AUF nesten å slå Listhaug i skitne triks. I ein video brukte AUF i Trøndelag så «sterke verkemiddel» at Støre tok sterk avstand frå den. Videoen blei då sletta. Men ifylgje Aftenposten forsvarte AUF-leiar i Trøndelag, Julie I. Hole, videoen. Ho meinar den ikkje var over streken, og at videoen blei sletta fordi dei hadde fått fram dei poenga dei ville ha fram.

Eg vil bruke eit bilde: Lat oss tenkje oss at valkampen var sett saman av koppar og glas, tallerkar og fat, knivar og gaflar og serveringsskeier. Alt slikt treng å bli vaska opp etter bruk. Om det ikkje blir vaska blir det berre meir og meir ureint. Meir og meir uappettitteleg. Meir og meir ekkelt. Meir og meir fråstøytande. Og meir og meir skadeleg for dei som brukar det. Slik er det også med valkampen. Det må vere nokre valkampar sidan nokon har gidda å teke oppvasken. Derfor blir alt ein brukar i valkampen skitnare og skitnare. Det har vorte direkte uappettitteleg; ekkelt. Og det har vorte potensielt skadeleg å bli utsett for det. Det er på tide at nokon tek ein oppvask. Det er ikkje slik veljarane vil ha det i Norveg. Kanskje media vil ha valkampen så konfliktfull og fråstøytande som muleg. Og dei hjelper godt til med å vri og vende på alt når dei intervjuvar politikarane. Dei har gjort seg til ekspertar på å misforstå politikarane med vilje og på manipulerande intervju. Dei skuldar politikarane for å vere uklare, men gjer alt dei kan sjølve for å gjere politikarne sine standpunkt forvridde til det ugjenkjennelege. Debattprogrammet Underhuset på TV2 er snart åleine om å ikkje vri og vende og manipulere slik.

Uansett om du vil stemme på eit parti som ikkje har teke valkampoppvasken på lang tid, eller om du vil stemme på eit parti som har det litt reinare på kjøkenet, så er det viktig å bruke stemmeretten. Om du ikkje stemmer har du heller ingen rett til å kritisere politikarane på noka side i det politiske landskapet. Godt val!

Johannes Eggen Mundal

Post Navigation