MANN MED GREIP

Kommentarar, tekstar og bilde frå Johannes Eggen Mundal. Del gjerne blogginnlegga, men ikkje bruk bilder utan avtale med meg!

Rasisme og mobbing må ikkje sopast under teppet!

«For da står i statistikken, og då må det vera sant…»

Orda er lånt frå Ottar Wiik si «Statistikkvisa», der han med glitrande ironi syng om korleis statistikk kan brukast. Og misbrukast. Eg har lånt desse orda ein gong før, i den føste teksten eg skreiv for denne spalta. Det er over 10 år sidan no. Men Wiik si vise er like sann no som før. Statistikk er ikkje alltid synonymt med fakta. Og statistikk blir ikkje alltid brukt på ein sann måte. Mørketala kan vere store, som det også heiter.

Verken mobbing eller rasisme må sopast under teppet. Det må avslørast som det det er. Dersom det ikkje blir gjort blir det uråd å oppnå eit mobbefritt og rasismefritt samfunn.

Vi er godt starta på 2020, og fleire statistikkar frå 2019 er offentleggjort. Det er særleg eit par statistikkar eg har merka meg. Elevundersøkelsen 2019 viser lite nedgang i mobbing på skulane. Det er alvorleg for det norske samfunnet at 6 prosent av norske elevar blir mobba. Det er eit faktum at mobboffer seinare i livet slit meir med både fysisk og psykisk helse. I programserien Norge bak fasaden på TV2 seier ein psykolog at det er eit tidsspørsmål før det skjer ei skuleskyting i Norge. Han viser til ein skulebrann, der den unge gjerningsmannen slapp fengsel fordi han gjennom heile skuletida hadde blitt mobba utan at dei vaksne på skulen tok det alvorleg; han blei mobba for augene på lærarane utan at lærarane greip inn. For unge, sinte menn, som er øydelagt av mobbing, er det ikkje eit langt steg mellom skulebrann og skuleskyting, hevda psykologen. For å kunne gjere noko mot mobbing er det viktig at ein gjenkjenner mobbing når ein ser det. Å sope det under teppet kan få store konsekvensar.

KevinBellaJasmin

Dei høgreekstreme kreftene som held på å få fotfeste i landet vårt, ofte heia fram av kristne som har misforstått eller misbrukar det kristne menneskesynet, må stoppast!

På Holocaustdagen 27. januar blei det markert at det er 75 år sidan russarane frigjorde Auschwitz-Birkenau. I den samanhengen hevda nestleiaren i Antirasistisk senter, Ervin Kohn, at statistikken som viser at antisemittisme i Norge minkar, er feil. Jødane opplever meir antisemittisme i dag enn for nokre år sidan. Kohn forklarar korleis han meiner det har seg at statistikken ikkje snakkar sant. Det er fordi mange antisemittiske hendingar ikkje blir annerkjent som antisemittisme; blir ikkje gjenkjent som antisemittisme. Kohn illustrerer påstanden med klare antisemittiske haldningar og ordbruk i norsk offentlegheit. Som rapparen som gjentok «fuck jødane» både på konsert og på twitter. Eller ein sketsj på NRK radio, som Kohn meiner var klart antisemittisk, men som ikkje NRK eller PFU gjenkjente som antisemittisme. Rapparen burde vore tiltalt, meiner Kohn. Samehets og islamhets blir dømt i norsk rett. Det har til no ikkje antisemittisme blitt, seier han, og med jødane si historie er det rart at lista ligg høgare når det gjeld jødehat enn anna rasisme. Nokre land i Europa er «jødereine» eller nesten «jødereine» som resultat av antisemittisme, seier han og refererer til Frankrike og Polen. Men Norge er eit bra land for jødar, seier Kohn, sjølv om det er trist at både vaksne og barn her i landet skjuler sin jødiske identitet for å unngå mobbing.

Les om det mest antisemittiske som har stått på trykk i norske aviser sidan førre verdskrigen her.

Verken mobbing eller rasisme må sopast under teppet. Det må avslørast som det det er. Dersom det ikkje blir gjort blir det uråd å oppnå eit mobbefritt og rasismefritt samfunn. Dersom ikkje mobbing og antisemittisme blir gjenkjent som det det er, kan det føre til skuleskytingar og folkemord. Dei høgreekstreme kreftene som held på å få fotfeste i landet vårt, ofte heia fram av kristne som har misforstått eller misbrukar det kristne menneskesynet, må stoppast!

Omtrent denne teksten stod på trykk i spalta Innhogg i Sogn Avis 8. februar 2020.

Andre tekstar om mobbing:
Når læraren mobbar.
Novelle om mobbing og sjølvmord.

Single Post Navigation

Kommenter innlegget